Jubileum 2015

Kulturrådet 50 år 1965 - 2015

Prosjekter gjennom 50 år

Kunstnarstyrte visningsstader

Frå Vilde Salhus Røeds utstillingsopning på Entrée i 2013. Foto: Randi Grov Berger Oliver Laric Yuanmingyuan Columns, Entrée 2014. Foto: Bent René Synnevåg Terence Koh. Entrée, 2014. Foto: Randi Grov Berger Terence Koh. Entrée, 2014. Foto: Bent René Synnevåg

Bak store vindauge i Nøstegaten i Bergen finn du visningsrommet Entrée, eit av fem som har fått støtte frå Kulturrådets prøveordning for kunstnarstyrte visningsstader.

Randi Grov Berger og Cato Løland var to nyutdanna kunstnarar frå høvesvis Konstfack i Stockholm og Kunst- og Designhøgskolen i Bergen. Ein dag i 2009 kom dei over lokalet i Nøstegaten 42 og bestemte seg for å leige det som eit alternativ til dei to ateliera dei hadde den gongen. Husleiga var rimeleg, noko som gjorde utslaget for at dei kunne starte utan særleg startkapital.

–  Vi var aldri styrt av kommersielle interesser, seier Berger. - Målet var å lage eit visningsrom kor nyutdanna og nyetablerte kunstnarar kunne jobbe fram nye prosjekt og kome saman og sjå kunst av kollegaer, og samtidig fungere som eit springbrett til utstillingar i inn- og utland for desse kunstnarane.

Dermed blei namnet Entrée. Dei to blei overvelda av den positive mottakinga frå kunstfeltet i Bergen, og året etter fekk dei som ein av fem visningsstader i Noreg treårig støtte frå Kulturrådets prøveordning for kunstnarstyrte visningsstader.

- Det tok litt av, seier Berger.

Løland hoppa etterkvart av for å arbeide på heiltid med eigen kunst, medan Berger framleis driv galleriet ved sida av andre oppdrag som kurator.

Ho meiner det ikkje nødvendigvis er nokre likskapstrekk mellom dei ulike kunstnarstyrte visningsstadene i Noreg.

- Det er sikkert like store forskjellar mellom dei kunstnarstyrte visningsstadene i Noreg som det er mellom eit av desse og ein større institusjon, meiner Berger.

Kunstnarstyre visningsstader – ei lang historie

Kunstnarstyrte visningsstader er ikkje noko nytt i Noreg, fortel Birgit Bærøe, seksjonsleiar for Visuell kunst i Kulturrådet, men dei kunstnarstyrte visningsstadene har fått ein stadig tydlegare og meir sentral plass i utviklinga av det visuelle kunstfeltet i Noreg det siste tiåret.

Allereie i 1910 blei Kunstnarforbundet etablert, medan Kunstnernes Hus starta opp i 1930. Utover på 70- og 80-talet blei dei regionale kunstnarsentera etablerte med støtte frå Kulturrådet. Utviklinga skaut fart på 1990- og 2000-talet med mellom anna Willy Wonka Inc, Bastard, Atopia, Galleri Blunk og mange fleire.

Som ei følgje av denne utviklinga kom Unge Kunstneres Samfund med eit initiativ til Kulturdepartementet i 2009. Organisasjonen foreslo å etablere ei tilskotsordning på 10 millionar kroner til 10 kunstnardrivne visningsstader. Målet var å styrke og profesjonalisere visningsstadene i etableringsfasen.

Kulturdepartementet var positive og plasserte tilskotsordninga innanfor Kulturrådets avsetjing for biletkunst og kunsthandverk. Kulturrådet utforma i samarbeid med Unge Kunstneres Samfund ei prøveordning og løyvde til saman 5,3 millionar kroner over tre år.

Etter utlysinga i 2010 fekk fem av 38 søkjarar tilskot. Mottakarane fordelte seg med to i Tromsø, to i Oslo og Entrée i Bergen.

Ved tildelingane i 2010 sa rådsmedlem Solveig Øvstebø at den store søknadsmengda viste at det var eit stort behov for denne prøveordninga. Kunstnarstyrte visningsstader var ein viktig arena for norsk kunst, der særleg nyetablerte kunstnarar kunne vise fram arbeidet sitt. I og med at mange av visningsstadene var prega av frivillig innsats og dugnadsarbeid, var det behov for å styrke og profesjonalisere drifta av desse i ein etableringsfase.

- Kulturrådets prøveordning er et viktig reiskap for å vidareutvikle kompetansen som eksisterer på scenen, sa Øvstebø.

Linus Elmes, dåverande direktør for Unge Kunstneres Samfund var også positiv til prøveordninga. Han meinte at kunstnarstyrte visningsstader hadde potensiale for å endre heile kunstfeltet og gjere villkåra for ein heil generasjon med kunstnarar betre.

Støtteordninga essensiell for drifta av Entrée

For Entrée har støtteordninga vore viktig.

- Prøveordninga for kunstnarstyrte visningsstader har vore heilt essensiell for drifta av Entrée, meiner Berger. - Utan denne støtta er det 33 kunstnarar som ikkje ville ha hatt ei av sine første soloutstillingar i Bergen. Vi ville heller ikkje hatt 17 duo- og gruppeutstillingane eller utanfor-prosjekta i inn- og utland vi har gjort sidan 2009.

Det ho set aller mest pris på ved ordninga er føreseielegheita.

- Det å i første omgang få vere ein del av pilotprosjektet med ei treårig støtte gjorde at vi kunne satse profesjonelt.  Som konsekvens av denne ordninga får vi betre visningsarenaer og eit meir mangfaldig kunstfelt. Vi opplever at kunstnarar vi stiller ut, og i nokre tilfelle også heile utstillingar vi har produsert, blir inviterte til større institusjonar. Ingenting er betre enn dette. Vi kan vere eit springbrett for dei nyutdanna, men også ein friplass for dei meir etablerte kunstnarane.

Erfaringane så langt

For Berger inneber jobben i tillegg til å vere kurator å vere montør, assistent, kommunikasjonsansvarleg, utstillingsguide, gallerist og ikkje minst produsent. Oppgåvene inneber mykje arbeid med søknader, rapportar og rekneskap.

- Vi var veldig naive i forhold til kva som venta oss av arbeid med å drive ein eigen visningsstad, og hadde kanskje tenkt oss betre om hadde vi visst dette, seier Berger i dag.

- Mykje tid har gått med på å etablere seg og lære om ting som rekneskap, organisasjonsformer og papirarbeid. Etter kvart som dette har blitt meir oversiktleg har meir tid blitt frigjort til å arbeide meir tett med kunstnarane og med dei ideane som var utgangpunktet for å starte prosjektet.

Besøkstala ha lagt på rundt 300 for kvar utstilling på Entrée og fleire ser utstillinga gjennom dei store vindauga i Nøstegaten eller følgjer med på nett.

- Drifta har gått rundt på grunn av lave lønskostnader og fram til no ei lav husleige, seier Berger.

Ny støtteordning 

På rådsmøtet i mars blei det bestemt at Kulturrådet skal opprette ei ny arrangørstøtteordning for kunstnarstyrte visningsstader og kunstfestivalar.

Den nye ordninga skal ha som hensikt å sikre ei føreseieleg og langsiktig finansiering i form av støtte til programmering og tidsavgrensa drift.

Søknadsfristen blir 2. juni i 2015.

Qua vadis Entrée?

På Entrée går leigekontrakten i lokala på Nøstet ut i juni og dei driv no og monterer den siste utstillinga i dei noverande lokala. Utstillarane er den kanadiske duoen Lewis & Taggart som utdanna seg i Bergen for nokre år sidan og har blitt der etterpå.

Berger understrekar at ho håpar å få halde fram med Entrée sjølv om husleigene i Bergen sentrum ligg på det firdoble av det dei har betalt til no. Dei er i dialog med huseigarar om potensielle nye lokale og tar sikte på innflytting på sein-hausten.

- Vi kjem til å søkje om fortsatt støtte frå både Kulturrådet og Bergen kommune, og håpar å bli prioritert på bakgrunn av kva vi har fått til så langt, seier ho.

Meir informasjon

Entrée

Unge Kunstneres Samfunds Håndbok for kunstnerdrevne visningsprosjekter 

5,3 millionar til kunstnardrevne visningssteder

 


blog comments powered by Disqus