Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Konkret magi i biblioteket

Foto: www.bendiksen.no

Foto: www.bendiksen.no

"Eg lar meg og inspirere av born sin måte å fortelle på, det assossiative og fragmenterte, slik at det nesten høyres ut som dei fortel frå noko dei har drøymt," seier scenekunstnar Claire de Wangen om sitt prosjekt Deichmanns komplott.

I oktober månad når haustmørkret begynner å snuse på vintermørket vil mystiske ting begynne å skje mellom bokhyllene på det deichmanske bibliotek på Schous plass i Oslo, i det scenekunstnar Claire de Wangens prosjekt Deichmanns komplott begynner leve ut sitt liv i bygget, i form av ei omvisning utanom det vanlege.

- Det starta nærast på intuisjon med ein idé om dette huset som ein stad kor det ville vere interessant å ta heile bygget i bruk, fortel de Wangen, som har fått støtte frå Kunstløftet og Oslo kommune for prosjektet som i hovudsak retter seg mot ei publikumsgruppe av barnehageborn i alderen 3-6 år.
 
Eg møter Claire, som er midt i utviklingsprosessen av prosjektet, i barneavdelingen på Grünerløkka-filialen av deichmanske bibliotek, medan hennar tre medarbeidarar og skodespelarar er i gang med improvisasjonsøvingar i etasjen over kor det populære Serieteket har sine rom. 
 
Bygget med sine tre etasjar (1., 2., samt ein kjellar som ikkje er i offentleg bruk) blei reist i 1914 og var det første i Norge som blei bygd spesielt for å vera bibliotek. Som offentleg bibliotek på Oslos austkant har det fått ein viktig funksjon som kunnskaps- og kreativ base både for born og ungdom spesielt, og ikkje minst for ein aukande andel publikum med bakgrunn i andre språk og kulturar enn den norske. 
 
Når eg spør kva som førte Claire inn på tanken til å gjere eit prosjekt nettopp her, kjem me raskt inn på emnet som er hennar spesialfelt, nemleg å arbeide med det stadsspesifikke som metode for sceniske uttrykk. Med bakgrunn frå skodespelarlinja ved Scenekunstakademiet i Fredrikstad, har ho sidan avgangsprosjektet sitt i 2001 fokusert på å arbeide med utgangspunkt i nettopp dette, og ikkje med minst med mål om å nyansere kva å arbeide utfrå det stadsspesifikke består i.

- Det kan vere å arbeide på eit relasjonsbasert eller situasjonsbasert plan, for eksempel. Ein må vite kva nivå ein går inn på når ein tek utgangspunkt i å jobbe med stad, eller ha med seg eit opent spørsmål om kva ein stad kan vere, idet ein går inn. I mitt arbeid har det stadsspesifikke utvikla seg frå å fungere som formalt redskap til å vera vel så mykje eit redskap for fortolking og undersøking i historiar om identitet som knytter seg til ulike stader
 
Det handlar slik om å bruke konteksten som grunnlag for førestillinga, heller enn å finne eit rom som skal tilretteleggjast for kunstnarisk bruk. Det handlar dermed og om å utvikle eit uttrykk som rører seg i to dimensjonar som fungerer etter kvar sine reglar, men som likevel inngår i kvarandre, og Claire utelukker heller ikkje det fiksjonsbaserte som ein del av arbeidsmetoden sin:

- Jo, eg skapar jo eit fiksjonslag som driv konseptet i møte med rommet, men poenget er jo at det ikkje skal framstå som eit reint teatralt rom, adskilt frå verkelegheita som ligg i omgivelsane. Det er difor essensielt for prosjeketet at biblioteket er opent og i sitt normale gjenge, meda førestillinga går som ei slags teatralisert omvisning gjennom biblioteket og dels blander seg med den "verkelege" verda, dels skapar sitt eige fiktive univers.
 
Claire understreker at ho må bruk hermeteikn når ho skal bruke ordet "verkeleg" for å beskrive det som skjer i rommet rundt det ho sjølv bringer inn og iscenesett, ettersom det heile jo er snakk om å presentere ulike lag og innfallsvinklar til kva det verkelege kan vere, heller enn kva det er. - Det blir jo eit poeng som står i forlengelse av bibliotekets blanding av å vera eit ordna og katalogisert kunnskapsunivers, og samstundes eit rom som minner om mangfaldet av mulige koplingar, rekkjefølgjer og relasjonar som kan skapast mellom havet av forteljingar, fakta og fantasihistoriar som her er samla under same tak. Me beveger oss opp ein etasje til Serieteket kor dei tre skodespelarane er i full sving med utkast til ei scene. Det dreier seg visst om magisk realisme, og det oppstår og ein flytande overgang mellom verda utanfor og innanfor bokpermane i det som utspelar seg ved hjelp av enkle lydeffektar, og ein dramaturgi som tek bøkene og biblioteksbesøket som sitt utgangspunkt.

- Eg pleier å forklare det som ei øving i å forholde seg til det konkrete og fiktive samstundes: real place, invented space som eg kallar det i mitt teoretiske bakgrunnsarbeid. 
 
Foto: www.bendiksen.no 
 
Konkret stad, oppfunne rom – slik sett ei grunnlære i kva det vil seie å bevege seg gjennom verda ikkje berre for eit barn, men for dei fleste av oss? Claire understreker i det sambandet at ho ikkje endrar grunnmetoden sin fordi om publikum skal vera born.

- Det handlar om å tilpasse referansegrunnlaget til målgruppa sjølvsagt, men eg tenkjer kustnarisk på det heller enn pedagogisk, men må jo for eksempel tilpasse forma til at publikum kjem til å vera under ein meter høge.
 
I forhold til kva det betyr å ha born som publikumsgruppe kjem me og inn på ein interessant link mellom bornet sitt forhold til språk, og de Wangens eige utgangspunkt for å utvikle sine sceneuttrykk:

- Eg prøver jo å fristille figurane me skaper frå ein psykologisk-realistisk tankegang, og eg lar meg og inspirere av born sin måte å fortelle på, det assossiative og fragmenterte, slik at det nesten høyres ut som dei fortel frå noko dei har drøymt. Denne draumeaktige lovmesigheten dei har i språket er jo i seg sjølv ein inspirasjon til korleis ein kan forstå biblitoket som eit kontinuerleg potenisale for ulike relasjonspunkt mellom språk, historiar og verkelegheitslag. Omvisninga er jo ei enkel form, men som eg vil bruke til å innby til oppdagelse.
 
Oppdagelse, heller enn oppdragelse, eller rom for oppdagelse som oppdragelse? Me tek ein tur ned i kjellaretasjen kor neste improvisasjonsøving finn stad, og eg tenkjer at her var det litt skummelt utan å vere sikker på om eg reagerer med meg sjølv eller spørsmålet om korleis eit fire år gammalt born vil reagere på rommet: - det er viktig for meg å ikkje røre i den reine skrekk-kjensla som born utvikler eller kjem inn i i denne alderen, så det gjeld å finne ein balanse i tinga som kan opne rommets karakter utan å skremme for mykje.

Eg er glad for at Claire har ønske om å gjere førestillinga og for eit vaksent publikum for å teste materialet sitt i møtet med andre blikk, for her ligg det eit materiale som ikkje berre inviterer dei små til ei oppleving med stort vekstpotensiale, men og dei vaksne til å oppdage ein kjent stad gjennom eit blikk og ei haldning som ikkje berre bør vera for born: - eg er ikkje interessert i å vera morsom, det er ikkje lårklasking og bananskaleffektar eg er ute etter, eller "sjå der er reven!" type reaksjonar.

Sjølv om born er mottakelige for det konvensjonelle, trur eg og dei er meir opne for brytningar i dette, så lenge ein gir dei ein klar inngang. Eg er interessert i å åpne rommet og peike på ting, i form av å skape assossiasjonar og opne for ein indre opplevelse hjå den enkelte. Slik blir det og eit poeng at det oppstår usikkerhet i kven som er med i "teateret" eller ikkje – bibliotekaren som rydder i hyllene og mannen som sitt og konsentrerer seg bak datamaskinen eller avisa si på ein leseplass blir slik og til ein del av førestillinga og borna sin oppleving av det heile.

Den opne strukturen innber dermed og ei form for forstyrring for den tilfeldige eller faste biblioteksbesøkande, som kan kome til å få ein litt annleis dag på biblioteket på si side i møte med ei omvisning som til dømes kan kome til å innebere at personar kravlar ut av bokberg...

- Jo me testa jo ut dette ein dag, på bordet rett ved sida av ein mann som satt der bak computeren sin og ikkje var særleg interessert i kva som føregjekk, men som gløtta opp oftare og oftare. Men det er få som spør oss om noko, så det blir jo interessant å sjå kva reaksjonar me skaper, ikkje minst for borna sjølvsagt - eg er jo og veldig spent på kor lett det vil vere å få dei med på dei forflyttningane me legg opp til, hvilket autoritetsnivå me må legge ting på.
 
Om den fiktive bibliotekaren og den historisk baserte figuren Kaptein Deichmann evner å halde borna oppmerksomme gjennom si planlagde rute gjennom den potensielt verkeleg-magiske kvardagen i biblioteket gjenstår det altså enno å sjå.

- Ja, også har me ein tredje figur, ein meir teikneserieaktig skikkelse inspirert av steinuglene som er plassert over inngangspartiet til biblioteket.
 
Ugler? seier eg.

- Ja, dei som alle borna veit kven er med ein gong eg spør, men som dei vaksne ikkje ser
 

Elin Høyland, 24. september 2009
 

Deichmanns Komplott
5.-21. Oktober, Deichmanns bibliotek, Schous Plass, Oslo.
 
Konseptutvikling og regi: Claire de Wangen
Skuespillere: Joanna Magierecka, Gaute Askild Næsheim og Charlotte Grundt
Lyddesigner: Åslaug Uddu Ystad
Foto m.m: Morten Bendiksen
Produksjonskonsulent: Tiril Bryn
Scenografi-innspill: Marte Johanne Ekhougen
Husrom, velvilje og entusiasme: Deichmanske bibliotek, Grünerløkka
 
Produksjonen støttes forøvrig av Oslo kommune, i tillegg til Kunstløftet.

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>