Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Eksponering utanfor skulen

Fra «Hakkebakkeskogen». Foto: Den Nationale Scene.

Fra «Hakkebakkeskogen». Foto: Den Nationale Scene.

- Diskusjon og kritikk er med på å løfta scenekunsten for unge, meiner Nils Petter Mørland i Det Andre Teatret. Derfor viser teateret framsyningar som har turnert i Den kulturelle skolesekken, med påfølgjande diskusjon.

I sesongen 2011-12 visast i alt fire framsyningar frå Den kulturelle skolesekken på Det Andre Teatret. Ved kvar visning vert to fagpersonar inviterte for å gje sine blikk på framsyninga. Etter visninga vert det refleksjonar og diskusjon – og til sist nokre tankar frå den som har laga produksjonane.
 
Tittelen for det heile er DKS EXPO. Initiativet kjem frå Nils Petter Mørland, som er dagleg og kunstnarleg leiar for Det Andre Teatret. Ideen fekk han etter eigne turnear i DKS. Mellom anna er den improviserte framsyninga «Lekene slår tilbake» (2008) mykje spelt, òg ved festivalar i Europa, med fruktbare konsekvensar.
 
- Det å ta framsyninga ut har vore flott. Mellom anna har me fått kritikkar på framsyninga, noko som har gjeve oss høve til å tenkja på nytt over vår eiga verksemd. Det er inspirerande, seier Mørland.

Å ta seg bryet for barn

- Kvifor er kritikken så viktig?
 
- Det handlar mellom anna om å få ei attendemelding på kva som er relevant. For denne sjangeren handlar det aller først om det grunnleggjande; å plassera scenekunsten for barn og unge høgare i hierarkiet. Dei fleste trur at scenekunst for barn er avgrensa til framsyningar som «Hakkebakkeskogen» og «Reisen til Julestjernen». Slik er det ikkje. Det finst etterkvart eit stort tal produksjonar som vert spelte for barn, men som få kjenner til. Både fordi dei vert viste i skulen, men òg fordi dei som arbeider på feltet kanskje ikkje snakkar høgt nok om det. Du finn skodespelarar som kanskje helst skulle arbeidd med noko anna, og du finn skodespelarar som er flaue for arbeidet, sjølv om dei verkeleg brenn for det. Å visa noko av det som finst er derfor viktig. Folk som var her på den første samlinga, gav uttrykk for at dei tykte det var fantastisk at nokon tok seg bryet med å laga noko så viktig for barn. 
 
Fra «Hakkebakkeskogen». Foto: Den Nationale Scene.
 
- Det å diskutera feltet er i seg sjølv å løfta det?
 
- Ja, då får ein i første omgang formidla til det offentlege at framsyningane faktisk eksisterer. I neste omgang er det eit spørsmål om kvalitet. Det er synd at det finst framsyningar som vert sett av hundrevis av barn utan at omverda har nokon aning om det, og utan at det kjem nokon skikkeleg vurdering. Det er så mange kunstnarar som får ha jobben sin i skulesekken. Det forpliktar. Me må følgja opp feltet betre; stilla krav til produksjonane, spørja om kva som var motivasjonen for å laga den enkelte framsyninga: Har ein laga noko til dei unge fordi ein trur det er dette dei unge vil ha? Har ein laga noko ein sjølv var genuint oppteken av å formidla?

Essensielle spørsmål

- Det er etterkvart mykje fokus på kvalitetssikring internt i skulesekksystemet. Kvifor meiner du det trengst diskusjonar ut over dei interne?
 
- Me som held på med dette, har jo gjerne ein fagleg diskusjon internt. Men til diskusjonen har me invitert inn folk som ikkje er scenekunstnarar, men som arbeider på tilgrensande område. Vona er at diskusjonen då kan gå i eit språk som er relevant ut over det interne scenekunstspråket, som kanskje verkar isolerande. Eg meiner me må ha ein samtale som viser om framsyningane har resonans utan at ein blandar inn fagterminologien og moderne kontinentale filosofar, til dømes. 
 
Fra «Lekene slår tilbake». Foto: Birgitte Sjøberg/Johannes Eccholt.
 
- Ei utfordring for den verbale diskusjonen er elles at det finst så mange måtar å laga teater på. Utgangspunktet vårt for «Lekene slår tilbake», var at me ville laga ei framsyning tufta på ei forståing av verket som liknar meir på barn si oppfatting enn oppfattinga til dei vaksne. Då kjem me vekk frå det språklege, og diskusjonen om stykket må kanskje vera basert på andre premiss. Dette er ein tendens i teateret: Ein opnar for at det teateret som inneheld analyse, refleksjon og ei problematisering ikkje er det einaste. På feltet arbeider ein meir med oppleving og erfaring og det deltakarbaserte.
 
- Det burde med andre ord vera ein gullalder for den som ynskjer eksperimentera med uttrykk for unge?
 
- Ja. Likevel har nok det modernistiske synet stadig det sterkaste fotfestet. Ein held seg tett til tanken om at det teateret som vekkjer anstøyt har større verdi enn det som ikkje gjer det. Institusjonsteatra snakkar til dømes om at ein skal bli meir politiske, laga noko om notida så det vekkjer harme og diskusjon. Eg opplever den tanken som noko gamaldags. 
 
Fra «Baron von Munchhausen sannheter». Foto: Mads Nygård.
 
- Kvifor?
 
- Fordi eg meiner at det å vekkja anstøyt ikkje er det einaste viktige. Eg er heller ikkje oppteken av at teater skal vera for alle på same måten som mange er det i dag. Mykje av det hierarkiet som er bygd opp handlar jo kanskje om at teateret er organisert i så store institusjonar. Kanskje burde me slutta å ha så mange store teater, og heller ha mange små, som oppsøkjer menneske der dei er. Ta næringslivet, til dømes: Om det finst ei gruppe det er lågare status å spela for enn barn, er det næringslivet. Sjølv om dei som er i næringslivet – desse som har alt for mykje å gjera når dei jobbar – er vanskelege å nå. Eg tykkjer det er fascinerande at det er slik. Og eg meiner det eit viktig spørsmål me burde stilla, framfor å snakka om teateret for alle, er kvifor me i det heile skal sjå teater eller scenekunst.

Kritikk i eit samfunn der alle er redde for å gjera feil

- De har gjennomført eitt arrangement, og skal visa ytterlegare tre framsyningar. Korleis er produksjonane valde ut?
 
- Me programmerer framsyningar me tykkjer er interessante på ein eller annan måte, helst på ulike måtar. «Superglad» av Hege Haagenrud var den første framsyninga me viste. «Superglad» har alt oppnådd ein del diskusjon, ettersom den vender seg komplekst til både vaksne og barn – somme meiner først og fremst til vaksne. Neste gong kjem kompaniet Teater Joker som spelar «Baron von Munchhausen sannheter». Dette stykket har ikkje vore omdiskutert på same måten, men er interessant fordi Teater Joker har vore ein slik sterk leverandør av teater inn mot skulesekken i mange år. 
 
Video inn her...
«Superglad» av Hege Haagenrud.
 
- Til den første samlinga var prosjektleiar i barne-tv, Maria Grambø, og klinisk psykolog Kjell Tore Hovik, invitert. Kva var erfaringane: Fekk de opp ein tilstrekkeleg kritisk tematikk?
 
- Det meiner eg. Meininga er ikkje at ein skal konkludera om framsyninga er bra eller dårleg, men heller å leggja eit grunnlag, starta ein debatt om scenekunst for barn og unge. Igjen trur eg det er smart at det er folk som arbeider med noko nærliggjande, men som ikkje sjølve er kunstnarar, som diskuterer. Dei ser verksemda på ein annan måte enn scenekunstnarar gjer med sine scenekunstbriller og kjepphestar. Når det er sagt er det alltid ei utfordring å diskutera det folk har laga. Folk er emosjonelle i høve til det. Me lever i eit samfunn der ein er altfor redde for å gjera feil.
 
- De få vist fire framsyningar over eit år. Er prosjektet noko de ynskjer å ta vidare?
 
- Det er eit økonomisk spørsmål, men me er motiverte. Faktisk trur eg eit slikt prosjekt har større effektar om ein tenkjer langsiktig. Me må hugsa at dei fleste som diskuterer denne scenekunsten nesten ikkje har sett produksjonar på feltet. Slik er det mykje å etablera, og mykje ein kan ta fatt i. Me har til dømes ein ambisjon om å programmera utanlandske framsyningar inn i rekkja. Dette kan kanskje vera fint som ein kommentar til kva DKS gjer. På kort sikt får me uansett eksponert fire framsyningar som mange burde få sett.
 
 
Ida Habbestad, tidligere redaktør for kunstløftet.no.
09.11.11
 

 
EXPO DKS blir arrangert i samarbeid med Norsk Scenekunstbruk, opptak vil bli gjort tilgjengeleg på scenekunstbruket sine nettsider. 
 
Prosjektet mottek støtte frå Kunstløftet.

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>