Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Kvalitetsmedviten statsråd

Anniken Huitfeldt

Anniken Huitfeldt

Kulturminister Anniken Huitfeldt understrekar at ho ikkje vil definera kvalitetsomgrepet for den einskilde institusjonen. Men departementet vil verta meir tydelege i forventinga si om at institusjonane tenkjer på kvalitet.

I Kunstløftet sin artikkelserie om kvalitetsomgrepet i kunsten, er turen kommen til kulturminister Anniken Huitfeldt. 
 
Statsråden har i dei tidlegare posisjonane sine ivra for likestilling, barn og unge. I dette intervjuet har me bede henne om å belysa somme av synspunkta sine kring arbeidet med kvalitet i kunsten for denne målgruppa. Me har òg utfordra henne til å gje forsøksvise svar på somme av Kunstløftet sine store spørsmål. 
 
– Du er kjent for engasjementet ditt for mangfald og inkludering, og har gjeve uttrykk for at fleire bør få høvet til bli kjende med kunstnarlege uttrykk. Ser du faren for at fokuset på kvantitet og breidde kan bli vektlagt så sterkt at det går ut over den kvalitative tankegangen?
 
– Etter fleire år med opptrapping av løyvingane til kultur er det viktig no å fokusera på at kulturen skal nå ut til fleire og ha høgare kvalitet. Etter desse åra med vekst innan kulturproduksjonen er ikkje lenger det å auka produksjonen i alle deler av samfunnet det viktigaste på kulturfeltet. Snarare er det to mål eg ser som viktige: Å nå breiare ut på eine sida, og på andre sida å sørgja for kvaliteten i uttrykka. Til dømes treng me ikkje nødvendigvis så mange fleire norske filmar. I staden trengst meir midlar til enkeltfilmar for å høgna kvaliteten på dei. Tilsvarande er det ikkje noko mål i seg sjølv at det vert fleire oppsetjingar på scenekunstinstitusjonane. Men eg meiner at somme av framsyningane bør ha kvalitetar som gjer at dei når ut til folk som elles ikkje ville oppsøkt teatret. Målet om auka kvalitet er mellom årsakene til at eg no har overført fleire tilskotspostar til Kulturrådet. Det å ha motteke midlar gjennom 20 år, sikrar jo ikkje at ein institusjon held høg kvalitet. Med jamne mellomrom kan Kulturrådet, med kompetansen dei har, stilla krav til det kvalitative i institusjonane det gjeld. Dette frigjev òg kapasitet, så me i departementet kan setja eit auka fokus på kvaliteten i institusjonane me løyvar til. 
 
– Ein skulle tru at kvalitetssikringa av det kunstnarlege innhaldet var ein naturleg del av evalueringa av kunstnarlege institusjonar. Men det er ikkje alltid slik. Difi sin rapport om Rikskonsertane, frå 2009, er døme på ei evaluering som konsentrerer seg om kvantitet og organisatoriske aspekt i institusjonen. Då me spurte Difi om kvifor dei ikkje i større grad har nærma seg det kunstnarlege innhaldet i Rikskonsertane, svarte dei at dei for det første ikkje hadde kompetansen til det, og at dei for det andre ikkje oppfatta dette som deira mandat. Burde ikkje vurderinga av det kunstnarlege resultatet vera minst like viktig i ei slik form for evaluering? 
 
– Me vil leggja auka vekt på kvalitet, men det er ikkje vår oppgåve å definera kva dette er for den einskilde institusjonen. Det er fleire måtar å evaluera på, både gjennom eigne evalueringar og gjennom vurderingar av korleis institusjonane følgjer opp det som ligg i tildelingsbreva frå departementet. I desse kan me òg vera meir tydelege på kva me forventar. 
 
– Eg har så godt som ikkje høyrt om konsekvensar basert på evaluering av tildelingsbreva, og breva kan igjen seiast å vera vagt formulerte. Ser du føre deg meir konkrete evalueringar basert på tildelingsbreva? 
 
– Ja, eg meiner me må følgja opp løyvingane og vilkåra betre. Me skal sjølvsagt vera forsiktige med å blanda oss inn i korleis kvalitet skal definerast, jamfør prinsippet om ei armlengds avstand. Men det finst mellom anna ein forskingsrapport som viser at me ikkje har gjort dette godt nok, og som dermed antyder at me bør sjå på ulike høve for betre oppfølging i tida som kjem. Eitt steg på vegen er at me no har færre institusjonar å følgja opp. Då kan me nytta meir tid på institusjonane som står att. 
 
– Er det mogleg å vera konkret med tanke på korleis dette vil skje? 
 
– Eg vil førebels vera forsiktig med å seia noko om dette, mellom anna av di institusjonane er ulike. Igjen bør det understrekast at me arbeider med ei armlengds avstand. Departementet bør meina minst mogleg om korleis ein institusjon som Den Norske Opera & Ballett skal definera kvalitet. Samstundes kan eg stilla med eit sett forventingar: Eg kan forventa at institusjonane held høg kvalitet i arbeidet sitt. Dessutan kan eg forventa at dei er medvitne om arbeidet med kvalitet, samt vurderingane som ligg til grunn for verksemda. Ein kompliserande faktor er sjølvsagt at det er ulike måtar å definera kvalitet på. Slik vert det vanskeleg å definera generelle kriterium for kvalitetsomgrepet. Men å auka medvitet kring kvalitetsspørsmålet i dei enkelte institusjonane, det er eit klart mål. 
 
– Kunstløftet har òg teke føre seg problemstillingar knytt til kunsten som instrumentelt uttrykk. I arbeidet med barn og unge vil ein finna utøvarar og formidlarar som legg det kunstnarlege innhaldet tett opp til skulen sitt innhald, for at uttrykka skal verta freistande for skulen å henta inn. Somme vil òg hevda at dette er ei form for kvalitet. Andre vil meina at kunsten først og fremst skal ha verdi i seg sjølv, og at den soleis bør vera fri for instrumentelle føringar. Kva synspunkt har du på dette? 
 
– Skulesekken skal først og fremst tilby kunstnarlege opplevingar, det meiner eg det er viktig å understreka. Det er ikkje noko mål at ein skal læra matematikk eller andre fag gjennom skulesekken. Ikkje dermed sagt at kunstnarlege uttrykk for barn og unge ikkje skal kunna ta opp aktuelle tema. Kunsten kan vera eit fint utgangspunkt for drøftinga av viktige emne, minoritetsperspektivet er eitt av desse. Men det er grenser for kor mange av skulens mål ein skal fylla gjennom skulesekken. Essensen i skulesekken er kunstopplevinga. Skulesekken vart skipa for å sikra at alle barn får oppleva kunst som held høg kvalitet, og som er utført profesjonelt. Det er det viktigaste målet. 
 
– Kvalitetssikring er nemnt som eit viktig mål for kulturfeltet framover. Parallelt ynskjer ein, så vidt eg har forstått, å sikra at mest mogleg midlar går til kunstnarleg produksjon, medan minst mogleg skal gå til administrasjon. Kvar kjem evaluering og kvalitetssikring inn i eit slikt bilete: Korleis sikrar ein at kvalitetssikringa har tilstrekkelege ressursar? 
 
– Det er viktig å ha eit auga på korleis ein nyttar evalueringsressursane på kulturfeltet. Me ynskjer jo at ein størst mogleg del av midla går til produksjon. Når me no flyttar oppgåver og kvalitetsvurderingar over til Kulturrådet, må me sjølvsagt òg sikra at dei har kapasitet og rammer til dette. Men det er også slik at kulturfeltet, til skilnad frå andre felt, har hatt langt færre forskingsprosjekt. Eg ynskjer å få satt ned ei gruppe som skal gå gjennom forskingsbehovet i departementet, og eg vil utforma ein forskingsstrategi. 
 
– Når det kjem til kunstnarlege uttrykk er mottakinga i det offentlege ein del av næringskjeda. Dei større institusjonane sine konsertar og framsyningar for vaksne vert ofte gjenstand for offentleg vurdering av kritikarane. Tilsvarande produksjonar for dei unge vert langt sjeldnare vurdert. Departementet kan sjølvsagt ikkje definera innhaldet i media, men har du nokre syn på denne stoda? 
 
– Ordskiftet er for så vidt ein mangel. Men eit aspekt som interesserer meg endå meir, er korleis ein som regel tek det for gitt at det er dei vaksne som til ein kvar tid skal definera kva kunst som er den beste for barn. I høve utdelinga av Brageprisen vart det innleia ein debatt om dette. Somme kritikarar meinte at bøkene som var nominerte i klassa for barn, eigentleg var skrivne for å tekkast dei vaksne. Eg ynskjer ikkje å ta stilling til om dette stemmer eller ikkje, men meiner prinsipielt at dette er ein interessant diskusjon. 
 
– Fleire av dei produserande institusjonane me har snakka med gjer omfattande evalueringar av produksjonane sine, men desse er altså interne. Vesentleg for det offentlege ordskiftet om eit kunstnarleg produkt, uavhengig av om barn eller vaksne kritiserer, er at meiningsytringa finn stad utanfor institusjonen. Finst det verkemiddel som kunne stimulert til ei meir uavhengig, og samstundes inkluderande bedømming enn den som vert gjort internt? 
 
– Det trur eg. Ved Det Kongelige Teater i København har dei utvikla eit system for evaluering, som inkluderer ekstern fagekspertise. Også Det Norske Teatret har ei referansegruppe, som består av barn og unge. Det tykkjer eg er interessant. Elles har ein snakka ein del om å få skipa til eit kompetansesenter for barn, som kunne hatt noko slikt i oppgåve. Samstundes er eg skeptisk til å oppretta eit institutt som er uavhengig av kunstproduksjon. Ein risikerer då å laga eit kontor som i byrjinga har ei forankring og ein ekspertise, men som, sidan feltet utviklar seg raskt, står i fare for å bli hengjande etter. Eg trur det er vanskeleg å la utviklingskompetanse vera uavhengig av kunstnarleg produksjon. 
 
– I høve det arbeidet de no ynskjer å gjera med Rikskonsertane, er det varsla at de vil sjå på dei offentlege konsertane, men ikkje på skulekonsertane. Medan Rikskonsertane dominerer produksjonen av konsertar for barn og unge, ser ein at ein større del av produksjonane innan til dømes teater kjem frå frie grupper. På kva tidspunkt vert det usunt om ein enkelt institusjon dominerer marknaden? 
 
– Det er fleire sider ved Rikskonsertane som me ynskjer å drøfta. Mellom anna vil me undersøka om musikarstønaden innafor Kulturrådet oppfyller noko av behovet som Rikskonsertane fyller i dag. Me vil òg vurdera korleis den nye arrangørstøtteordninga fungerer. Vilkåra for lokale arrangørar er annleis i dag enn då Rikskonsertordninga kom til. Det tredje elementet me skal drøfta, er om ein kan utvikla kveldskonsertar med dei musikarane som arbeider med skulekonsertar. Mange musikarar har fortalt meg at dei ynskjer å gjennomføra slike konsertar i tillegg til skulekonsertane. Ei slik ordning kan altså moglegvis styrka interessa for å gjennomføra skulekonsertar hjå eit breiare lag av musikarar. Men eg trur ikkje at Rikskonsertane gjennom skulekonsertordninga mettar den private marknaden. Ungar er ikkje ferdige med å gå på konsert fordi om dei har vore på ein konsert på skulen sin. 
 
– Er det maktpåliggjande for dykk at alle store institusjonar har eit tilbod for barn? 
 
– Ja, det er viktig. 
 
– Kvifor er dette viktig, kunne ein ikkje til dømes ha skilt ut arbeidet med barn og unge til eigne institusjonar? 
 
– Eg meiner dei store institusjonane pliktar å gjera noko for alle aldersgrupper. Dette handlar mellom anna om den høge fagekspertisen som er samla i institusjonane. Eg meiner det er viktig at dei fremste songarane og skodespelarane våre presenterer seg for barn. Dette er med på å sikra at også denne gruppa får kvalitet. 
 
– Går det så an å seia noko om kvalitet frå eit strategisk, kulturpolitisk perspektiv? 
 
– Det går an, og dette er ei anna viktig oppgåve eg meiner ligg framføre oss. Ei utfordring i den norske debatten er at me ikkje har noko avklara forhold mellom elitekvalitet og breidde. Når eg snakkar med personar som har idretten som felt, er dette tydeleg definert. Innanfor kulturområdet er dette annleis, og eg ynskjer å diskutere dette med aktørane i kulturlivet. På Kulturrådet sin årskonferanse merka me oss at dei er komne lenger på dette i England. Her finst det eit vokabular for kunstnarleg kvalitet og breidde som me manglar i den norske kulturpolitiske diskusjonen. Dei første åra av Kulturløftet vart økonomien i mange kulturinstitusjonar styrka, og kvantiteten auka. Det viktigaste i dei siste åra av Kulturløftet er som sagt fokuset på breidde og kvalitet, der debatten om kvalitetsomgrepet vil vera viktig. Me ynskjer mellom anna å laga ei større kulturutredning, der dei sentrale spørsmåla vil vera: Kva er den politiske operasjonaliseringa av omgrepet kvalitet, og kva er den kulturpolitiske operasjonaliseringa breidde? 
 
– Opplever du at dette arbeidet har to overskrifter; ei som rører seg om kvalitet og breidde i kunst for vaksne, og ei som handlar om kunst for barn? 
 
– Eg trur at overskrifta bør gjelda begge grupper under eitt. Kulturtilbodet er mest magert ovanfor dei unge, særleg for gruppa i alderen 10-14. Parallelt er det sterk konkurranse frå kommersielle tilbod for denne gruppa. Kvaliteten bør vera den same for barn og vaksen. 
 
– Men vil de i større grad enn før øyremerka midlar for å stimulera til eit meir omfattande og kvalitativt styrka tilbod til dei unge? 
 
– Det vil nok først og fremst skje indirekte, mellom anna gjennom at me ser på den enkelte søknaden når me løyvar midlar. Me definerer ikkje i tildelingsbrevet korleis det skal leggjast vekt på målgruppa, men me ser jo på kvaliteten i søknadene me får inn. 
 
– Så vidt eg har forstått er tippemidla som finansierer Den kulturelle skulesekken ikkje indeksregulerte. Skulesekken har altså mindre midlar til bruk no enn for nokre år sidan. Er dette noko de vil sjå nærare på i det kommande? 
 
– Dette året innfatta me fem millionar ekstra over statsbudsjettet til skulekonsertane. Inflasjonsregulert vert dette seks millionar. Så det vert altså løyva stadig meir over budsjettet, slik at tippemidla kan frigjerast til andre formål. 
 
– Men dette er ein enkelt del av skulesekken. Avslutningsvis: Kva tenkjer de om skulesekken overordna; vil den vera eit satsingsområde framover? 
 
– Den kulturelle skulesekken er viktig. Arbeidet sikrar barn og unge kulturopplevingar som dei kanskje ikkje ville fått elles. Samstundes gjev det dei smaken på kultur, noko som kanskje gjer at dei på eiga hand oppsøkjer kultur sidan. Gjennom statsbudsjettet for neste år har me satsa på skulesekken gjennom å løyva fem millionar kroner ekstra til skulekonsertane til Rikskonsertane, svarer Huitfeldt. 


Ida Habbestad, tidligere redaktør for kunstløftet.no
21.12.10
 


Kjelder:
(kritikk av barnebøkene nominert til Brageprisen, artikkel i Dagsavisen 23. november 2010)
 
En gjennomgang av Rikskonsertene – DIFI rapport 2009:3 
 

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>