Jubileum 2015

Kulturrådet 50 år 1965 - 2015

Rådsmedlem

Audgunn Oltedal

Audgunn Oltedal satt i Kulturrådet fra 1973-1976 og 1977-1980. Portrett fra 1968 Foto: Eirik Sundvor/Trondheim byarkiv

Audgunn Oltedal satt i Kulturrådet fra 1973-1976 og 1977-1980. Portrett fra 1968 Foto: Eirik Sundvor/Trondheim byarkiv

Journalist, redaktør og førstelektor Audgunn Oltedal var medlem i Kulturrådet i to periodar. Ho hugsar kvasse prinsipielle diskusjonar om kva som kan kallast kultur.

I jubileumsåret vil vi intervjue fleire av Kulturrådets medlemmar sidan Kulturrådet blei skipa i 1965. Førstemann var Torbjørn Rodahl, og denne gongen er det Audgunn Oltedal.

Namn: Audgunn Oltedal (fødd 12. april 1945)
Rådsmedlem: 1973-1976 og 1977-1980
Heimstad: Bærum, Akershus
Biografi: Førstelektor ved Høgskulen i Oslo og Akershus. Har skrive ei rekke vitskaplege publikasjonar om journalistikk, menneskeverd og personvern. I 2012 ga ho ut boka «Formødrenes stemmer: Kvinneliv rundt stemmeretten» saman med Arnhild Skre. Tidlegare journalist i blant anna NRK og første redaktør i vekeavisa Ny Tid.

1. Kva rolle meiner du Kulturrådet speler for kunst og kulturlivet i Noreg?

- I Kulturrådet si breie målsetjing (stimulere skapande åndsliv i litteratur og kunst, verne den norske kulturarven og arbeide for at flest mogleg får del i kulturgodene) ligg det store spenningar. Skal pengane gå til kultur i distrikta eller i hovudstadsregionen? Til  smale prosjekt som når få eller til tiltak som når mange? Kulturrådet har greidd å stå i slike konfliktfylte avvegingar i 50 år. Difor har Rådet ein viktig posisjon i dagens kunst og kulturliv.

2.Er det noko spesielt du hugsar frå tida som rådsmedlem?

- Eg kom inn i Kulturrådet i kjølvatnet av folkerøystinga om EU i 1972, oppnemnt av Korvaldregjeringa. Aller best hugsar eg dei årlege turane til ulike deler av landet. Dei sikra bakkekontakt til breidda i norsk kulturliv. I dei to periodane eg var medlem, var eg særleg oppteken av å styrke feltet barnekultur. Fleire barnebøker på samisk var eit av dei tiltaka vi arbeidde med.

3. Kva var dei største utfordringane for Kulturrådet på den tida?

- Vi var medvitne om at vi sat i eit råd som var nokså nyetablert, og at dei vala som vart gjorde, la føringar. Korleis unngå eit smalt blikk for kva som var kultur? Innan kva område skulle ein setje i gang nye tiltak? Dette opplevde eg som to sentrale utfordringar i utvalsarbeidet.

Rådsmedlemmer 1973-1976

Oppnevnt ved Kgl resolusjon:

  • Hartvig Kiran, programdirektør, formann 
  • Bjørn Aarseth, skolestyrer, viseformann
  • Kari Frisell, sangerinne
  • Ivar Grimsmo, forfatter
  • Kåre Holt, forfatter
  • Gunnar Leiro, fylkesskolesjef
  • Audgunn Oltedal, redaktør

Oppnevnt av Stortinget:

  • Kjell Bondevik, dosent
  • Kjølv Egeland, statsråd
  • Bjartmar Gjerde, sjefsekretær 
  • Håkon Stenstadvold, maler/rektor

 

Rådsmedlemmer 1977-1980

Oppnevnt ved Kgl resolusjon:

  • Hartvig Kiran, programdirektør, formann
  • Anne Breivik, grafiker, viseformann 
  • Arne Nordheim, komponist 
  • Audgunn Oltedal, redaktør
  • Kåre Holt, forfatter
  • Edel Hætta Eriksen, rektor
  • Halvor Landsverk, fylkeskonservator
  • Wenche Frogn Sellæg, ass. overlege
  • Håkon Johnsen, lagerekspeditør

Oppnevnt av Stortinget:

  • Bjartmar Gjerde, sjefsekretær
  • Kjølv Egeland, statsråd
  • Knut Berg, direktør
  • Anton Skullberg, professor

Les intervjuet med Torbjørn Rodahl.

Se alle intervjuene i artikkelserien Min tid i rådet.


blog comments powered by Disqus