Jubileum 2015

Kulturrådet 50 år 1965 - 2015

Aktuelt

Eit eige rom er lansert

- Vi er omdiskutert, og både vil og skal vere det i framtida også, seier rådsleiar Ynge Slettholm.

Den nye, uavhengige boka om Kulturrådets historie, "Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965 – 2015" blir lansert på Litteraturhuset i Oslo i dag 3. november. Det er Det Norske Samlaget som lanserer boka.  

Norsk kulturråd har alltid vore kontroversielt fordi det er blitt plassert midt i krysselden for nokre av dei mest grunnleggande motsetnadene i det norske samfunnet, skriv forlaget om boka.  - Motsetnaden mellom elitekultur og folkekultur, mellom by og land, mellom ekspertar og folkevalde, mellom kunstens fridom og dei politiske krava til kunsten. Historia om Norsk kulturråd er derfor samstundes ei historie om framvoksteren av det moderne Noreg.

- Boka får godt fram hovudideen om Kulturrådet, seier rådsleiar Yngve Slettholm. - Staten gjev myndigheit og offentlege pengar til ei ekspertgruppe som ikkje fordeler demokratisk, men etter kvalitetsvurderingar og kunstnarisk skjønn. Dette skapar mykje diskusjon. Ein må hugse på at det ikkje er ei rettigheit å få støtte frå Kulturfondet. Berre dei beste får og vi må prioritere blant mange gode prosjekt, seier Slettholm.

Fidjestøl dreg i boka linene frå 1959, då den første ideen til Kulturrådet kom, til i dag. Han skisserer fire fasar i Kulturrådets historie. Frå 1965 gjaldt det å verne om og styrke norsk høgkultur. På 70-talet handla mykje om det utvida kulturomgrepet, å støtte folks eigenaktivitet og få folket med. På 80- og 90-talet var fokuset på kva kultur kunne brukast til, til dømes korleis kultur kunne brukast for å fremje helse og sysselsetjing. I dag handlar det om å vise mangfald og leggje til rette for ny kunst og stimulere til forskjellige kulturelle ytringar i det nye Noreg.

- Fidjestøl gjev ei interessant skissering av fire fasar i Kulturrådets historie. Det er mange tema og dilemma som stadig går igjen, til dømes forholdet mellom kunstens fridom og dei politiske krava til kunsten, mellom forvalting og autonom institusjon. Dette er forhold vi både diskuterer og balanserer til dagleg, seier fungerande direktør i Kulturrådet, Vibeke Mohr.

Alfred Fidjestøl skal også presentere boka på Kulturrådets jubileumskonferanse i Harstad 4.november. Konferansen Inn til kjernen – om verdien av kunst og kultur vert strøyma via våre nettsider.

Les Samlagets pressemelding


blog comments powered by Disqus