Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Kunsten i utdanninga og utdanninga i kunsten

Anne Bamford er professor ved University of Arts, London

Anne Bamford er professor ved University of Arts, London

Skal barn ha utbytte av kunst, kviler mykje av ansvaret på lærarutdanningane, meiner Anne Bamford. 5. april vitjar ho DKS sin 10-årskonferanse.

Med rapporten «WOW-faktoren» (2006) presenterte professor ved University of Arts, London, Anne Bamford eit arbeid som mange kulturarbeidande sette pris på. Etter mange års forsking var eit globalt forskingsperspektiv på kunstfaga si betyding i skulen klart, og konklusjonen var tydeleg. Både kunstfaga i seg sjølve og kunst som metode i undervisninga har mykje å seia for elevane sine prestasjonar.
– Ein har jo hatt ein viss kjennskap til emnet: svært mange av dei som har vunne nobelprisar i vitskap har òg ei sterk interesse for kunstnarlege uttrykk. Somme komponerer, andre målar, og atter andre spelar eit instrument. Eg trur at dei som når til topps innan felta sine, er dei som har med seg ein kunstnarleg tankegang som gjev dei høvet til å tenkja kreativt, og dermed strekkja seg lenger, seier Bamford.
 
– Men dette høvet er ikkje enkelt å prova. Mykje av arbeidet mitt har handla om å utvikla metodar for å synleggjera desse strukturane, som ofte handlar om indre storleikar som tankemønster og motivasjon, legg ho til om utgangspunktet.
 
I «WOW-faktoren» skriv ho om skilnaden mellom «utdanning i kunsten», altså når barnet får utdanning direkte i eit kunstnarleg uttrykk, og «utdanning gjennom kunsten», der kunstnarlege uttrykksformer er eit verkemiddel i utdanninga.
 
Kvifor er dette skiljet så viktig?
 
– Dette er viktig fordi borna treng begge delar, svarer Bamford. – Og eg meiner at ein bør gjera begge nivå tydelege. I mange utdanningsinstitusjonar finn ein at nivået ikkje er godt nok. Dette gjeld både undervisninga i kunstfaga, der somme skular nedprioriterer, så det ikkje er gitt at læraren har den nødvendige kompetansen. Og det gjeld kva høve lærarar i allmenne fag får til å ta kunstnarlege verkemiddel i bruk. For at lærarane skal kunna nytta slike verkemiddel i undervisninga si, må dei jo ha blitt kjende med kunstnarlege uttrykk i si eiga utdanning. I augneblikket er det ikkje nok trykk i lærarutdanningane på dette, og eg trur dette er ei vesentleg årsak til at mange barn kjedar seg på skulen.

Særnorsk skulesekk

I kva grad har så resultata hennar fått konsekvensar for skulekvardagane i europeiske land?
 
I tida rundt og etter lanseringa av «WOW-faktoren» har Bamford gjennomført fleire djuptgåande nasjonale undersøkingar. Det siste halvåret har ho sett søkjelyset på Noreg. Barnehagar, skular og kulturskular har fylt ut spørjeundersøkingar og blitt besøkt. Ein har møtt aktørar ved skulene, i kommunane og fylka, og kunstnarar involvert i Den kulturelle skulesekken. Informasjonen vert no analysert, og samla i ein rapport som vert publisert til sommaren.
 
I desse dagar vitjar Bamford konferansen «Kaleidoskop» ved Universitetet i Nordland og dernest Den Kulturelle Skulesekken (DKS) sin jubileumskonferanse i Larvik i april. Og førdei presise resultata kan lanserast, peikar Bamford nettopp på DKS som ein vesentleg og unik institusjon i arbeidet med kunst for barn og unge.
 
– Spesielt for Noreg er at Den kulturelle skulesekken gjev alle eit nivå av kulturell erfaring. Den norske geografien er krevjande, og det er unikt at tilbodet strekkjer så breitt. Med skulesekken har ein altså gjort ein viktig jobb. Ikkje minst sidan ordninga ikkje berre finn stad på statleg nivå, men får oppfølging kommunalt og i dei ulike fylka. Slik sørgjer ein for at området kunst for barn kan vera attraktivt for kunstnarar.

Pisa-påverknaden

Likevel har ein utfordringar, på generelt nivå og på nivå som er meir spesifikke for dei norske tilhøva, meiner Bamford. Mellom anna har ein i den norske skulen fått større fokus på det prestasjonsorienterte. Og stikk i strid med WOW-faktoren har ein rørt seg vekk frå kunstnarlege metodar som hjelp til å nå måla.
 
– I skulane har ein møtt presset frå Pisa-resultata, fortel Bamford. – Reaksjonen frå den norske skulen har i stor grad vore at ein legg kulturfaga til sides, og legg større vekt på real- og språkfaga. Men når ein ikkje gjev borna reiskap til å handtera andre uttrykksformer, og heller ikkje endrar metodikken, står ein i fare for å forverra situasjonen. Dersom eit barn ikkje likar spinat, hjelper det ikkje å leggja meir spinat på tallerkane deira. Utfordringa må tvert i mot vera å sjå på korleis ein kan gjera desse faga meir overkommelege og spanande for barn.
 
Meiner du at dette er særskilt for Noreg?
 
– Mange land har tilsvarande problem. Men eg trur at trykket frå Pisa-undersøkinga har hatt ein sterkare mental effekt i Noreg enn i fleire andre land, svarer Bamford, som òg viser til ei anna utfordring, før sjølve skulekvardagen.

Filmformidling til barn under TIFF 09, støttet av DKS.
 
– Det er òg problematisk at det i lærarutdanninga har vore generelle kutt i vektlegginga av kunstfag som ein obligatorisk del av fagkrinsen til lærarstudentane, seier ho
 
Også denne premissen kan føra til at situasjonen i Noreg vert forverra.
 
– Me har etterkvart dokumentasjon på at kunstnarlege uttrykk er viktige i opplæringa. Men om ein mattelærar skal kunna ta i bruk kunstnarlege uttrykksformer i undervisninga si, må vedkomande lærar ha ei viss kjennskap til kunstnarlege område. I Noreg legg ein ikkje i tilstrekkeleg grad opp til dette. Lærarar som i dag er i 40-åra, har hatt nytte av ei rik lærarutdanning, inkludert kunstnarlege emne. Den unge generasjonen som vert utdanna i dag, får ikkje nødvendigvis desse faga. Og dette kan få konsekvensar, seier ho.

Den rare kunsten

Du har sagt at både kunsten i utdanninga og utdanninga i kunsten er viktig – og at du meiner begge delane er for lite vektlagt i undervisninga i dag. Samstundes rosar du Den kulturelle skulesekken som tilbydar av kunst. I kva grad kan tilbodet i DKS vega opp for situasjonen du skildrar?
 
– Eg vil gjerne understreka at eg meiner Den kulturelle skulesekken er eit godt og viktig tilbod.Men ein skal vara seg så ikkje DKS vert ei kvilepute for personalet ved skulen. Somme lærarar tenkjer kanskje at dei ikkje treng å arbeida med kunst når dette vert tilfredsstilt gjennom skulesekken – og ein slik konklusjon er feil. Ungane treng kunsten og kreativiteten jamt i skuletimen. DKS er prikken over i-en, og får mindre funksjon dersom sjølvei-en manglar.
 
Foto: Mari Hildung/Perspektivet Museum.
 
Enn så lenge er det ikkje problematisk at DKS og apparatet rundt det langt på veg er einerådande aktør i skulekonsertmarknaden, meiner Bamford.
 
– Her tenkjer eg at ein må sjå på formålet med organisasjonen. DKS sitt mål har vore å levera kulturelle røynsler av høg kvalitet til alle born i landet. Ikkje alle produksjonane er like gode, og eg trur at ein kunne ha heva kvaliteten på somme produksjonar og tilbodet til enkelte barn om ein prioriterte færre produksjonar med meir djuptgåande, langsiktig arbeid for dei unge. Men målet om å nå alle er også viktig, og det målet har dei nådd, seier ho.
 
Likevel finst utfordringar og fallgruver, og Bamford viser til erfaringar frå skular i Nederland, der ein la vekt på at unge sjølve skulle få velja kva framsyningar dei skulle få sjå.
 
– Resultatet der var at kunstnarane byrja å sjå på skulen som ein marknad der dei kunne selja kunsten sin, fortel Bamford. – Kunstnarane fekk kunsten sin til å passa inni systemet. Dei gjorde fleire kompromiss på dei kunstnarlege ideane, og dermed òg på kvaliteten. Men dersom kvaliteten ikkje er høg nok, og kunstnarane ikkje inspirerte, vil framsyninga falla gjennom. Barn er eit tøft publikum. Ikkje minst er dei i ei fase av livet der behova endrar seg heile tida. Kunstnarane som arbeider med denne gruppa må møta dei unge der dei sjølve finn seg med sine kulturelle og emosjonelle røynsler. Ta til dømes gutar i tenåra; i denne alderen er det sosialt korrekte å vera interessert i sport, og det kan vera vanskeleg for ein gut i tenåra å vera interessert i kultur som er mjuk og merkeleg. Kjem kunstnarane og presenterer kunst som er rar, kan dei forsterka dette inntrykket og gjera stoda verre.

Kunstnarar er gode på kunst – lærarane er gode i å læra vekk

Me har snakka mykje om det viktige med kreativitet og kunst i skulekvardagen, som ein føresetnad for at elevar skal bli flinkare på skulen. Ser du ei utfordring i at kunsten kan bli eit instrument i danninga meir enn eit uttrykk med eigne verdiar?
 
– Dette er eit vanskeleg spørsmål. Mange lærarar vil nok setja pris på om den kunstnarlege produksjonen høver inn i timeplanen til elevane. Fleire fylke opererer med ein kulturell meny der skulen er med på å velja inn produksjonar, og faren med dette er at somme kunstnarar forsøker å laga kunst for å svara på noko i timeplanen. Ein må hugsa at kunstnarar er gode på kunst, medan lærarar er gode til å læra. Sjølvsagt skal kunstnaren ha tenkt gjennom formidlingsaspektet i møtet med dei unge, men dette er noko anna enn å forma eit prosjekt etter ein timeplan. Og lærarane skal ikkje vera kunstnarar. Men dei bør ha somme referansar, som gjer at dei kan skapa kreative læringssituasjonar. Eg trur det er viktig at me ser denne skilnaden: kunsten i læringssituasjonen er kan henda instrumentell i det at den er meint å skapa ein betre skulekvardag for dei unge. Men kunsten dei får presentert gjennom DKS er noko anna. Her er den kunstnarlege kvaliteten i seg sjølv viktig.
 
Kanadiske elever får musikkundervisning.
 
Avslutningsvis: Du har nemnt den sterke påverknaden som Pisa-undersøkinga har hatt på den norske skulen. Ser du andre vesentlege skilnader mellom måten me organiserer kunstformidlinga vår på i Noreg og i andre europeiske land?
 
– Det spesielle i Noreg er at majoriteten av kunstnarar får gjennomført prosjekta sine ved hjelp av statleg finansiering. Dermed har ein ikkje eit så aktivt segment av uavhengige, kommeriselle aktørar. Eg ynskjer ikkje her og no å ta stilling til om dette er godt eller dårleg.
 
– Men ein definitiv fordel med den sterke offentlege stønaden, er at DKS kan vera eit langtidsprogram. Det er sjeldanat eit land har nytta lang tid på å byggja opp strukturar som dette, så tett integrert i skulekvardagen. I undersøkingane mine har eg til og med opplevd at skulane tenkjer på behova til kunstnarar når dei byggjer skuler – og det er unikt. Gjennom skulesekken har ein òg hatt høve til å la kunstnarar arbeida med dette publikummet over tid. Ein ser at kunstnarane tek publikummet sitt svært alvorleg. Slik sett ligg Noreg i framkant, og ein kunne tenkt seg at ein i større grad kunne delt desse røynslene med seg. Både organisasjonsideen og somme av produksjonane kunne gjerne turnert internasjonalt.
 
 
Ida Habbestad, tidligere redaktør for kunstløftet.no
01.04.11

 


blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>