Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Praktisk og kunstnarleg kvalitet

Fra Drivhusets SKRAMMELAN-verksted.

Fra Drivhusets SKRAMMELAN-verksted.

I samtalen om kvalitet er det viktig å ha auga til dei praktiske parametrane i produksjonsarbeidet, meiner Ragnhild Bøhle i Nettverket for nasjonale aktørar i DKS.

Gjennom ein serie artiklar set Kunstløftet fokus på kvalitet i kunsten. Korleis forstår ein kvalitetsomgrepet i dag, og kva er dei utslagsgjevande kriteria for at noko vert vurdert som godt?
 
I serien har me vore i kontakt med Rikskonsertane og sekretariatet i Den kulturelle skulesekken, som begge peikar på at samtalen om kvalitet er vanskeleg, men viktig. Vidare har aktørar på regionalt nivå fortalt om retningslinjene dei stør seg til i vurderingane sine.
 
Artikkel om DKS >>
Artikkel om Rikskonsertane >>

I denne artikkelen går spørsmåla til nettverket for nasjonale aktørar (NNA) i DKS. Forumet, som kom til på aktørane sitt eige initiativ, og som først gjekk under namnet Riksforum, fungerte som uformelt samarbeidsfora tidleg i Den kulturelle skulesekken si levetid. I Stortingsmeldinga (frå 2007-2008) om Den kulturelle skulesekken vart det lansert som eit mål å formalisera eit nettverk for nasjonale aktørar, og Nettverk for Nasjonale Aktørar vart dernest etablert formelt i 2009. I følgje den same meldinga er målet deira å arbeida for å sikra gode nettverk for Den kulturelle skulesekken kring om i landet.
 
Aktørane skildrar sjølve som sine mål å stimulera til nyproduksjon, danna nettverk, leggja til rettes for kompetanseutvikling, og gje faglige råd på feltet. Arbeidet med å sikra kvalitet i uttrykket er ein sentral del av dette. For skuleåret 2009-2010 var fokuset nettopp å bidra til å utvikla kvaliteten i innhaldet og formidlinga innafor DKS.
 
Arbeidet medfører utfordringar. Dei ulike aktørane representerer ulike kunstnarlege uttrykk, og det kvalitativt gode på eitt område kan soleis skilja seg frå det kvalitativt gode på eit anna. I tillegg har dei nasjonale aktørane, i likskap med de regionale, ulike funksjonar. Somme av institusjonane er produserande, medan andre vel ut produksjonar som vert tilbydde fylka. Somme delar ut midlar, eller fungerer som kompetansesenter åleine, medan andre igjen opererer med ein kombinasjon mellom desse.
 
Likevel prioriterer dei arbeidet med kvalitet. Ynsket om at dei presenterte uttrykka skal halda høgt nivå er mellom sentrale fellesnemnarar for aktørane. Sidan arbeidet byd på utfordringar, har ein i første omgang fokusert på ein indirekte faktor.
 
Astrid Holen, Guro Karstensen og Anne Qvale
 
– Aktørane arbeider med alt frå visuell kunst og utøvande produksjonar til prosjekt som handlar om kulturarv. Då vert spørsmålet om kvalitet svært omfattande. Det er ikkje utan vidare mogleg eller hensiktsmessig å finna fram til noka felles oppfatting om kva som er kvalitativt godt på alle felt. Men som nasjonale aktørar har me dette året arbeidd med å finna fram til felles rutinar for kvalitetssikring av verka. Me har freista å finna nokre felles omgrep som alle kan einast om i dette arbeidet, forklarer Guri Birkeland, fagkonsulent i Norsk scenekunstbruk.
 
Tidleg dette året tok dei initiativ til eit idéseminar, der dei ulike aktørane hadde med seg representantar frå fagfelta sine, både frå sjølve institusjonen, det kunstnarlege rådet, ein samarbeidspartnar i fylkeskommunen samt ein utøvarar eller formidlar. Her vart arbeidet deira skildra i detalj, for å kunna kartleggja kva rutinar og kriterium dei nasjonale aktørane gjer bruk av i arbeidet med ulike prosjekt. 
 
– Me har sett på korleis aktørane arbeider når dei skipar til nye produksjonar eller gjer utval. Me har spurt om ein har programråd eller kunstnarlege råd. Me har spurt om gjennomføringa av prosjekta; korleis ein kvalitetssikrar dei undervegs, og til slutt har me sett på korleis ein evaluerer i etterkant, seier Ragnhild Bøhle, prosjektkoordinator for barn og unge i Rikskonsertane. 
 
Omgrepet kvalitetssikring omfattar altså heile produksjonen, frå idéplan til gjennomføring, same om arbeidet vert utført av aktørane sjølve, eit kunstnarleg råd eller andre. Meininga er heilt enkelt å samlast kring eit sett av omgrep, så alle kan vera medvetne om innhaldet i omgrepa som vert nytta. 
Somme nivå styrer dei likevel ikkje med, som nivået på mottakarapparatet framsyningane skal ut til.
 
– Det hender nok at det som øydelegg for den gode opplevinga finn stad på mottakarnivået, seier Birkeland. – Gode produksjonar, sikra i alle ledd, kan komma til ein stad der det lokale mottakarapparatet sviktar. Det kan vera søyler i rommet som hindrar sikta. Det kan vera dårlig luft, eller straum som ikkje fungerer. Dette er ei utfordring, både for dei nasjonale og regionale aktørane. 
Skulle ein i NNA ynskt at ein hadde større påverknad på denne delen av arbeidet i DKS?
 
– Dette handlar om bakgrunnen for DKS, som er eit desentralisert prosjekt, seier Astrid Holen, sekretariatsleiar i DKS. – Sett frå eit nasjonalt plan kunne det sikkert vore greitt å bestemma alt, men det er viktig både politisk og for gjennomføringa at kommunar og fylkeskommunar er engasjerte. Men desse treng igjen nettverk, slik dei nasjonale aktørane er på kvar sine vis. Skulen har òg sin del i dette samarbeidet. Dei nasjonale aktørane si rolle er å sikra den kunstnarlege kvaliteten, medan skulen må sikra kvaliteten lokalt. Ein nasjonal aktør kan ikkje passa på at mottakarapparatet på ein skule på Senja held stand. Me er dermed heilt avhengige av samarbeidet med skulen.
 
– Men me har snakka om moglege tiltak som kan stimulera samarbeidet. Til dømes har Rikskonsertane og Musikk i Skolen tidlegare teke initiativ til å ha skulevertar, altså elevar som er tildelt arrangøransvar. Slik kan elevane få eit sterkare forhold til produksjonane, og lærarane kan verta meir engasjerte, samstundes som dei får avlastning dersom ei slik gruppe fungerer. Me har planar om å føra dette vidare til vidaregåande skule og til kulturskulane om ynskjeleg, seier Bøhle.
 
Fra 40årsfeiringen til Bærum musikk- og kulturskole.
 
– For oss som ikkje produserer, men vurderer produksjonar, er det viktige å ha ei brei kontakt utover, seier Birkeland. – I så måte trur eg ikkje ein kan tenkja seg at dei nasjonale aktørane skal ha større påverknad. Ein må heller vera i tett dialog med dei som skal skapa og formidla kunsten.
 
– Det ligg jo i oppdraget vårt å skapa gode nettverk, og arbeida med kompetanseoverføring mellom dei ulike aktørane. Slik sett spelar me ei viktig rolle i DKS, seier Anne Qvale frå Nasjonalmuseet, nestleiar i NNA.
 
– Ein måte å ha påverknad på, som sikrar samarbeidet begge vegar, er samarbeidsavtalen me har med fylkeskommunane. Den inkluderer regionale samlingar med faglege spørsmål, nasjonale fagsamlingar, samt eit programråd for skulekonsertar. Programrådet har representantar frå fylkeskommunar, grunnskulen, musikarane og Rikskonsertane, og både dei nasjonale og regionale nivå er forplikta til å senda inn dei nye produksjonane sine til rådet. Der har ein igjen høve til å påverka. Dei som har laga produksjonane får skriftleg attendemelding om kva som kan bli betre. Dette er vesentlege reiskap for oss, seier Tone Vandvik, som leiar programrådet i Rikskonsertane.
 
– Etterkvart som dei nasjonale aktørane har blitt eit meir tydeleg nettverk, har NNA òg fått ein betre samla kontakt med fylkeskommunane, seier Bøhle, og legg til:
 
– Sjølv er eg aller mest oppteken av at utøvaren har høg kunstnarleg og formidlande kvalitet. I tillegg er me avhengige av at gjennomføringa av turneen har ein viss kvalitet. Ein utøvar kan vera dyktig på området sitt men ikkje nødvendigvis nokon god formidlar. Kvalitet i denne samanhengen handlar òg om å vera ein god, praktisk tilretteleggjar, slik at utøvarane evnar å stå opp klokka sju om morgonen og køyra dit dei skal, samt gjennomføra ei visst mengd arrangement kvar dag.
 
– Tyder dette at dei praktiske aspekta legg føringar på innhaldet?
 
– Nei, innhaldet for dei enkelte produksjonane vert skapte i dialog med utøvarane. Men følgjene av dei kunstnarlege vala må me sikra ved gode, praktiske løysingar. Samstundes som det er viktig at utøvarane forstår kva røynd dei skal inn i, svarer Bøhle.
 
A dowser at work, from Pierre le Brun, Histoire critique des pratiques superstitieuses, (Jean-Frederic Bernard, 1733–1736).

Drøfting av kvar einaste produksjon

– Så langt dei ytre faktorane. Gitt at uttrykket er sikra i alle ledd av produksjonen – kan ein frå ein kunstnarleg ståstad peika på særdrag ved ein kvalitativt god produksjon?
 
– Arbeidet med kvalitetssikringa handlar jo til sjuande og sist om å nærma seg kjernen: spørsmålet om kva som kjenneteiknar ein god produksjon, seier Qvale.
 
–Dette arbeider me med, heile tida, men me har ikkje nærma oss kvalitetsomgrepet når det kjem til sjølve innhaldet like systematisk som arbeidet som no er gjort med kvalitetssikring. Men me vurderer jo produksjonane ut frå gitte kriterium.
 
– Fleire av oss nyttar til dømes ønskekvistmodellen, der ein ser på stykket sin relevans, og den motivasjonen som utøvarane har, seier Birkeland.
 
– Samstundes kan også dette sjåast som ytre faktorar, seier Holen. – Den kunstnarlege nerven må òg vera viktig, på ein eller annan måte.
 
– Ja, men dette heng igjen saman med kvifor kunstnarane har laga uttrykket, kvifor dei meiner me treng å sjå eit bestemt uttrykk. Og dette er det ikkje så lett å setja ord på, innvender Birkeland. – Eg vil til dømes seia at ein god produksjon er den som rører ved publikummet sitt. Men akkurat kva som gjer at produksjonen rører ved oss, eller gjer den relevant, er vanskeleg å skildra, seier Birkeland.
 
– Eg trur at nyfikne òg er eit viktig omgrep. Ei god framsyning pirrar nyfikna vår, seier Holen.
 
– Elementa i ønskekvistmodellen er moglegvis ytre faktorar, men dei er gode utgangspunkt for diskusjon, seier Vandvik. – I Rikskonsertane har me ei drøfting på kvar einaste produksjon som kjem inn, og desse går direkte på kvalitet. Vurderinga går på programmets kvalitet, utøvarkvalitet, formidlingskvalitet, produsentfaglige grep, dramaturgi, scenografi, produksjonsspesifikke faktorar, samt forholdet til målgruppe. I tillegg kjem vurdering av innhald og førebuingar som finst i informasjonsmateriellet. Desse elementa vert vurderte ut frå eit skjema. Dernest kjem diskusjonen mellom dei fem som har fylt ut skjemaene, før ein anbefaler for vidare bruk eller ikkje. Og her er altså omgrepa frå ønskekvistmodellen – engasjement, kompetanse og relevans – gode startpunkt. Det er elles slik at dei produsentane som vil, får lytta til denne diskusjonen. Prosessen er open, og i tillegg kjem ei kort skriftleg attendemelding, i form av eit offentlig dokument.
 
Somme av dei tøffaste diskusjonane handlar om målgruppa, understrekar Vandvik.
 
– Me diskuterer ofte i kor stor grad produksjonen er – og bør vera – tilrettelagt for ungane på skulen. Når er det til dømes greitt at ein gjennomfører ein konsert utan å venda seg til elevane gjennom ord? Diskusjonane kan røra seg kring korleis eit uttrykk vert formidla, korleis det når ut, og kva slags oppfatning ein har av oppdraget til Den kulturelle skulesekken.
 
– Hjå oss vert det ofte diskutert om framsyninga oppfyller sine eigne krav, seier Birkeland. 
 
– Om ei framsyning gjev seg ut for å vera laga for 1.-3 trinn, er det gjerne dette ein ser etter. Elles er erfaringa mi at ein gjerne ikkje diskuterer dei veldig gode eller dårlege framsyningane. Som regel er ein samde om at desse er svært gode eller dårlege. Det er dei framsyningane som finn seg i midten av dette ein diskuterer. 
 
– De har presentert som ein mogleg karakteristikk av ei god framsyning at den rører ved mottakaren. I enkelte kunstformer er ikkje det å bli rørt ein verdi i seg, somme gonger er kunsten målberar av ideologi eller anna som moglegvis rører, men som ikkje nødvendigvis er god kunst. Er slike spørsmål ein del av agendaen til NNA?
 
– Dette er emne me diskuterer heile tida, frå ulike fagfelt, svarer Birkeland. – Samstundes er det som rører oss svært individuelt.
 
– For Rikskonsertane er det jo eit spesifikt mål å laga framsyningar som rører, overraskar og begeistrar, seier Bøhle. – I tillegg kan me laga kunst som provoserer, produksjonar som tematiserer vanskelege emne. Særleg ved slike produksjonar må ein ha tankar kring kva konsekvensar kunst kan ha. Det krevjast godt førearbeid, til dømes vil ein kanskje komma med forslag til korleis skulane kan involvera helsesøster om ei framsyning har ein tematikk som anoreksi. Slike framsyningar krev at me sikrar kvalitet på ein annan måte.
 
Opptøyer framprovosert av Charles Macklin på Drury Lane Theatre.
 
– Slik eg opplever det, har me i Nasjonalmuseet i arbeidet med DKS nokolunde dei same kriteria for kvalitet som ved all annan aktivitet me held på med. Men for denne målgruppa legg me endå større vekt på formidlingskvaliteten, det som skjer mellom kunstverket og mottakaren, seier Qvale.
 
– I Scenekunstbruket har me til dømes diskutert nokså ofte korleis elevane møter eit samtidskunstuttrykk, utan å ha nokon som helst kjennskap til kodane. Somme gonger kan det kanskje fungera godt å gje kunsten til dei unge utan nokon nærare introduksjon. Men ein må ha med seg spørsmålet om kva tid eit uttrykk vert så krevjande at ein må tilby elevane ei form for opning til det, ein måte å logga seg inn og ut av det i forkant eller etterkant, seier Birkeland.
 
– Eg meiner at også dette er ei form for kvalitet, seier Vandvik. – Korleis byggjer ein opp ei framsyning? Vil ein til dømes halda seg på scena gjennom det heile, eller vil ein på eit tidspunkt røra seg ut i rommet? Somme grep vil høgna opplevinga, andre ikkje. Nettopp kva det er som treff er subjektivt. Moglegvis er det erfaring som gjev forståinga for dette.
 
– Spørsmåla kring kvalitet er komplekse og subjektive. Kven har ansvaret for kvalitet i kunsten for barn og unge – og kunne NNA ynskt seg meir tydelege føringar frå departementet?
 
– Dei nasjonale aktørane skal kunna bidra til å leggja til rettes for å styrka kompetansen i alle ledd. Dette er oppdraget vårt, definert i stortingsmeldinga, svarer Bøhle. – Somme gonger hadde det sjølvsagt kjentest som ei enklare oppgåve om oppdraget var tydelegare definert.
 
– Samstundes ynskjer me fridomen som ligg i eit ope oppdrag, høvet til å definera eigenarten i verksemda vår, understrekar Vandvik.
 
– Aktørane har jo solid fagkunnskap på felta sine, og kjenner si eiga historie, seier Birkeland. – Eg vil tru at dei fleste arbeider med rutinane sine med jamne mellomrom for å sikra kvaliteten.
 
Congo
 
– Ei føring eg kanskje kunne tenkt meg, var ein som tok høgde for kvardagen i dette arbeidet, seier Bøhle. – Me snakkar mykje om kvalitet, men det er òg viktig å ha auga til alle dei praktiske parameter i produksjonsarbeidet. Kulturkontaktane og lærarane har gjennom 10 år med Den kulturelle skulesekken opparbeida seg mykje kompetanse gjennom mange besøk på skulane. Diskusjonen om kvalitet er etter mitt skjønn eit høgst aktuelt diskusjonstema både på den enkelte skule, og i stor grad i samarbeid med det enkelte fylket om kva slags kunst ein skal ha.
 
– Heile tida er det viktig at rollene er klåre, seier Holen. – Det er til dømes viktig å ivareta fylka sin autonomi.
 
– Kanskje er det ikkje føringar frå det statlege me treng, men ein klårare dialog mellom departementa. Det er nok ei ufordring for oss at arbeidet vårt er knytt til to departement, både kultur- og utdanningsdepartementet. Slik eg ser det, er forståinga me treng frå begge departementa – i tillegg til økonomien vår – den største utfordringa i arbeidet vårt, avsluttar Birkeland.
 
Tone Vandvik, Ragnhild Bøhle, Guri Birkeland

 
Ida Habbestad, tidligere redaktør for kunstløftet.no.
21.12.10



Nettverket for nasjonale aktører (NNA) i Den kulturelle skulesekken:
ABM-utvikling (kulturarv)
FILM&KINO (film)
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design (visuell kunst)
Norsk Forfattersentrum (litteratur)
Norsk scenekunstbruk (scenekunst)
Rikskonsertane (musikk)

I samtalen med NNA stilte Anne Qvale (Nasjonalmuseet), Guri Birkeland (Norsk
scenekunstbruk), Ragnhild Bøhle og Guri Vandvik (Rikskonsertane). I tillegg møtte Astrid Holen og Guro Karstensen frå Den kulturelle skulesekken.
 


Kjelder:

 
 

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>