Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Visjoner - Maria Tryti Vennerød

Frå

Frå "Dama i luka" av Maria Tryti Vennerød.

For meg er det iallfall slik at viss eg opplever å sjå fleire produksjonar for barn, gode eller dårlege, og viss dei blir snakka om, så vil eg – truleg – også etterkvart byrja å reflektera over kva eg likar eller ikkje likar med dei, seier Maria Tryti Vennerød.

Maria Tryti Vennerød, forfattar.
Vennerød har ynskt å svara berre på det første spørsmålet i vår enquete
 
Kunstløftet har eksistert i fire år. Opplever du at det har skjedd noe med prestisjen/kvaliteten/interessa for kunst for barn og unge i denne perioden? 
 
– Eg må innrømma at eg ikkje veit så mykje om Kunstløftet. Dette skuldast truleg at eg i seinare tid har fokusert på å skriva, snarare enn å jobba med konkrete teaterproduksjonar. Eg har difor i liten grad orientert meg i forhold til støtteordningar. Eg har heller ikkje skrive noko for barn, eller vore involvert i kunstnariske prosjekt for barn. Kanskje har eg ikkje vore interessert nok heller. 
 
– Men eg er sjølvsagt einig i at kunst og kultur av god kvalitet er viktig for barn. På spørsmål om kvaliteten/prestisjen/interessa for kunst for barn og unge er auka, er svaret mitt: kanskje. Eg er usikker, men eg har lyst å seia ja. Det vil seie; eg opplever at mange rundt meg er opptekne av kunst for barn. Om dei er det meir enn før, er eg usikker på, men likevel. Eg trur at eg sjølv er hakket nærmare å skriva for barn. At eg sjølv har ønska meg barn og fått barn, kan vera ei forklaring – men eg trur i grunn heller at det er fordi eg har sett fleire produksjonar for barn i seinare år, og det er inspirerande. Om desse produksjonane eg har sett har fått støtte frå Kunstløftet, veit eg ikkje, men det er sjølvsagt godt mogleg, og slik kan det vera ein samanheng. 
 
– Eg har ikkje observert mykje ny teaterkunst initiert av institusjonsteatra. Inntrykket er at det har skjedd litt meir i det frie feltet. Men eg seier dette på tynt grunnlag. Eg har ikkje hatt barn før nyleg og har sikkert vore altfor lite interessert. 
 
– Dette siste kan likevel snu. Dersom eg med åra får meir lyst til å skriva for barn, kan ein spørja om det er på grunn av økonomiske støtteordningar, bestillingar, at eg sjølv har blitt mor, eller om det er fordi at kunstnarhjartet ropar på det. Det hender sjølvsagt at desse ulike motiva blandar seg og påverkar kvarandre. Til dømes er det jo av og til slik at viss ein veit at eit prosjekt har gode økonomiske vilkår, så vil kunstnarhjartet etterkvart byrja å ropa. Det kan iallfall hjelpa å fokusera på noko, at ein då får lyst å jobba med det. Gode støtteordningar vil veldig lett gje fleire produksjonar, og for meg er det iallfall slik at viss eg opplever å sjå fleire produksjonar for barn, gode eller dårlege, og viss dei blir snakka om, så vil eg – truleg – også etterkvart byrja å reflektera over kva eg likar eller ikkje likar med dei. Eg vil byrja å tenkja på korleis eg sjølv meiner at eit godt barneteaterstykke skulle vera – og vips, så er eg kanskje i gang med noko. På denne måten meiner eg at ei støtteordning vil kunne inspirera mange kunstnarar – i hjartet, ikkje berre i lommeboka! og då vil truleg kvaliteten auka på sikt, fordi mange vil bli stimulerte til å tenkja i slike baner, og slik vil kunstnarane læra av kvarandre. 
 

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>