Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Bastards banebrytande barne- og ungdomsteater

Fra

Fra "Work in progress!". Foto: Morten Traavik.

Då Trondheim sitt programmerande teater, Teaterhuset Avant Garden (TAG), tidligare i haust arrangerte scenekunstfestivalen Bastard, vart den slått saman med barneteaterfestivalen Den unge garde (DUG). Eitt premiss vart at festivalen skulle presentere samtidskunst for barn og unge – fordi dei fortener det.

For teatersjef ved TAG, Per Ananiassen, er det viktig å kommunisere at dei er eit teater for både barn og vaksne, og at alle skal få moglegheit til å oppleve samtidskunst, men fortel at sammenslåinga i stor grad var av praktiske årsakar.
– Å arrangere dei to festivalane som biennalar har ikkje gitt nok kontinuitet, ved å slå dei saman håpar vi at namnet til Bastard blir sterkare – det er enklare å marknadsføre eitt varemerke enn to. 
Ananiassen hadde fått med seg Gry Ulfeng på laget som var hyra inn til å vere medkurator for barne- og ungdomsprogrammet. 

Samtidsscenekunst for barn og unge

– Barneteater i Norge er gamaldags, seier Ulfeng, som meiner det ikkje samsvarar med samtidsscenekunsten sitt uttrykk internasjonalt. – Det er svært knytt til den tekstorienterte teatertradisjonen, det visar seg på metode og uttrykkform på framsyningar. Ho opplever at denne typen teater blir belærande og moraliserande. 
– Barneteatret er så bunde til teksten at ein ikkje tenker på moglegheitene til å gripe ting annleis og blir blind på sin eigen tradisjon, hevdar Ulfeng. Ho ynskjer seg meir samtidscenekunst for barn, noko ho ikkje definerer som kunst naudsynt laga i notida, men kritisk kunst som er aktivt reflekterande i og til si samtid. Dette gjer ein ikkje gjennom tekst, men gjennom val av form og formale strategiar, seier Ulfeng og fortsett: 
– Uansett kva alder ein har, så held ein seg til dei same kontekstane i samtida, og slik sett har ikkje alderen på publikumaren noko å seie. Dermed passa det i grunnen godt å slå saman DUG og Bastard.
Ho ynskja å gi plass til scenekunst for barn og unge som sett kunstnarisk fridom og integritet som eitt ubetinga første premiss. Premiss nummer to var at det skulle vere kunstnarar som jobbar i fremste rekke med samtidsscenekunsten og dens uttrykksformar, fordi barn og unge er ikkje ei spesiell gruppe og fortener og skal ha samtidskunst slik som alle andre publikumsgrupper. 


Fra "Work in progress!". Foto: Morten Traavik.

Barn og unge treng teater som utfordrar

Barne- og ungdomsprogrammet under Bastard spenna frå Nord-Korea og Finland til ulike vidaregåande skular i Trondheim og Rema 1000 Moholt. Ein av dei som hadde reist lengst for å få med seg aktørar til sitt prosjekt var Morten Traavik. I Work in progress! hadde han med nordkoreanske ungdommar frå Kum Song musikkskule i Pyongyang og norske ungdommar frå Steinerskulen i Trondheim. I denne framsyninga presenterte dei kvart sitt politiske system, dei norske ungdommane gjennom eigenskrivne parolar for ulike norske politiske parti, og dei nordkoreanske ungdommane gjennom musikalske innslag. Ei framsyning som i etterkant skapte meir debatt i media enn i skulegarden, deriblant på Kulturnytt i NRK. 
 
Framsyninga vart vist for ungdomsskuleklassar gjennom Den kulturelle skolesekken på dagtid, og vart ope for resten av publikum på kveldstid. Dette vart fyrste gongen Traavik lagde ein produksjon med, og ikkje minst for, barn. 
– Som publikum kan barn vere meir opne for andre typar uttrykk og det utradisjonelle enn dei vaksne. Dei vaksne søkar gjerne etter noko dei skal forstå, men barn vil kanskje berre oppleve, påstår Traavik. 
Ulfeng ser ikkje slik på det, ho meiner at dette er noko ein gjerne likar å tru. 
– Barn tar fort tradisjonar og reproduserer trendane i den dominerande delen av feltet, og når foreldra stort sett tar med seg ungane på dei store teatra, blir teatersynet til barna likt det. 
– Vi sett kunstige skilnadar på kva som passar for barn og kva som passar for vaksne, meiner Ananiassen. – Vi skal ikkje vere redde for å vise barn noko meir vaksent. Sjølvsagt er enkelte ting meir eller mindre egna, det kan vere for keisamt eller ha eit tema utanfor barn sine referanserammer, sjølv om barn òg har ulike rammar for forståing akkurat som det vaksne publikum. 
Traavik meiner at ein prinsipielt sett bør bli flinkare til å presentere barn for kunst som utfordrar dei, som er stimulerande og nysgjerrigheitsskapande. 
– Barna har i dag ein veldig stor tilgang på ferdige underhaldingsprodukt, særleg i TV og data. Det teatret kan gjere, som ein skjerm ikkje kan, er å stimulere deira delaktighet i ein framsyningsprosess, det kan vere interaktivt eller bidra til fantasi og møte med inntrykk. 
For Ulfeng handlar det ikkje berre om å utfordre, men først og fremst møte det unge publikummet utan ei bestemt forestilling om kva dei vil ha. Og ikkje møte dei med ei marknadstenking.
 – Barn og ungdom fortener og skal ha samtidskunst slik som alle andre publikumsgrupper, og på den måten håpar eg at årets Bastardfestival blir banebrytande for norsk barneteater.

 


blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>