Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

BIT20: Fabula Grande

Foto: BIT20/Barn i Byen v/Siri Breistein Foto: BIT20/Barn i Byen v/Siri Breistein Foto: BIT20/Barn i Byen v/Siri Breistein Foto: BIT20/Sydvesten v/Jon V. Eikeland Foto: BIT20/Sydvesten v/Jon V. Eikeland Foto: BIT20/Sydvesten v/Jon V. Eikeland Foto: BIT20/Sydvesten v/Jon V. Eikeland Foto: BIT20/Sydvesten v/Jon V. Eikeland Foto: BIT20/Sydvesten v/Jon V. Eikeland

BIT20 arrangerer familiekonsert med nyskrive verk av Torstein Aagaard-Nilsen.

Arbeidstittel: Fabula Grande
Framføringsdato: 19. september 2015
Arena: Grieghallen
Medverkande: BIT20 Ensemble og barn (utøvarar og komponistar)
Dirigent: Trond Madsen
Serie: Familekonsert i regi av Bergen filharmoniske orkester
Hjemmeside: bit.no

Om prosjektet

Frå januar 2014 starta BIT20 Ensemble sitt utviklingsprosjekt for formidling av samtidsmusikk for barn og unge. Ole André Farstad, med erfaring som komponist og workshopleiar i BIT20 sitt komposisjonsprosjekt "Vi komponerer", samt utdanning i kunstnerisk formidling frå Guildhall, blei engasjert som fagleg leiar for prosjektet på deltid.

"Fabula Grande": En familiekonsert med BIT20 og barn fra Haugland skule

Bakgrunnen for prosjektet var at ensemblet gjennom nesten 20 år har jobba med formidling for barn gjennom komposisjonsprosjektet "Vi komponerer." Dette har vore eit tilbod til born i Bergensskulane gjennom Den kulturelle skulesekken. Metoden som har vore brukt har vore meir eller mindre uendra gjennom desse 20 åra, og det var eit sterkt ynskje frå ensemblet si side å bli endå betre i dette formidlingsarbeidet. I tillegg til å gjera opp status og å utvikla nye metodar i komposisjonsprosjektet, ynskte BIT20 å utvida formidlingsverksemda.

Eit mål er at fleire barn og unge kan få førstehandskjennskap til samtidsmusikk og kreativ skaping gjennom å delta som aktørar i våre prosjekt. I tillegg ynskjer me å utvikla skreddarsydde konsertførestillingar med barn og unge som publikumsmålgruppe.

Utviklingsprosjektet er støtta av KUP (kulturelt utviklingsprogram/Hordland fylke) gjennom tre år (2014-16), og Kunstløftet/Norsk kulturråd gjennom to år (2014-15). Avslutningsprosjektet, familiekonserten Fabula Grande (arbeidstittel), markerer målet for Kunstløftet-prosjektet vårt, og det integrerer hovudtrekka frå utviklingsprosjektet så langt som me då er komne. Under vert planane for konsertførestillinga skissert i meir detalj, samt at komponisten fortel om sine tankar rundt prosjektet til slutt.

Involvering av barn – eit viktig aspekt!

- Komponist Torstein Aagaard-Nilsen observerer alle skuleprosjekta (Vi komponerer) gjennom skuleåret 2014/15 og integrerer materiale frå desse i sin komposisjon.
- I tillegg vert det lagt opp til at barn/ein skuleklasse deltek i sjølve prosjektveka opp mot konsertførestillinga som komponistar og utøvarar av enkelte delar av verket i førestillinga.
- Aagaard-Nilsen brukar to hovudelement frå utviklingsprosjektet – den faglege innhaldsutviklinga som har føregått i kalenderåret 2014 – heimelaga instrumentarium (oppmikka) og ipad-komponering/framføring.   

Høgt kunstnarleg nivå

- Dirigent, komponist og fagleg leiar for barn og unge utgjer ei kunstnerisk prosjektgruppe. Dei tre skal vera faglege garantistar for at familieførestillinga får eit høgt kunstnarleg nivå i alle ledd – komposisjon, integrering av barn som komponistar og utøvarar, formidling, bruk av elektronikk og visualisering med meir.

Digitale verktøy

- BEK utviklar ein ny komposisjonsapp for iPad i samarbeid med BIT20.
- Det er eit mål å få inn utdrag/bitar av Torstein Aagaard-Nilsen sin komposisjon som materiale i denne appen, slik at dette kan brukast som materiale for omkomponering og live-prosessering på konserten, i tillegg til å vera eit komposisjonsprogram som skal brukast i skulane, samt at det skal bli nedlastbart for alle som ynskjer å eksperimentera med kompoisjon heime, eller i skulesamanheng.

Preproduksjonar

- Komposisjonsverkstad og instrumentmakarverkstad på Bergen offentlege bibliotek vinter/vår 2015. I samarbeid med nyMusikk Bergen, Avgarde og UNG læring-prosjektet ved biblioteket. 
- Førestillinga "Den magiske lydgrotten" på Barnas kulturhus i Bergen 11. april 2015. I denne førestillinga skal publikum (barn) vera med å komponera musikk i løpet av førestillinga. Her vert nye moment, basert på erfaringane frå "Lydfabrikken" i januar 2014 og metodar frå komposisjonsprosjekta i skulen og testa ut. Materialet vert meir avgrensa og ferdigstilt på førehand enn dei veldig prosessorienterte komposisjonsvekene i skulen, men publikum skal få ei deltakarerfaring som forsterkar den kunstneriske profesjonelle opplevinga. 

Komposisjonsverkstad på biblioteket >>
Den magiske lydgrotten >>
 

Publikum som aktive deltakarar og utforskarar/oppdagelsesreisande i lydforming

- Det kan vera aktuelt med verkstader ute i foajéen før/etter konsertførestillinga, t.d. testa ut heimelaga instrument frå workshopane på biblioteket åren 2015, samt gjenbruk av materiale frå førestillinga "Den magiske lydgrotten".
 
Førestillinga er tenkt opna med ein lydinstallasjon av skulegårdslydar/føreinnspelte lydar av borna i aksjon under prosjektveker i 2014/15. Dette kjem til å gå frå dørene opnast til førestillinga er i gong.

Førestillinga krev både elektronikk/lydanlegg/oppmikking og eit visuelt aspekt utover musikarar/born som deltek. Dette skal konretiserast gjennom våren 2015.

Komponist Torstein Aagaard-Nilsen om komposisjonsprosessen

Jeg har skissert opp en tidslinje på i alt 10 små satser der to av satsene  (de lengste, som utgjør hovedtyngden av verket) er tutti-satser, mens de øvrige 8 er solo eller soli.
 
Barna var opprinnelig tiltenkt komponistrolle. Jeg har utvidet denne til også å benytte dem som utøvere. Det er nettopp slik klasseromskomposisjonene blir til: De improviserer frem et stykke musikk, som en lydformingsoppgave, der de også utøver selv.
 
Jeg har gjennom mange år et nært forhold til BIT20 Ensembles komposisjonprosjekt "Vi komponerer". Jeg har selv vært komponist og workshopleder ute i skolene i ukesprosjekter. Denne høsten (H_14) har jeg bare observert. Noe av det som har inspirert meg mest denne gangen er to nye elementer som er utviklet i løpet av 2014: hjemmelagede instrumenter og digitale verktøy. De hjemmelagde instrumentene har tilført komposisjonene en ny dimensjon og erstattet mange av de tradisjonelle Orff-instrumentene, som gjerne har vært brukt en del tidligere fordi det er det instrumentariet skolene besitter. Kontaktmikrofoner på hjemmelagde instrumenter sørger også for at de svakeste lydkildene både høres i samspillet, og tidvis omformes mye.
Og like viktig har BIT20s komposisjons-APP, utviklet for iPad, vært. Et lite iPad-ensemble har vært et spennende tilskudd. De hjemmelagede instrumentenes enkelhelt, ja primitive konstruksjoner, satt opp mot nyeste teknologi.
 
I Fabula Grande vil jeg derfor skrive inn stemmer i partituret som skal dekkes av barn.
Jeg har valgt å ikke bruke en enkelt klasse som komponister av verket, men å basere komposisjonen på materiale innhentet fra alle skoleprosjektene i skoleåret 2014/15, samt å bruke noen færre barn som skapende utøvere i selve konsertframføringen. For å lage en familekonsert på opp i mot 45 min., kreves det at min rolle som komponist og kreativt sentrum er tydelig. En viktig oppgave, parallelt med neste fase av komposisjonsarbeidet mitt, er å finne ut rent praktisk og konkret hvordan jeg involverer barna.
 

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>