Jubileum 2015

Kulturrådet 50 år 1965 - 2015

Bibliotekstafett

1988: Alltid de andre av Aase Foss Abrahamsen

Any Heggebø ved Vindafjord bibliotek med boka Alltid de andre av Aase Foss Abrahamsen.

Any Heggebø ved Vindafjord bibliotek med boka Alltid de andre av Aase Foss Abrahamsen.

Biblioteksjef ved Vindafjord bibliotek, Any Tordis Heggebø har valt seg ei bok som tek opp kampen om kvinnelikeverdet.

Tittel: Alltid de andre

Forfatter: Aase Foss Abrahamsen

Forlag: Gyldendal norsk forlag

Årstall: 1988

Bibliotek: Vindafjord folkebibliotek

Bibliotekar: Any Tordis Heggebø

Utfordrer: Kjersti Torbjørnsen, biblioteksjef i Aukra kommune

Min først tanke då eg blei utfordra til å delta i denne stafetten til Kulturrådet, var at det vil eg gjerne vera med på.  Med mange år i bibliotekarbeidets teneste, har eg hatt mange av kulturfond-bøkene i nevane. Eg må tilstå at det er mange eg ikkje har lese, men nokre er det jo blitt gjennom åra.  Etter ei kjapp gjennomlesing av listene med kulturfondbøker frå perioden 1988-1989, valde eg ut «Alltid de andre» av Aase Foss Abrahamsen, fordi denne romanen er ein av dei eg hugsar spesielt frå denne perioden.

På slutten av 70-talet og i byrgjinga av 80-åra hadde eg mellom anna lese ein del av Knut Faldbakken og Anne Karin Elstad sine samtidsromanar og nokre av ungdomsromane til Aase Foss Abrahamsen, samt For sterk, Birgitte. Felles for desse tre forfattarane var at dei tok opp tema i bøkene sine som eg lett kunne kjenna meg att i. Oppvaksen som eg var på ein liten industristad på Vestlandet og i vaksen alder busett i ei lita bygd, der bygdekulturen til tider kunne halda sterke grep om kva som var tillate og ikkje tillate for unge jenter og kvinner.

Tema som  kvinnefrigjering og kvinnelikeverd var det kjekt å lesa om. Faldbakken var oppteken av erotisk psykologi og seksuell frigjering og hadde såleis mange innspel til kjønnsrolledebatten på den tida. Elstad var litt «finare i kanten» i sine skildringar, men likevel gode romanar som tok opp kampen om kvinnelikeverdet. Her føyer også forfattarskapen til Aase Foss Abrahamsen seg fint inn saman med romanen For sterk, Birgitte, som er den første av romanane hennar for vaksne. Når lånarane spurde etter Lena-bøkene til Elstad, føreslo eg alltid at dei måtte ta med Faldbakken sin roman Bryllupsreisen og Abrahamsen sin roman om Birgitte for å få litt ulik innfallsvinkel på dette med kvinnefrigjering.

Så gjekk åra, og desse bøkene gjekk vel litt i gløymeboka, men eg hugsar enno den frydefulle forventninga eg hadde då Alltid de andre kom ut i 1988 og som var ei frittståande fortsetjinga av For sterk, Birgitte.

Når har eg funne fram bøkene igjen og skal lesa dei om igjen. Er litt spent på kva eg kjem til å meina om dei. Kampen for kvinnefrigjering og kvinnelikeverd er kanskje ikkje det same i dag som den gongen for tretti år sidan. 

Her kan du lese boka på Bokhylla.no


blog comments powered by Disqus