Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Ikkje spør meg om barn, spør meg om framtida!

Lever menneske frie liv anno 2011, undrast Franco Berardi. Han meiner det beste ein kan gje dei unge i dag er høvet til å sjå at etablerte normer ikkje nødvendigvis er sanne.

 
Franco Berardi er medieteoretikar og aktivist, og var seint på 70-talet mellom grunnleggjarane av Radio Alice, den første frie radio­stasjonen i Italia. 
 
Radio Alice fekk namnet sitt etter Lewis Carroll sin Alice i eventyrland; denne nyfikne jenta som var kei av den ordinære verda ho levde i, og dermed opna augo for andre røynder. Med radioen forsøkte ein òg å opna både røynder og augo. Mellom anna sette ein fokus på retorikk og politisk skapte verdsbilete, og ein freista å syna at den dominerande diskursen ikkje var den einaste moglege.
På sett og vis kan dette sjåast som ein leietråd for heile verksemda til Berardi. I mangt og mykje har han engasjert seg for å få folk til å sjå kritisk på samfunnsutviklinga. Han har skrive bøker om utfordringar i overgangen frå fysisk til kognitiv produksjon, og like­eins publisert ei rekkje artiklar om emnet. I dag underviser han i media si sosialhistorie ved universitetet i Milano, og har jamleg kontakt med unge menneske. 
 
Til Kunstløftet sin kongress i juni er han invitert for å snakka om skule og utdanning; om tilbodet ein gjev til dei som kjem etter. Men ikkje på eit didaktisk nivå, og når me stiller han spørsmålet om han har reflektert over emnet kunst og barn, er svaret kontant:
– Nei, nei, nei, eg veit ikkje noko om barn, humrar Berardi. – Eg møter ikkje barn så ofte. Og sant å seia veit eg ikkje korleis eg best kunne presentert noko for dei. Generasjonen, derimot – den unge generasjonen som skal veksa opp, og som er framtida vår – den tenkjer eg mykje på.
Ignorante kutt
Berardi vil gjerne snakka om dei unge – men helst på dette generaliserte planet. Og i fokuset på framtida og utviklinga av livsvilkåra våre går samtalen raskt. Tenkjaren er snakkesalig. Han uttrykkjer seg fort når han vert engasjert, og legg samstundes vekt på å understreka, så eg heilt sikkert får med meg meiningane hans. Det siste er strengt tatt ikkje nødvendig: Berardi har tenkt høgt i det offentlege gjennom nær sagt heile sitt liv, meiningane hans er klåre og uredde. 
 
– Veit du, seier han, – styresmaktene i Europa meiner at utdanning er så dyrt at dei vel å syna ignoranse ovanfor ein av samfunnet sine fundamentale verdiar. Dei kuttar i løyvingane til utdanning, og stør i staden opp under banksystemet og forsvaret. Kva gjev du meg, spør han, med forundring i stemma. 
 
Den einaste måten å møta ein slik ignoranse på, er gjennom aksjon, meiner Berardi. Han viser med det til det siste engasjementet sitt. Den 20. mars vart kampskriftet KAFCA – til ære for forfattaren med nesten same namn – publisert av studentar frå London, Roma, Milano og Paris. Kafca står for KnowledgeAgainst Financial Capitalism og er resultatet av eit internasjonalt møte som studentane arrangerte i Paris tidlegare i år. Her vart ein samde om å danna ein felles protest mot utviklinga. 
 
Berardi sitt bidrag er ein eldfast tale om stoda, som munnar ut i ei oppfordring til aksjonerande over heile Europa om å tilbringa datoen 25. mars i banken, for der å gjera det siviliserte menneske alltid burde gjera: undervisa, studera, lesa, spela og ikkje minst føra samtalar om høvet for ei betre verd, der kunnskap og kjensler – ikkje pengar og arroganse – vil vera den førande krafta i det sosiale livet.
– Kvifor? Fordi eg meiner at kunnskapen og kjenslene er det mest viktige menneska har. Styresmaktene har synt oss at dei ikkje tek omsyn til dette. Det er tenkjande menneske sitt ansvar å endra stoda, insisterer Berardi.
 
Fra studentdemonstrasjoner i Mexico. Bildet er hentet fra Edu-factorys hjemmeside.

Arbeidarsjela

Ideologien han står for har fundament i ein grunnleggjande skepsis til den nyliberale utviklinga, der namn som Margaret Thatcher og Ronald Reagan står sentralt. Engasjementet har parallellar til det kommunistiske synet på arbeidstakaren som framand­gjort, enkelt sagt av di kapitalismen, og ikkje arbeidaren sjølv, rådde over produkta som vart laga.
Også i dag er menneska framand­gjorte, hevdar Berardi. I den siste boka hans, «Soul at work», skriv han om kor­leis kapitalismen har overvunne dua­lismen mellom kropp og sjel, ved å etablera arbeidstilhøve der alt me forbind med sjela – språket, kreativiteten og emosjonane våre – er blitt del av industrien. Der den industrielle produksjonen var knytt til kropp og musklar er det hjernen som dannar arbeidskrafta i dag. I vår digitale tidsalder produserast sosiale, kulturelle og kognitive tenester; immaterielle storleikar som informasjon, media og utdanning. 
 
Framandgjeringa som menneske opplever i dag er knytt til det å vera tilgjengeleg, meiner Berardi. Menneske arbeider overtid, frivillig. Dei er bunde til telefonen og internettet, og er tilgjengelege i ein slik grad at menneska i vår tid kan sjåast som ein postmoderne form for slavar, der produksjons­presset og begjæret etter pengar er det som held oss fanga. 
– Mennesket har det ikkje særleg godt i eit slikt samfunn, seier Berardi.

Reelt demokrati?

Det kan høyrast ut som eit paradoks at Berardi på eine sida så sterkt kritiserer utviklinga kring informasjons­produksjonen, og på andre sida kjempar hardt for å bevara universiteta, der ein jo utdannar dei kognitivt produserande. Men arbeidet knytt til kognitive storleikar er ikkje problemet, understrekar han. Problemet ligg i måten ein handsamar desse storleikane på i samfunnet.
 
– Eg meiner ein kan stilla spørsmål ved om menneske i dag verkeleg har frie val. Me har sett dei siste tiåra at menneske vert stadig meir effektive. Me kan heile tida produsera meir og fortare, og let oss overtyda av den neoliberale ideologien om at ein heile tida treng større inntening. Etter mitt syn lærte finanskrisa oss at søken etter profitt er ein feilaktig måte å tenkja på. Og det forundrar meg at ein ikkje har teke lærdom av dette. Når systemet har kollapsa, vel finansnæringa framleis ein farleg veg. Som før tenkjer ein profitt, og let innsparinga skje gjennom kutt i sosiale godar.
 
– Gitt at samfunnsutviklinga er på ville vegar, kvifor tek ikkje folket konsekvensen i større grad? 
 
– Vel, denne utviklinga er det ikkje samfunnet som har bestemt, svarer Berardi. – Finansinstitusjonane styrer, og demokratiet i dag er ikkje reelt. Me kan gå til stemmeurnene når det er val og stemma på den eine eller den andre. Men det hjelper ikkje. Samfunnsutviklinga er ikkje i hendene til parlamentet eller folket, men er styrt av ein liten minoritet av kapitalistar. Eg meiner ein kan snakka om eit slags finansdiktatur.

Urovekkjande situasjon

Kutta i utdanningsbudsjettet kan sjåast som symptom på dette, hevdar Berardi, og viser til at tendensen var der, før finanskrisa, til å senka løyvingane til utdanning, i England, Frankrike, Italia og Hellas. 
– Ein er defensive i høve til utdanningane, og aukar heller innsatsen til det private. Det finn eg urovekkjande, seier han.
 
– Men det er vel ikkje nødvendigvis slik at utdanning og private løysingar er uføreinlege storleikar?
 
– Kanskje ikkje. Men eg meiner det kan ha uheldige verknader å tenkja profitt kring utdanning. Sjå til dømes på Italia. Her har Silvio Berlusconi kutta 8 milliardar euro i budsjettet til skulene og universiteta dei siste to åra. Dette er mykje i italiensk standard. Samstundes har regjeringa auka løyvingane til privatskular med 1,5 milliardar euro. I denne private utdanninga står Berlusconi sjølv som eigar. Dette ser eg som eit klårt signal på at styresmaktene let seg styra av eiga vinning meir enn av det som kan tena samfunnet som heilskap. Eg meiner erfaringa etter finanskrisa viser at korrupsjonen meir og meir tek over grunnlaget til den sosiale sivilisasjonen i Europa. Ein slik situasjon er alvorleg, seier Berardi. 
Han meiner likevel dei nordiske landa kan verka modifiserande i samanhengen.
 
– I Skandinavia er det noko annleis. Ein ser ikkje den same framferda frå styresmaktene, og enn så lenge har ein teke betre vare på utdanningsinstitusjonane. Kanskje vil desse landa spela ei viktig rolle i framtida. Når intellektuelle går utan arbeid i ei rekkje andre land, vil det vera mogleg for dei skandinaviske landa å byggja sterke, intelligente sentrum. 

Fri men støtta?

Kvar kjem så kunsten inn i bildet? Dei kunstnarlege uttrykka lid same skjebnen som utdanningsinstitusjonane, meiner Berardi.
– I den kognitive produksjonen inngår forsking og innovasjon, og dessutan innhaldet som vert produsert i og kring ulike media. I denne samanhengen finn ein også kunsten. Kunst og kultur er i dag er blitt eigne formar for industri, ofte stilt ovanfor dei same marknadskrava som andre industriar. Parallelt ser ein at kutta også råkar kultursatsingane: kulturpolitikken er i likskap med utdanningspolitikken under åtak. 
 
Kulturen bør støttast, hevdar Berardi. Samstundes bør kulturen få vera fri. Dette tilhøvet vert problematisk når kulturfeltet møter kapitalistiske krav til produksjon og inntening. 
Skal ein tenkja løysingar kring stoda må det derfor skje på fleire plan, trur han. Parallelt med at ein arbeider mot politiske nivå, må òg fleire kunstnarar sjå på korleis dei kan skapa uavhengige uttrykk. Kunstnarar må freista å skapa sin eigen autonome struktur for kulturell produksjon, og sjå utanom den samfunnsmessige attråa etter pengar.
 
– Dette kan til dømes skje gjennom å skapa ein krinslaup av produksjon og distribusjon som ikkje er avhengig av marknaden. Teikn på dette ser ein stadig, gjennom internett og på plasser som sosiale senter og okkuperte universitet. Slike rørsler skapar sin eigen autonome offentlege sfære, der kulturen er ein sentral del av prosessen, seier han.

Kunst og terapi

Same kva meiner Berardi at mykje kunst gjer ein viktig jobb med å fortelja menneske om sjukdomsteikna til samfunnet i dag.
– Hovudproblemet til den vestlege kulturen er lidinga som har oppstått som eit produkt av digitaliseringa av produksjonen vår. Internettet er på eine sida eit medium som tilbyd ein svært viktig demokratisk effekt. Men som resultat av nettet ser ein òg ei form for kollektiv einsemd, ein depresjon som jo kunsten arbeider med, og som eg meiner har vorte særleg tydeleg gjennom kunstproduksjon den siste generasjonen. Tenk på filmane til Ingmar Bergman på 60-talet. Eller for den del filmane til regissørar som Eija-Lisa Ahtila i Finland, Kim Ki-duk frå Sør-Korea, eller amerikanske Gus van Sant og Miranda July. Alle desse regissørane skapar produkt som kvar på sine vis omhandlar den sosiale lidinga.
I dette biletet har kunsten høve til å bli terapi, meiner Berardi, ein terapi med verdi både for barn og for vaksne. 
 
– Menneske av i dag har sterke behov, skapt av samfunnet vårt. Somme av desse behova vert kanskje meir tydelege når ein vert eldre. Slik sett kan ein kanskje seia at menneske har større behov for den terapeutiske sida av kunsten som vaksne. Samstundes kan kunst­en vera med på å presentera alternativ nokså tidleg i liva til unge menneske. Kunsten bør vera ein sentral arena for etablering av tenkjemåtar og verdiar. 
 
Og kanskje har alt ein del unge forstått noko spesielt, som generasjonen før dei ikkje har sett, undrast han. Internettgenerasjonen forstår kanskje at det er mogleg å velja ein veg som ikkje er dominert av jaget etter rikdom og prestasjonar.
– Eg meiner dette er første gongen dei siste 20 åra me verkeleg ser at ein ny generasjon utviklar eit medvit for det kjenslevare og ikkje berre for det grådige. Dette kan skapa viktige effektar. Kanskje er det gjennom kunsten at ein kan finna ei form for kreativitet som opnar for nye former for kvardags­liv, og som opnar for at ein kan skapa ei forløysing mot det brotne forholdet mellom sjel og kropp?
 
Tegning: Jonatan Hoffmann Hanssen
 

Ungt engasjement

– Situasjonen du har skildra verkar nokså vonlaus. Er du pessimistisk med tanke på framtida? 
 
– Eg uttrykkjer meg kanskje ikkje så optimistisk. Men eg ser faktisk nokre svært interessante reaksjonar, svarer Berardi. – Først og fremst kan ein sjå til det som hender i Nord-Afrika. Kven kunne vel gjetta at det i dei arabiske landa fanst ein ny generasjon intellektuelle som hadde kompetanse til å krevja noko anna enn diktaturet, og som går inn for å skapa eit demokratisk samfunn basert på fordelinga av rikdom? Eg meiner at me har mykje å læra av dette. Overalt i Europa må me gjera som dei egyptiske og tunisiske unge.
 
– Reaksjonane me har sett hjå studentar i Europa er òg av det gode, held han fram, og konsentrerer seg på nytt om den komande demonstrasjonen i bankane. 
Korleis arrangementet vil gå er stadig uvisst når denne publikasjonen går i trykken. Den konkrete effekten er då heller ikkje det viktige. Berardi veit at endring tek tid, og at endring i seg sjølv kan opplevast som ein utopi.
 
Det viktige er at engasjementet finst, og at det med jamne mellomrom kjem ytringar frå menneske med ynske om forandring. Og det er her det kunstnarlege og menneskelege ansvaret er viktig. 
 
– Den samfunnsutviklinga me ser kan leia til elende og vald, seier han. – Derfor meiner eg at det beste ein kan gje dei unge i dag er høvet til å sjå at etablerte normer ikkje nødvendigvis er sanne.
 
 
Ida Habbestad, tidligere redaktør for kunstløftet.no
08.04.11

 


blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>