Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Visjoner - Eirik Fauske

Fra

Fra "Under barnehagen" av Eirik Fauske. For barn mellom 3-5 år.

Ein innfallsvinkel er sjølvsagt å forsøkja å tenkja etter korleis eg sjølv opplevde å vera barn. Men tidene endrar seg, og hukommelsen er eit relativt fenomen, seier Eirik Fauske.

Eirik Fauske, dramatikar.
Kunstløftet har eksistert i fire år. Opplever du at det har skjedd noe med prestisjen/kvaliteten/interessa for kunst for barn og unge i denne perioden? 
 
– Eg har arbeidd på området såpass kort tid at eg tykkjer det er vanskeleg å gjera noka samanlikning av før og etter desse åra. Det eg kan seia er at eg sjølv har vorte meir interessert i å laga noko for barn og unge, og at eg trur at det har skjedd noko med haldningane generelt i miljøet av folk som arbeider med kunst. Eg opplever i alle fall at det som i dag vert tilbydd barn og unge er meir komplekst enn før. Det er rom for meir enn berre den pedagogiske kunsten. Det handlar om å ta barn på alvor, og forstå at dei er veldig ulike. Slik sett tykkjer eg at det arbeidet som Kunstløftet har gjort er interessant.  
 
Norsk kulturråd har konkludert med at det trengst eit vidare arbeid i satsinga på barn og unge, og dei vidarefører Kunstløftet i fire nye år. Kva forventningar har du til ordninga i den komande perioden? 
 
– Eg tykkjer det er svært bra at ordninga er vidareført. Eg vonar at ein i det vidare vil halda fram med å støtta gode prosjekt, og at ein vil arbeida for å verta ein endå meir synleg aktør i landskapet. Det siste er truleg ei vanskeleg oppgåve, for i den interne verda – slik eg kjenner scenekunstfeltet – er det gjerne slik at dei store institusjonane held på for seg sjølve. I det større landskapet er det òg vanskeleg å nå fram: Når det vert skrive lite i media om dette, må ein kanskje ty til andre kanalar. 
 
– Eg vonar òg at ordninga vil bidra til ein diskusjon omkring kva kunst for barn og unge kan vera. Ei opplagt løysing er å arrangera fleire seminar, like viktig kunne det vore om Kunstløftet deltok med kritikk av kunst for barn. Eg veit ikkje om dette er innafor mandatet til ordninga. Men det trengst ein eller annan form for samtale omkring dei ulike produksjonane, anten det no er gjennom ein skriftleg eller munnleg kritikk, om det skjer som diskusjon mellom ulike aktørar eller i intervjuform. Eg ser at det på Kunstløftet sine nettsider er gjort fleire sakar der vaksne diskuterer med unge som har sett framsyngingar. Slikt har eg tru på: dette at ein skapar ulike samtalar om kunsten. 
 
Kva utfordringar ser du forbundet med dette arbeidet? 
 
– Utfordringa for Kunstløftet er å verta synleg, og få endå større aksept for at arbeidet er viktig. Den aktuelle publikumsgruppa snakkar ikkje si eiga sak på same måten som vaksne. Dei diskuterer ikkje kunsten så mykje, har ikkje same høva til å velja. Det tyder ikkje at kunsten ikkje er viktig for dei. 
 
– Dei få gongane eg sjølv har arbeidd med målgruppa, tykkjer eg det er utfordrande å vita kva eg skal tilby. 1-åringar, 2-åringar, 3-åringar og oppover har eit anna syn på verda enn kva eg har som vaksen. Ein innfallsvinkel er sjølvsagt å forsøkja å tenkja etter korleis eg sjølv opplevde å vera barn. Men tidene endrar seg, og hukommelsen er eit relativt fenomen. Då er ein attende med den store oppgåva å forsøka å skapa noko som kan ha ein verdi for dei, på eitt eller anna plan. Det ligg òg høve i situasjonen. Som vaksen teaterpublikummar har eg visse forventningar om korleis ting skal vera. Det har ikkje dei unge, og det er utfordrande og spanande å nytta dette på ein lur måte. 
 
Har du nokre visjonar for feltet generelt dei neste åra? 
 
– Eg skulle gjerne sett at det fanst fleire gode arenaer for barn og unge. Ein har sjølvsagt Den kulturelle skulesekken, men eg skulle gjerne set at det var mange fleire små arenaer som dukka opp. 
 
– Og eg såg gjerne at ein tok seg råd til å prioritera dette på same måten som ein prioriterer vaksne; at ein gjekk utanom standardrepertoaret for barn ved institusjonane, og at det frå tid til annan vart laga stor og dyr kunst for barn. 
 

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>