Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Visjoner - Terje Lyngstad

Det var musestille i klasserommet då urpremieren av teaterstykket «Du ana'kje» av Aslak Moe gjekk av stabelen.

Det var musestille i klasserommet då urpremieren av teaterstykket «Du ana'kje» av Aslak Moe gjekk av stabelen.

Barn bør ha rett til å sjå kunstnarlege produksjonar som ikkje er produserte med det som baktanke at dei skal rekrutterast som eit framtidig publikum, men som gjev dei ei teateroppleving der og då.

Terje Lyngstad, teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater.
Kunstløftet har eksistert i fire år. Opplever du at det har skjedd noe med prestisjen/kvaliteten/interessen for kunst for barn og unge i denne perioden? 
 
– Det er kan henda flaut at eg som teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater veit så lite om Kunstløftet. Men det er kanskje også symptomatisk; og viser at institusjonane har ikkje så mykje med Kulturrådet å gjera. Derfor vert svaret meir generelt, på teaterområdet. Eg kan ikkje med handa på hjarta seia at eg trur at interessa for teaterframsyningar for barn og unge har auka dei siste fire åra. Men det kjem kanskje an på korleis ein definerer kven interessa skal vera for eller frå? 
 
– Eg har heller ikkje sett nok til å meina noko om kvaliteten har blitt betre. Det eg veit er at kvantiteten har auka valdsamt. Her er sjølvsagt Den kulturelle skulesekken viktig, men Kunstløftet er vel òg eit positivt tilfang, fordi det er fleire midlar i spel, fleire stader å søkja om midlar. Samstundes opplever eg at veldig mykje av det som kjem ut, særleg i skulesekken, ikkje nødvendigvis held ein høgt nok nivå ut frå mine kvalitative standardar. Det verkar som om fleire andre kriterium enn det sceniske og visuelle er prioriterte, som kva format mottakarapparatet har bede om, kva gjeld storleik og lengde på produksjonen. Dessutan er det ein tendens til at gruppene som lagar framsyningane tek omsyn til dei pedagogiske måla til skulen, kanskje meir enn til spesifikt kunstnarlege mål. Så eg ser behovet for denne ordninga, og meiner det er viktig at det finst ei ordning som skal leggja vekt på det kvalitative.
 
– Kva gjeld prestisje kan det nemnast at Heddaprisen ikkje vart delt ut til nokon barneframsyning i år. Eg er klar over at dette i stor grad handlar om rammevilkåra til juryen. Likevel meiner eg det gjev eit bilete for på prestisjen til feltet. Hadde ein prioritert å leita meir mellom alt som tross alt er laga, kunne ein nok funne noko. Scenekunstbruket kunne kanskje ha tipsa dei om kva framsyningar dei absolutt burde ha sett. Ein kunne ha funne vegar inn. Men ein kjem nok ikkje unna at gruppa først og fremst rettar interessa si for teateret for vaksne. 
 
Norsk kulturråd har konkludert med at det trengs et videre arbeid i satsningn på barn og unge, og viderefører Kunstløftet i fire nye år. Hvilke forventninger har du til ordningen i den kommende perioden? 
 
– Det viktige er nettopp kvaliteten. Forhåpentleg vil dei som ytar midlar yta dei til dei beste prosjekta reint kunstnarleg. Eg forventar at ein kan stola på at Kulturrådet ser vekk frå dei pedagogiske og formelle omsyn, og prioriterer reint kunstnarlege omsyn. 
 
Hvilke utfordringer ser du forbundet med dette arbeidet? 
 
– I samfunnet vårt finst ein haldningskonflikt mellom det kulturpolitiske og det skulepolitiske, som eg trur er svært utfordrande å arbeida i. Ei anna utfordring, utan at ein skal leggja kritikk på produsentane åleine, er at me som forheld oss til skulen møter eit mottakarapparat som ikkje er like fritt som før. Tidlegare kunne kvar rektor og skule ta imot nokså fritt kven og kva dei sjølve ville. Dei hadde rett nok problem med å finansiera dette, og noko av dette vart løyst ved at ein tok foreldrebetaling. Eg vil ikkje påstå at det siste nødvendigvis var positivt. Men det at gratisprinsippet kom samtidig med skulesekkordninga, fungerte innsnevrande i den forstand at det no er nokre få dørvakter som bestemmer kva som skal inn, og som altså har teke ein del kunstnarlege vurderingar basert på kriterium som nemnt ovanfor. 
 
Har du noen visjoner for feltet generelt de neste årene? 
 
– Eg har eit sterkt ønske om at barn og ungdom vert oppfatta som publikum på lik linje med vaksne, at opplevinga deira kjem i sentrum. Det står faktisk i ei stortingsmelding at dei unge har rett på den same standarden som dei vaksne. Og dei bør ha rett til å sjå kunstnarlege produksjonar som ikkje er produserte med det som baktanke at dei skal rekrutterast som eit framtidig publikum, men som gjev dei ei teateroppleving der og då. Ei oppleving som er nok i seg sjølv.
 

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>