Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Forsking i djupna

Jan-Kåre Breivik

Jan-Kåre Breivik

Halvvegs i prosessen fortel prosjektleiar Jan-Kåre Breivik om røynsler frå forskinga på DKS. – Elevane sin etniske bakgrunn, klasse, kjønn og eventuell funksjonshemming har store konsekvensar for korleis tilbodet vert møtt og fortolka, seier han til Kunstløftet.

I sitt treårige forskingsprosjekt på Den kulturelle skulesekken (DKS) har Uni Rokkansenteret valt ein brei inngang, der både kunstfaglege, pedagogiske, antropologiske og statsvitskaplege innfallsvinklar er henta fram.
 
– Me stiller ei mengd av spørsmål og er opptekne av å sjå fenomenet frå fleire sider, konstaterer prosjektleiar Jan-Kåre Breivik, som understrekar at dei mange blikka på DKS framfor alt handlar om å gå i djupna.
 
Gjennom inngåande intervju med involverte – frå utøvar-, mottaks- og produksjonsapparat – ynskjer ein å finna ut noko om betydinga til dei møta som finn stad i DKS. I studiet av desse møta er synspunkta frå forvaltninga, politikken, kunstnarane og lærarane viktig. Og ikkje minst er ein opptekne av synspunkt frå dei unge, og barnet er henta i forskinga, på fleire vis.
 
– Me observer, intervjuar og samhandlar med barn under og etter møta deira med skulesekken. Desse intervjua er ein viktig ingrediens i prosjektet vårt, fortel Breivik.
 
– Me er òg opptekne av barneforsking generelt og oppfattingar av kva eit barn «er» og kan vera. Eit problem i DKS er at borna ofte vert sett på som ei einsarta gruppe. Men gruppa er ikkje slik. Snarare vil ho kunna representera eit stort mangfald. I ekstreme tilfelle, i skuleklassar der den sosioøkonomiske bakgrunnen er spreidd, kan jentene i klassa drøyma om å bli ballettdansarar, medan gutane gjerne vil bli geriljasoldatar for Hamas – for å setja det på spissen. I forskinga på skulesekken kjem ein altså ikkje utanom spørsmål om etnisk bakgrunn, klasse, kjønn og eventuell funksjonshemming. Alle desse aspekta har konsekvensar for barn sine opplevingar.

Mellom det konkrete og det generelle

For å kunna gå i djupna, er det gjort avgrensingar. Forskarane har hovudsakleg konsentrert seg om scenekunst, musikk og kulturarv, og studerer eit utval klassetrinn: 4. klasse, 8. klasse og 2. trinnet på vidaregåande skule – i fire utvalde fylke.
 
– Under markeringa av DKS sitt 10-årsjubileum i Larvik, kritiserte somme av deltakarane at de arbeider på eit for lite område til å kunna seia noko generelt om skulesekken. Meiner de at erfaringane de hentar fram er relevantei eit nasjonalt perspektiv?
 
– Eitt grunnleggjande svar til dette er at det ikkje er det statistisk representative som er vår viktigaste prioritering. Det finst tidlegare, meir evaluerande forsking på DKS som har vore basert på undersøkingar som går breitt ut i store deler av landet. Den gjer det mogleg for oss å få eit heilskapleg bilete. Skal ein innvenda noko mot denne forskinga, er det at den ikkje eigentleg gjev så mykje djup informasjon.
 
– Slik kan vårt bidrag, der me går i djupna frå mange innfallsvinklar, vera noko nytt og anna. Me arbeider i eit spaningsfelt mellom det konkrete og det som er mogleg å generalisera. Men eg trur at djupneanalysane er moglege å trekkja vidare. Me vil kunna seia noko om kva som skjer på ein bestemt skule i ein bestemt kommune, og dette vil ha ein viss relevans for andre kommunar av same storleik.

Diffus kvalitet

– I evalueringa av Rikskonsertane såg ein på administrative og organisatoriske strukturar, medan ein la lite vekt på kvaliteten i sjølve produksjonane. Korleis grip de an denne delen av DKS?
 
– I dette forskingsprosjektet vurderer me ikkje om produksjonane er gode eller dårlege. Me er meir opptekne av korleis ordninga fungerer, og korleis den vert opplevd som heilskap, både for dei som driv ordninga framover og for dei som erfarer den meir direkte. Men me ser òg på korleis meiningsdanning kring kvalitetsomgrepet føregår. Mange løftar jo kvalitetsomgrepet opp som det viktigaste ved ordninga. I prosessen med å velja ut framsyningar, ser me at element som målgruppe, pris og tilpassing til lokale forhold, gjerne inngår i den kvalitative tenkinga. Dette er igjen element som er enkle å definera. Vurderinga av kvaliteten på det kunstnarlege innhaldet er meir diffus. Me har mellom anna følgt marknaden for scenekunst i Sandefjord, Show Box i Oslo, og andre tilsvarande marknader og lytta til kva oppkjøparar snakkar om etter visningar. Me ser at det er vanskeleg for folk å gje umiddelbart uttrykk for kva som er bra eller dårlig. Dei aller fleste er svært usikre på dette. Kva er det då som gjer at ein ender opp med å velja ein framsyning? I ein slik samanheng er det interessant å finna ut av kven som vel ut kva, kva slag kompetanse dei har og kva slag kriterium dei går etter.
 
– Ja, har de nokre tankar om dette?
 
– Me meiner å sjå at mange følgjer etter dei som har god artikulasjonsevne innan feltet: At ein vel gjerne det som andre har valt. Òg hjå dei som er rådgjevarar på feltet, slik som Scenekunstbruket og andre aktørar med programinnverknad, ser me at kvalitet er eit uklårt omgrep. Frå fleire kunstnarar har me fått rapportar om at dei har problem med å få grunngjevnader for produksjonane deira er valde eller ikkje. Det kan tyda på at fylka, kommunane og aktørar som Scenekunstbruket ikkje ynskjer innsyn i denne typen av sakshandsaming. Men det kan like gjerne tyda på at dei ikkje føler seg trygge nok på vurderingane som er gjort. Det betyr ikkje at framsyningane som er valde er dårlege. Men det betyr at det er grunnlag for å stilla spørsmål kring kriteria ein vurderer etter, og at behovet for transparens er stort.

Mot det «skolske» i skulen

På nettsidene sine skriv Uni Rokkansenteret at dei vil markera distanse til evalueringstradisjonar som undersøker kultur- og utdanningspolitikkens måloppnåing utan å stilla spørsmålsteikn ved premissa som er lagt. I tillegg skriv dei at dei ynskjer å problematisera stereotype oppfattingar, og vil søkja nye perspektiv på Den kulturelle skolesekken – som kultur- og utdanningspolitisk prosjekt. 
 
– Under feiringa av DKS i Larvik stilte du spørsmål ved DKS som eit potensielt uniformt fenomen, gitt at ideen om skulen som danningsinstitusjon er den same som på 1970-talet. Kan du utdjupa dette?
 
– Her er det vanskeleg å seia noko bastant om stoda. Men i programma me har sett, opplever eg nok ein sterk tendens til at ein prioriterer opplegg som er målgrupperelaterte og forankra i læreplanen for det spesifikke klassetrinnet. Det er ingenting i vegen for at ein god kunstnarleg produksjon kan passa inn i skulekvardagen og opna den opp. Men om skulesekken blir for retta inn mot skulen, i eit samfunn der mange elevar kan ha behov for noko anna enn dette skuleretta, kan skulesekken vera med på å ekskludera dei som alt har problem med det «skolske» i skolen.

Følarar i media

– Prosjektet dykkar varer i tre år, og de er snart halvvegs. Fleire gonger har du uttalt deg i media om DKS. Kva tankar har du om å bidra i offentlege samanhengar før eit prosjekt er ferdig?
 
– Ein kan sjølvsagt stilla spørsmål om det er mogleg å presentera ting i media undervegs i eit prosjekt. Eg har, også tidlegare i min antropologiske forsking, nytta media som eit verkemiddel, og sendt ut følarar for å sjå kva desse genererer av reaksjonar. Me produserer jo ikkje objektive fakta, men gjev analysar som kan bidra til debatt. Og det er interessant for forskinga vår korleis feltet sjølve tek del i samtalen. Faren i ein slik strategi er at media gjerne spissar ting, der me helst vil nyansera. Dette er forskinga sitt evige dilemma: Kor mykje ein skal spissa emnet sitt for å få merksemd? Samstundes meiner eg god samfunnsforsking har plikt til å ta tak i element som er viktige og debattverdige.
 
– Du har mellom anna uttalt at det er store variasjonar i mengda tilbod frå DKS som kvart enkelt barn får oppleva. Uheldige kan risikera å ikkje få med seg noko DKS-tilbod i det heile, medan andre får fleire. Årsaka er ulik praksis for DKS frå skule til skule, frå fylke til fylke. Meiner du DKS-tilbodet burde vore organisert likt i alle kommunane for å oppnå like vilkår?
 
– Det er i utgangspunktet ikkje noko gale i at enkelte kommunar og fylke har fridom til å spela inn fleire midlar enn dei som er tildelte. Problemet er når skulesekken er organisert slik at enkeltskular kan velja om dei vil vera med eller ikkje, og somme skular då ikkje prioriterer feltet. Så lenge målformuleringa for DKS-ordninga er at alle elevar skal få kulturelle opplevingar er dette uheldig.
 
– Har me nokon eigentleg dokumentasjon på skeivfordelinga?
 
– Førebels veit me ikkje kor stort omfanget er, men me reknar med at tendensen er der. Til dømes kan ein tenkja seg kommunar som rapporterer at alle skular har tilbod, men som gløymer å telja med privatskulane. Me veit òg at det finst skular der lærarane let særleg brysame elvar få eit alternativt opplegg. I tillegg kandet tenkast at somme elevar med funksjonshemmingar ikkje får noko ut tilbodet, dersom det ikkje er lagt tilstrekkeleg til rettes for dei det gjeld. I tillegg er geografiske avstandar og storleiken på den enkelte staden sjølvsagt med på å gjere omfanget av tilbod ulikt.
 
– I Larvik var du òg inne på maktstrukturar ved utvalet av produksjonar, og gjekk så langt som å nemna ordet korrupsjon?
 
– Dette er eit betent område, men det er ingen grunn til å tru at korrupsjon som fenomen ikkje er aktuelt her som på dei fleste andre felt. Det er sterke interesser som kan leggja pressmiddel på å få inn bestemte produksjonar. Stort sett er dette innafor det legitime i DKS, og det er ikkje mange av prosessane som er skjulte. Kanskje bortsett frå prosessane som rører seg om kvalitet, der folk held korta tett til brystet. Som sagt handlar ikkje dette nødvendigvis om at ein vil halda noko skjult, men at kvalitetsomgrepet er problematisk. Derfor er det viktig å ha ein slik diskusjonen på dagsordenen.

Merkevaren DKS

Etter at Uni Rokkansenteret fekk oppdraget om å forska på DKS, har miljøet synt stor interesse. Mange har meldt seg til forskingsgruppa med ynskje om å formidla kva dei held på med. Dette er i seg sjølv interessant, meiner Breivik.
 
– Det er sjeldan eg har vore med på eit prosjekt der feltet er så interessert i å få formidla interessene sine. Dette er fint for oss forskarar, samstundes seier det noko om feltet. På alle område, både i forvaltinga, på den enkelte skulen og i politisk miljø, opplever me at ein finn det viktig å markera seg: Å ytra at ein er opptekne av kultur for barn og unge, nesten som ein måte å sanka stemmer på. Mange som jobbar med DKS er opptekne av å byggja skulesekken som merkevare og "selja" den inn til politiske myndigheiter. Med høg profilering tenkjer ein kanskje at DKS får høgare merksemd i konkurranse med andre «gode føremål» som til dømes idretten. Dette peikar på at ein i samfunnet vårt nyttar kunst og kultur for barn og unge som eit slags verkemiddel – for mellom anna stadutvikling og næringsutvikling.
 
– Du meiner det er problematisk om DKS handlar for mykje om merkevarebygging?
 
– I utgangspunktet tenkjer eg at det er legitimt, kanskje også fornuftig, å tenkja lokalt om skulesekken. Det finst gode argument for å styrka elevane si tilknyting til staden dei bur, og det er forståleg at ein i DKS lokalt tenkjer på elevane som eit framtidig publikum. Men i augneblikket ein slik tankegang gjer seg gjeldande for utvalet av produksjonar: om ein held ute kunstnarleg sett svært gode produksjonarfor å fokusera på det lokale åleine, kan det vera problematisk, seier Breivik.
 
– I tillegg meiner eg altså at DKS er blitt ein slags nasjonal merkevare, som ein kan smykka seg med. Dette meiner eg er problematisk. Utanriksminister Jonas Gahr Støre og aktørar ute i verda refererer somme gonger til den store suksessen DKS på ein nokså unyansert måte. DKS vert i eit stort perspektiv med på å profilera Noreg som fredsnasjon, som eit unik og eineståande prosjekt.
 
– Men skulesekken er unik, og mange meiner at Noreg er eit føregangsland i denne samanhengen: Kvifor ikkje då reklamera for ordninga, og smykka seg med den i utlandet?
 
– Hadde eg vore i same posisjonen ville eg kanskje gjort det. Men når eit innsatsfelt vert heilaggjort på denne måten, risikerer ein at den sunne, kritiske diskusjonen om feltet forsvinn. Eg meiner at mykje av kritikken DKS har møtt ikkje vert løfta skikkeleg opp. Alle er samde om at kunst og kultur for barn er viktig, lokalt, regionalt og nasjonalt. Men det er få som er villige til å gå inn i dei kritiske problemstillingane, som til dømes diskusjonen om desse kulturopplevingane vert nytta til andre formål enn dei estetiske opplevingane i seg sjølve. Dette meiner eg er uheldig for skulesekken i framtida. Konstruktiv kritikk er ikkje noko negativt. Den er beint fram naudsynt om ordninga skal utvikla seg vidare. Redsla for kritikk i miljøet rundt DKS er med andre ord ikkje særleg godt grunngjeve.
 
 
Ida Habbestad, tidligere redaktør for kunstløftet.no
20.05.11

 


blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>