Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Ei kunstverd for born

Foto: Liv Holmstrøm Foto: Liv Holmstrøm Svein Nyhus formidlar til interesserte barnehageborn. Foto: Liv Holmstrøm Utstillingsopning. Foto: Liv Holmstrøm Utstillingsopning. Foto: Liv Holmstrøm Utstillingsopning. Foto: Liv Holmstrøm Utstillingsopning. Foto: Liv Holmstrøm Utstillingsopning. Foto: Liv Holmstrøm Utstillingsopning. Foto: Liv Holmstrøm Utstillingsopning. Foto: Liv Holmstrøm Utstillingsopning. Foto: Liv Holmstrøm

Utstilling om barnebokillustrasjonar.

Ei kunstverd for born var eit samarbeid mellom Voss kunstlag og Voss bibliotek. 
Me vil ta utgangspunkt i illustrasjonane i ei biletbok. Illustrasjonane i biletbøkene er med å skape historia og illustratøren er vel så viktig som forfattaren når det gjeld å fortelje historia.
 
Dei 16 illustrasjonane i biletboka Snill av Gro Dahle og Svein Nyhus vart forstørra slik at dei vart ein meter høge. Me fekk bygd ein rom ved hjelp av lettveggar og hang bileta langs veggane. Tanken var at utstillinga skulle vera på høgd med borna.  Ungane skulle få tre inn i ei eiga verd når dei gjekk inn i rommet, dei gjekk inn i boka. Dei vaksne måtte huke seg ned og koma på same høgd som borna for å sjå utstillinga. 
 
Me inviterte Svein Nyhus til biblioteket for å snakka om boka og teikningane sine. Alle barnehagane på Voss fekk tilbod om å delta i formidlingsopplegget. Nyhus deltok også på opninga av utstillinga.
 
Her er nokre av tilbakemeldingane me fekk frå barnehagane:
Kjekt å sjå når Svein teikna. Dette vart stor inspirasjon for borna. I etterkant har borna teikna mykje. Me har og laga utstilling i barnehagen med teikningar av ulike ansiktsutrykk, slik Svein lærte oss.
 
Var ei veldig kjekk stund. God oppleving. Flink å «fange» borna hadde deira fokus under heile økta. Flott tillaga med fine store bilde, godt med avgrensa rom.
 
Dette vil me vera med på fleire gonger. Takk for ein super dag!!!
 
Det var eit godt tilbod for borna. God forteljarevne og innlevelse. Rett innhald i forhold til alder og modning hjå borna. Nøgd med måten utstillinga var organisert på, store bilder. Borna kom nært bilda og historia.

Omtale i Hordaland, side 1 >>
Omtale i Hordaland, side 2 >>

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>