Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Mangfaldige kvalitetar

"Den rimhårede og drømmeseeren", Beaivváð Sámi Teáhter. Foto: Marit Anna Evanger.

Kvalitet handlar mykje om kontekst, skal ein tru dei regionale aktørane i DKS.

I jakta på innsikt om kvalitet i kunst for barn og unge, har Kunstløftet vore i kontakt med regionale produsentar tilknytt Den Kulturelle Skolesekken. Sju instansar fekk spørsmål om korleis dei tenkjer kring kvalitet og om utvalet av produksjonar. Seks av regionane svarte, og frå svara deira er det enkelt å slutta at dei som produserer for målgruppa er opptekne av å skapa gode produkt. 
 
Ambisjonane opplevast høge, og dét er ei gledeleg innsikt. Likevel rører det seg spørsmål mellom linjene. Kan me slå oss til ro med nivået aktørane held per i dag? Har ein komme langt nok i spørsmåla om kvalitet? Ligg dei praktiske tilhøva til rettes så ein kan leva opp til omgrepa ein nyttar om produksjonane sine? Og er ein, i fokuset på å sikra politisk støtte for arbeidet sitt, redde for den kritiske diskusjonen? 

Ulike praktiske føresetnader 

Det er ei rekkje utfordringar knytt til ordningane i Den Kulturelle Skolesekken. Aktørane skal inn i ein skulekvardag der fleire fag enn kunsten kjempar om merksemd. For å få plass på timeplanen er ein dermed avhengige av velvillige skulekontaktar så vel som støtte frå politisk hald. 
 
Kvar region tilpassar sine program til sitt område. Det fører til ulik organisering. Me finn regionar som produserer mykje sjølve, regionar som einast programmerer innkjøpte produksjonar og regionar som tilbyd både kjøpt og eigenprodusert. 
Også vilkåra for visning er ulike. Enkelte regionar er nært tilknytt byar med kulturhus – og har ein rik variasjon av høvande visningsstader. 
 
Andre fylke har spreidd busetjing og utfordrande infrastruktur. I Nordland opplever ein at kunstinstitusjonane og er desentraliserte, og utan det store overskotet til arbeid med unge. Det krev ei anna tilretteleggjing i arbeidet enn fylke som har større institusjonsliv å stø seg til. Ein annan region oppgjev frustrasjon over sjølve visningsstadene. I dette fylket vert produksjonane, grunna små visningsarenaer, oftare enn ynskjeleg tilpassa små format. 

Variablar utanfor ordninga 

Ein nemnt variabel er skulane, som i hovudsak har ansvar for førebuing og etterarbeid for elevane. Kvaliteten på denne delen av arbeidet vil vera ulik frå skule til skule. 
«Dette er realiteten, og utfordringen blir å hele tiden drive holdningsskapende arbeid knyttet til å gi kunstformidlingen så gode kår som mulig», skriv ein aktør. 
«Det er varierende kompetanse på nivået for tilretteleggelse i kommunene. Vi ser det som en av våre viktigste oppgaver å bidra til kompetanseheving ute i kommunene i den grad det går» skriv ein annan. 
 
Det er på dette grunnlaget regionane vél – og gjennomfører – sine produksjonar. Utveljinga skjer i fagutval. Utvala kan bestå av administrasjonen i DKS eller eksterne fagfolk tilknytt regionen – andre gonger ei blanding av desse. Fagpersonane har relevant utdanning, gjerne også utøvande røynsle. I enkelte regionar har ein òg kopla inn pedagogar, og ein nyttar ofte representantar frå ulike fagfelt. I kva grad ein samarbeider med DKS-nettverket nasjonalt og kommunalt varierer. 
I kva grad er så kvalitet innarbeidd som vesentleg omgrep ved utveljinga av tilboda? 

Historien blir levendegjort der den fant sted. Skolebesøk på Utstein kloster.

Kva er kvalitet? 

Eit sentralt spørsmål i så måte – er kva regionane definerer som kvalitet. 
Storparten av regionane fokuserer på kunstnarleg kvalitet – men har òg fleire kriterium høgt på lista ved utval. Målsetjinga om at tilbodet skal nå ut til alle elevar i regionen er viktig for dei fleste. Dertil kjem variasjonen: Tilbodet skal vera mangfaldig og spegla elevmassen, samt den store variasjonen av kunstnarleg uttrykk, tematikk og sjangrar. 
 
For enkelte regionar virkar mangfald vera ein kvalitet for seg, sjølv om éin region framhevar kvalitet som overordna dette. «Vi skal levere sjangervariasjon over tid, men produksjonene må være gode nok, uavhengig av sjanger, for at vi skal prioritere dem. (…) Vi prioriterer regionale kunstnere fra hjemfylket, men kvalitetskravene er de samme uansett hvor produksjonene kommer fra», meiner ein her. 
 
Somme snakkar om eit høgt nivå utan å nytta omgrepet «kvalitet» direkte. «Målene for Den kulturelle skolesekken i fylkene er å gi alle elever i grunnskolen og videregående skole i fylket gode, spennende og utfordrende møter med kunst og profesjonelle kunstnere. I målsettingen ligger det noen milde føringer i forhold til kvalitet, selv om ordet i seg selv ikke er brukt». 
 
Andre regionar omtalar kvalitet i fleire ledd. Ein region snakkar om kunstnarleg kvalitet og formidlingskvalitet som ulike storleikar. Desse er igjen avhengige av konteksten dei inngår i. 
 
«Kunstnerne vi velger ut skal være dyktige på formidling til en målgruppe som i stor grad består av elever som ikke selv har valgt at de skal oppsøke tilbudet. Vi søker selvsagt etter produksjoner som evner å kommunisere med målgruppene», skriv ein region. 
 
Slik kan ein halda fram: Eit knippe termar går att i høve utvalet av produksjonane. Relevans er eitt av desse. Produksjonen skal vera relevant, og somme meiner relevansen er pedagogisk – og at den aktuelle framsyninga skal vera relevant for skulen. Ein region snakkar òg om kunstnarleg kvalitet versus det som er kvalitativt godt for skulen. 
 
Elever ved Ski skole lager animasjonsfilm.
 
Produksjonane skal vidare vera bevisstgjerande og ha innverknad over tid. Dei skal vera inspirerande der og då, og vera profesjonelle i alle ledd. Ein region oppgjev at dei frå år til år har ulike satsingsområde, og at produksjonar som høver til desse temaa lettare får innpass enn andre. Atter ein region melder at kvalitet kan handla om avsendar: «Det anses som en form for kvalitetssjekk at produksjoner tilbys gjennom Rikskonsertene, Scenekunstbruket osv, eller at andre fylker anbefaler dem og har brukt dem i eget program». 

Vanskeleg å måla 

Mange av dei parameter som er nemnt, tilsvarer omgrepa som Rikskonsertene har som overordna mål i sitt arbeid. Desse er basert på Ønskekvistmodellen og skissert av Ulrika Bergroth-Plor i denne artikkelen på Kunstløftet. 
 
Kriteria er imidlertid relative storleikar. 
Det er til dømes konteksten – produksjonane i heilskap – som kan avgjera om ei framsyning representerer eit mangfald eller ikkje. Det er konteksten som avgjer kven som er målgruppa, og dermed om formidlinga kan karakteriserast som god. Det same gjeld formatet: produksjonane skal kunna distribuerast på ei hensiktsmessig måte, men kva som er hensiktsmessig varierer. 
 
Er utvala i stand til – til einkvar tid – å kunna sjå føre seg alle eventualitetar? Er det mogleg å tenkja seg å måla det enkelte kvalitetskriterium? Kan ein tenkja seg at kvalitetskriteria på eit tidspunkt står i vegen for kvarandre? Vert ein produksjon kvalitativt god av å høva inn i ein kontekst? 
 
Og er det eit problem at stadig fleire aktørar nyttar omgrep ein ikkje klårt kan definera kva omfattar? 
 
Folkemusikkgruppen Kjerringrokk har turnert for elever på 2.-trinn.

Kvantitet versus eksperiment 

Det ligg mange utfordringar på vegen før ein regional produsent kan seiast å ha oppfylt alle målsetjingane sine. Ein region påpeikar det grunnleggjande, at det er vanskeleg – særleg på scenekunstområdet – å finna produksjonar i regionen som oppfyller deira sentrale kvalitetskrav. 
 
Ei vesentleg utfordring i så måte, er kravet om kvantitet. Dei fleste regionane melder at dei har tilbod som dekkjer både få og mange. Ein region løyser mengdekravet med store arrangement som tek opp mot 1000 elever, og får dermed høve til å gjennomføra mindre og mellomstore produksjonar i tillegg. 
 
Dei fleste regionane aksepterer at det er viktig at kunsten når ut til alle, og somme meiner det i den kvantitative utfordringa ligg spanande høve for samarbeid og samproduksjonar. Einast ein region problematiserer mengdekravet. «Dessverre har kravet om kvantitet blitt mer påtrengende de siste to årene etter som det statlige tilskuddet til DKS ikke har vært øket eller/pris/indeksregulert. Samtidig har honorarsatser, reise/ overnattingskostnader og statlige diettsatser økt», skriv dei. 
Denne regionen har vore nøydd til å prioritera vekk mindre produksjonar, og viser til ei premiert framsyning som vart produsert i regionen, men som ikkje ville blitt sendt på turne i dag sidan den tek for få elevar. 
 
Kan det tenkast at ein i ynskjet om å tilfredsstilla alle gjev slepp på meir utfordrande, eksperimentelle produksjonar? 
 
Eit spørsmål til dei regionale produsentane var følgjande: «Gitt at kunst for barn og ungdommer skal romme tilpassede men samme kvalitetstilbud som gjelder offentligheten for øvrig; programmerer dere arbeider som på ulike måter utfordrer barn og ungdommers kritiske (selv)refleksjon – eller som på andre måter overskrider rådende normer og konvensjoner i barn og ungdommers oppvekst?» 
 
«Langt fra i tilstrekkelig grad» svarer ein region, medan andre regionar meiner dei har eit godt tilbod – med enkeltproduksjonar som tek opp tema som fleirkulturelle spørsmål, homofili, vald og seksuell trakassering, einsemd, identitet og ulike livsfasar for å nemna noko. 
 
Men er kontroversielle tema det same som reflekterande kunst? Og kva er nok av denne typen produksjonar? 
 
Rammene er til hinder, meiner ein region. I motsetad til offentleg kunstformidling, har enkeltproduksjonen gjennomgåande lite midlar og må tilpassast lokale som ikkje er tilrettelagt kunstformidling – så mykje at dette aspektet vert prioritert vekk. 
«Videre er det viktig at man anerkjenner at det er kunstfeltet som må legge de kunstfaglige premissene, mens tilpasning, pedagogisk oppfølging og implementering av opplevelsene er skolens ansvar», skriv den same regionen. 
 
Fra prosjektet "Tilfluktsrommet".

Sovande samfunn? 

I kor stor grad er det offentlege årsak til hinder for å setja kontroversielle spørsmål på dagsorden? 
 
Lokale media vert til tider kritisert for å vera for snille med omgjevnadene sine; gjerne med unntak av lett tabloide spørsmålsstillingar. Responsen frå dei regionale produsentane understrekar ein slik kritikk. Den offentlege omtalen som regionane melder at dei får på produksjonane sine er i all hovudsak basert på lettvinn journalistikk, ofte ved direkte publisering av pressemeldingar frå produsenten. Somme gonger får dei redaksjonell førehandsomtale, i regelen av positiv art. Kritikken av produksjonar er meir eller mindre fråverande, medan dei kritiske problemstillingane som ein sjeldan gong kjem opp tilknytt DKS, ofte handlar om i kva grad det offentlege skal nytta midlar på politisk kunst for barn. 
 
Fører ei slik stode – eller dei regionale aktørane si oppfatting av stoda – til at ein vert redde for kontroversielle framsyningar? Ville ein i DKS vore klar for negativ framsyningskritikk i media? 
 
«Gjennom gode oppslag om DKS kan en få frem både kunstens egen verdi, men også skolens mulighet til å søke en utvidet kunnskap gjennom sansende elever», skriv ein region. 
 
«Offentlig omtale skaper fokus og interesse for kunstformidling og kunstopplevelser i skolen. Det er samtidig en viktig informasjonskanal og dokumentasjon på hva som foregår for foreldre, utøvere og andre som ikke er direkte involvert i arbeidet med DKS til daglig» skriv ein annan. 
 
Regionane verdset sjølvsagt den positive merksemda dei får. Den positive synleggjeringa er betydingsfull, ikkje minst politisk. Likevel er det tankevekkjande at einast to av regionane etterlyser ei meir kompleks offentleg omtale. 
 
«Dersom det skulle kommet negativ omtale som følge av en produksjon som gikk på kant med normer og konvensjoner i regionen, så hadde det ikke nødvendigvis vært negativt med en debatt rundt dette temaet», skriv ein region, og legg til: 
«Det kunne vært sunt med «nøytrale» vurderinger fra tid til annen, fra noen som kjenner formidlingskravene vel og merke». 
 
Fra forestillingen "Klangbein".
 
Kritisk diskusjon er eit vanskeleg spørsmål kring kunst for vaksne så vel som barn. I kampen om midlar ynskjer dei fleste å høyra at arbeidet dei gjer er godt. Kan ein tenkja seg at ein i redsla for å mista politiske velvilje ikkje torer å evaluera om det ein leverte tilfredsstilte kvalitetskrava ein la til grunn? 
Og vert den positive omtalen ei kvilepute for regionane? 

Tekkjeleg kunst? 

Med svara frå regionane har ein berre så vidt skrapa i overflata på eit omfattande emne. Det imponerande å lesa om det gjennomarbeidde tankegodset som ligg bak utval og produksjonar, trass utfordringar, føringar og tilpassingar. 
Kan henda ligg den største utfordringa i at krava er så mange. Finst der ein verkeleg gode kunst som kan tekkast alle krav?
 
 
Ida Habbestad, tidligere redaktør for kunstløftet.no
21.06.10

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>