Jubileum 2015

Kulturrådet 50 år 1965 - 2015

Prosjekter gjennom 50 år

Ode til lyset

Detalj av Ode til lyset. Foto: Hege-Beate Lindemark/BONO

Detalj av Ode til lyset. Foto: Hege-Beate Lindemark/BONO

Ein lydskulptur for svaksynte var eit av dei første store prosjekta Kulturrådet støtta. Svært logisk, gitt Kulturrådet føremålsparagraf om å gje flest mogleg tilgang til kulturgoda.

Sør for Sarpsborg, i Skjeberg kommune, ligg garden Storedal. Han ligg ope til, omgjeven av bølgjande kornåkrar og åsar.  I det flate landskapet er det lett å få auge på to svarte, bua søyler med eit metallspir i mellom. Spiret strekkjer seg 19,5 meter opp i lufta. Rundt søylene er det fletta ein slags metallkrans. Kjem du nærare vil du høyre elektronisk musikk. Har du kunnskap om musikk vil du kanskje høyre at Arne Norheim er komponisten. Dette er lydskulpturen «Ode til lyset», ei av Kulturrådets første store satsingar på kunst for alle.

Erling Stordahl

Erling Stordahl blei fødd i 1923. Han var fødd med grøn stær, og blei heilt blind i 13-årsalderen. Stordahl overtok Storedal frå faren i 1957, var bonde og musikar, mellom anna noregsmeister i trekkspel som 15-åring. Han var likevel kanskje mest kjent for å kjempe for svaksynte sine rettar i Noreg og grunnleggjar av Riddarrennet på Beitostølen. Han fekk og Kulturrådets ærespris i 1981.

Erling Stordahl framfor Ode til lyset. Foto: Øyvind Lågbu

Litt mindre kjent er det at han også lagde eit kultursenter på Storedal. Den norske kongen Magnus Blinde skal, i følgje Snorre, blitt fødd på Storedal i 1117. Han blei mishandla og blinda av fienden og døydde seinare med eit spyd gjennom hjarta. Stordahl var heile livet oppteken av denne kongen og begynte tidleg på 60-talet å planleggje eit monument over han. Til å begynne med var tanken å lage ein bautastein, men etter kvart vaks det fram ein visjon om noko større.

«Her skal et monument stige som et jærtegn mot himmelen og symbolisere den evige kampen mellom mørke og lyse krefter i menneskets sinn», sa han då han presenterte prosjektet for kommunestyret i Skjeberg. Eit amfiteater  og ein blindehage skulle også kome på garden. Det skulle bli eit kultur- og undervisningssenter for blinde. Kultursenteret skulle vere for alle, men var spesielt tilrettelagt for svaksynte.

Stordahl sette ned ei gruppe som skulle vurdere prosjektet. Med i gruppa var også venen og lækjaren Otto Johansen. Han har skildra arbeidet med statuen i boka «Ridderspranget. Erling Stordahl og hans verden».

Du kan lese heile boka i Bokhylla.no.

Ekko

For å få gjennomført prosjektet kontakta Stordahl den kjende bilethoggaren Arnold Haukeland. Haukeland var kjent som ein av dei fremste eksponentane for abstrakt skulptur i Noreg i etterkrigstida.

Haukeland sleit lenge med å bestemme seg for forma monumentet skulle få. Han kom etter kvart opp med eit forslag om ein sokkel som skulle skildre Magnus Blindes liv og død gjennom relieff. Opp av sokkelen skulle det stikke eit spyd. Blinde og svaksynte skulle kunne få med seg historia til Magnus Blinde gjennom å ta på relieffa. Relieffa forsvann og det tok mange møte og diskusjonar før Haukeland nærma seg det uttrykket skulpturen har i dag.

Ein utløysande faktor var Haukelands mange møte med Stordahl. Han forsto etter kvart som tida gjekk kor stor rolle lyd spelte for Stordahl. Når han bevega seg innandørs knipsa han ofte med fingrane. Haukeland spurte kvifor og fekk til svar at det var for å orientere seg, ekkoet hjelpte han å finne vegen. Dermed fekk Haukeland ideen til også å ha med lyd i skulpturen. Han kontakta komponisten Arne Nordheim som sa seg villig til å bli med. To av dei fremste modernistane i Noreg var dermed med på laget.

«Meget kostbar»

Johansen skriv om det første møtet med Kulturrådet: «Lydskulpturen til Haukeland og Nordheim viser seg å bli meget kostbar. Det er nødvendig å søke Kulturrådet om støtte.»

Ode til lyset. Foto: Espen Nordenhaug .

Heilt frå byrjinga var ein viktig del av formålsparagrafen til Norsk kulturråd å arbeide for at flest mogleg skulle få del i kulturgoda. Dermed var kunst og kultur til blinde og svaksynte godt innanfor det pengane skulle løyvast til. Men det skulle ikkje vere så lett å få støtte likevel.

«Erling kontakter alle medlemmer av Kulturrådet. Han får vite at når det gjelder bildende kunst er Håkon Stenstadvolds ord nokså avgjørende i rådet. Haukeland knurrer da han får høre at utkastet dermed må godkjennes av kunstmaler Stenstadvold. De har åpenbart så forskjellige syn, det er tydelig å merke at avstanden er stor, enda de nesten er naboer.»

Møte med Kulturrådet

Etter ein del fram og tilbake kjem Håkon Stenstadvold på vitjing i atelieret til Haukeland for å vurdere kunstnarens utkast til skulptur. Han er ikkje nådig. Om dei figurative relieffa som skulle skildre Magnus Blindes liv var dommen nådelaus:  «- Det er pent, men ikke noe originalt, det ligner for meget på Munthes tegninger. Kulturrådet kan ikke bevilge til slike tradisjonelle arbeider». Han var ikkje meir imponert over utkastet til skulptur: «- Den er ikke god nok, den balanserer på ingen måte godt. Du må finne på noe bedre!»

Haukeland blei sur, men Stordahl sette i å le, lenge, før han konkluderte:  «Jeg forstår det slik at Kulturrådet er positivt innstilt og at du har tro på Haukeland. Vi må samles her igjen meget snart, og da vil Arnold være kommet lenger med utkastet.»

Det skulle ta ei tid før Stenstadvold kunne kome ned i atelieret igjen. 31. mai 1966 var han igjen på vitjing, og denne gongen var  komponisten Arne Nordheim der og. Haukeland hadde endra utkastet sitt fundamentalt – vekk var alt som smakte av figurative relieff, tilbake sto berre ein abstrakt skulptur.

Dette fall betre i smak hjå kulturrådsmedlemmen. «Ja, dette ser bra ut, det står godt i landskapet. Jeg visste du ville klare det, bare du kjempet lenge nok med oppgaven!»

Haukeland set i følgje forfattaren ikkje særleg pris på Stenstadvolds ros og faglege vurderingar, men overlet i staden ordet til Nordheim. Komponisten forklarer korleis musikken er spelt inn og at to spor vil føre til at ein aldri vil høyre det same musikkstykket. I tillegg skal det skal monterast fotoceller på kvar av dei 24 høgtalarar på statuen. Dess meir lys som skin på cellene jo kraftigare blir lyden. Dermed vil lyden flytte seg etter kvart som sola skin på ulike deler av statuen.

Også det synest Stenstadvold tydelegvis er bra nok, for før han går seier han: «- Mine herrer, sett opp en skikkelig ansøkning til Kulturrådet. Vi har møte 15. juni.»

15 dagar må ha vore kort tid å skrive og behandle søknaden på, men søknadsprosessen må ha gått bra. Storedalsstiftinga fekk til saman 340 000 kroner frå Kulturrådet til ein «lydskulptur av kunstnerne Arnold Haukeland og Arne Nordheim». Dette ville etter dagens kronekurs tilsvara cirka 3,2 millionar kroner, altså ein ganske stor sum både då og i dag. Skulpturen sto ferdig til opninga 1. oktober 1968.

Dufthage med skulptur

I dag står skulpturen framleis i hagen på Storedal. Hege-Beate Lindemark er tilsett på Østfoldmuset, som Storedalstiftinga er ein del av. Ho og ein gartnar deler på ein 80 prosents stilling på senteret. Lydskulpturen er unik i nasjonal og internasjonal samanheng, meiner ho.

Ode til lyset er omringa av dufthagen på Storedal kultursenter. Foto: Hege-Beate Lindemark

- Folk frå heile verda kjem for å sjå på han. Om sommaren kjem det bussar med både norske og utanlandske turistar, særleg tyske. I 2013 var det i underkant av 3000 menneske innom anlegget.

Men på vinteren er det stille på Storedal, både når det gjeld besøk og lyd. Lydanlegget blir skrudd av i oktober og på igjen i mai. I byrjinga var musikken på heile døgnet, men for at det ikkje skulle gå ut over nattesøvnen til naboane har ein begynt å slå han av klokka 20.00.

Treng restaurering

Statuen er i ganske dårleg forfatning etter nesten femti år i ver og vind, og treng sårt til vedlikehald.

- Det har vore fleire restaureringar tidlegare, men dei har ikkje vore særleg vellukka. I 2010 merka vi at det begynte å piple ut rustveske frå statuen. Ein grundig gjennomgang i 2012 tyda på at dreneringssystemet rundt statuen var tett og at han dermed sto i vatn, seier Lindemark.

Ho har no sett i gang eit arbeid for å restaurere «Ode til lyset» og prøver å finne dyktige fagfolk som kan ta på seg oppdraget. I same slengen vil ho og ta for seg lydanlegget. Det er mellom anna sårbart for lynnedslag og seinast i sommar stilna dei 24 høgtalarane i fleire veker etter at lynet hadde slått ned.

- Problemet, seier Lindemark, er at det berre er ein person i Noreg som har kunnskap om dataprogrammet som styrer lyden.

Det er Sigurd Saue, førsteamanuensis ved NTNU i Trondheim. I 1995 lagde han dataprogrammet som køyrer musikken. Kvar gong det stoppar må han kome frå Trondheim for å fikse det. Håpet er å lage det meir robust enn det er i dag. I same slengen vil Lindemark gjerne få med meir av musikken til Nordheim. Alt fekk nemleg ikkje plass i 1968, men opptaka finst og kan koplast til i dag.

Lindemarks nyttårsønske er dermed midlar til å restaurere «Ode til lyset» med. Eit av Noregs mest særemerka kunstverk fortener minst femti år til.

Storedal kultursenter. Foto: Espen Nordenhaug.

 

Meir informasjon


blog comments powered by Disqus