Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Satsar (t)ungt

Bergen Filharmoniske Orkester. Foto: Steve Sherman.

Bergen Filharmoniske Orkester. Foto: Steve Sherman.

I Bergen Filharmoniske Orkester er det nyleg oppretta ei stilling som orkesterpedagog.

Arbeidet med og for barn vert sakte men sikkert meir tydeleg i institusjonen – som i fleire av dei andre orkesterinstitusjonane. Ofte mistenker ein at dette arbeidet er plassert heilt på sida av den ordinære verksemda, og at det aller mest er meint for å tekkjast politikarane. Eller har dei tunge institusjonane faktisk byrja interessera seg for yngre målgrupper?
 
– Vi har potensiale for å verta endå betre på dette feltet, medgjev informasjonssjef i Bergen Filharmoniske Orkester, Henning Målsnes. – Sjølv om eg ikkje har full oversikt over kva dei andre orkestra gjer på dette området, trur eg vi alle har mykje å læra, og at mange kan bli betre.
 
Likefullt: I Bergen har dei satsa, og meiner dei gjer det heilt utan tvang. Barn og unge er ikkje spesielt nemnde i tilskotsbrevet frå Kulturdepartementet for 2010, ifølgje informasjonssjefen, den halve stillinga er tilkomme på eige initiativ, finansiert med orkestret sine eigne midlar. Rett nok er det snakk om ei prosjektstilling som er meint å gjelda eitt år i første omgang – men høva er gode for forlenging, understrekar Målsnes.
 
– Poenget er at organisasjonen er oppteken av målgruppa og ynskjer å gjera dette tydeleg – slik vi òg har satsa målmedvite på ein ung assistentdirigent, samarbeid med Bergen Unge Kammerorkester, Griegakademiet og unge solistar ved De Unges Konsert, fortel han.
 
Medan dei andre satsingane rettar seg mot utøvande feltet, skal orkesterpedagogen ta føre seg arbeid med eit ungt publikum. I første rekkje er arbeidet oppsøkjande og handlar om å leggja til rette ved satsingane for barn.
 
Den største av desse har namnet «Bli inspirert» og finn stad i samarbeid med Den Kulturelle Skolesekken. Barn på 6. klassetrinnet vert henta inn for å lytta til generalprøvar med enkelte stykker som vaksne opplever i salen om kvelden. Som førebuing vitjar orkesterpedagogen klassene. Sidan møter han dei i Grieghallen der han introduserer generalprøva. I etterkant vert opplevinga evaluert, og det er utarbeida ressurshefte for lærarane til bruk gjennom heile prosessen.
 
– På denne måten når me mange barn, seier produsent i orkestret, Ole Tobias Lindeberg. – På generalprøvene får rundt 700 barn høyra ein symfoni eller eit anna orkesterstykke.
 
– Og i løpet av et år har kring 16 500 barn vore innom på konsert, anten det er snakk om ei generalprøve, ein familiekonsert eller anna, seier Målsnes.
 
– Kor mange barn ein når fram til, er gjerne eit aspekt som vert trekt fram når aktørar på feltet skal fortelja kva som er godt med opplegga deira. Men når det er 700 barn i salen – korleis veit ein då at den store mengda får noko ut av opplevinga?
 
– Det å samla så mange barn, er ikkje det same som at noko er kvalitativt bra, medgjev Lindeberg.
 
– Og når det er 700 unge i salen kan det potensielt sett bli kaotisk. Heldigvis går det stort sett bra. Det summar i salen. Borna diskuterer det som skjer – og det meiner me er greitt. Poenget med å samla så mange, er heilt enkelt å sikra at me når fram – òg til klassene der lærarane kanskje ikkje er så interesserte.
 
 
Det mindre formatet vert ivareteke i klassesituasjonen, i førebuinga og ved prosjekt i etterkant, fortel han. Likeeins under skulekonsertar, samt ved familiekonsertar og andre eigne produksjonar for barn.
 
Ein annan sentral satsing er eit samarbeid orkestret har med Grieg Music Education om Music Delta; musikkundervisning over internett. Frå orkestret si heimeside kan unge lytta, spela, komponera samt finna forprosjekt, musikkeksempel, oppgåver og anna.
 
– Eit konkret prosjekt, er innspelinga av 11 julesongar. Desse fungerer som Music minus one; du kan vera solist med orkesteret på din eigen PC og senda resultatet som julekort på e-post til dine kjende. Me ynskjer å utforska fleire slike måtar å visa fram orkesteret og musikken på, seier Lindeberg.
 
– De er opptekne av å presentera orkesterinstitusjonen og det store repertoaret. Men kva kriterium legg de til grunn når de snakkar om kvalitet i kunst for barn og unge?
 
– Det er eit komplekst spørsmål, sverer Målsnes.
 
– Og det må seiast at me er i startgropa, understrekar Lindeberg. – Orkesteret arbeider med symfonisk musikk, og hovudmålet vårt er å formidla denne kvalitativt godt også til yngre grupper. Me trur at dei unge med dei rette førebuingane kan høyra den same musikken som dei vaksne. Mykje av kvalitetssikringa for vår del handlar altså om å gå ned i materien og formidla musikken til dei unge på godt nok vis.
 
– Så kvalitet i musikk for barn og unge handlar mykje om pedagogisk formidling?
 
– Det handlar alle fall om at ein tenkjer medvite kring innhaldet i produktet – i første omgang gjennom at me profesjonaliserer det tilbodet me har, svarer Målsnes.
 
– Men dette er work in progress, seier Lindeberg. – Me utforskar ulike måtar å gjera dette på, òg i samarbeid med kulturskulen og andre aktørar.
 
– Me vurderer òg å nå ut internasjonalt, seier Målsnes, som fortel at orkestret er på leiting etter høve for å nå det tyske skuleverket når dei reiser på turne til Tyskland våren 2011.
 
– De seier at dette er ei satsing frå orkestret si side. Er satsinga god nok, eller kunne det vera aktuelt å gjera meir innafor rammene ein har?
 
– Slik vi ser det, er me absolutt på rett spor. Kvaliteten på tilbodet vårt er betre enn tidlegare. Ei ytterlegare utviding av tilbodet til barn og unge vil krevja meir ressursar. Eg trur dei fleste i orkestret ser verdien av dette arbeidet, og eg skulle nok ønskt at Kulturdepartementet øyremerka friske midlar, seier Målsnes.
 
Det er det mykje å vinna på, meiner Lindeberg.
 
– Det viktigaste i augneblikket er å få arbeidet opp i dagen, å gjera det til ein viktig del av verksemda. Og dette er jo eitt av dei områda der pengar strekker langt. Ein kan få gjort mykje for lite, avsluttar han.
 
 
Ida Habbestad, tidligere redaktør for kunstløftet.no
10.06.10

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>