Jubileum 2015

Kulturrådet 50 år 1965 - 2015

min tid i rådet

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland. Foto: Herborg Pedersen

Ragnar Hovland. Foto: Herborg Pedersen

Forfattar Ragnar Hovland hugsar betre medlemmene enn sakene frå tida si i Kulturrådet. Men han hugsar rådet fekk gjennom ordninga med støtte til norske teikneseriar.

I jubileumsåret vil vi intervjue fleire av Kulturrådets medlemmar sidan Kulturrådet blei skipa i 1965. Tidlegare har Torbjørn Rodahl, Audgunn Oltedal, Edel Hætta Eriksen, Åse Enerstvedt og Oddvar S. Kvam blitt intervjua. Denne gongen er det Ragnar Hovland.

Namn: Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952)
Rådsmedlem: 1989-1992
Heimstad: Oslo
Biografi: Forfattar, dramatikar, omsetjar og gjendiktar. Skriv for barn, ungdom og vaksne og har fått ei rekke prisar for forfattarskapen sin. Debuterte som forfattar i 1979 med romanen «Alltid fleire dagar» og har gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar. Hovland er fødd i Bergen og er utdanna cand. philol med engelsk, fransk og litteratur frå Universitetet i Bergen. Han har òg ei lang karriere som musikar bak seg og er keyboardist og vokalist i bandet Dei nye kapellanane. 


1. Kva rolle meiner du Kulturrådet speler for kunst og kulturlivet i Norge?

-Så vidt eg kan sjå er Kulturrådet framleis den viktigaste instansen her i landet når det gjeld støtte til kunsten og kulturlivet, sjølv om det jo også finst andre viktige instansar. Kulturrådet sit på stor erfaring og ekspertise.

2. Er det noko spesielt du hugsar frå tida som rådsmedlem?

-Det er over 20 år sidan eg sat i rådet, og eg hugsar nok ikkje så mykje. Men vi fekk iallfall gjennom ordninga med støtte til norske teikneseriar. Innkjøpsordninga var også oppe til vurdering og diskusjon, og det var full semje om at den var vellykka og skulle halde fram som før. Elles var det nok mest «vanlege» støttesaker til enkeltprosjekt.

3. Kva var dei største utfordringane for Kulturrådet på den tida?

-Veit ikkje om det var så spesielle utfordringar i mi tid i forhold til andre tider, ein kjenner jo alltid på at ein har for lite pengar å dele ut, og det er sterke aktørar som pressar på. Innkjøpsordninga var under eit visst press, og det var viktig å prøve å styrke den. Ei utfordring var også å prioritere nyskaping framfor «faste» tilskot.

Rådsmedlemmer 1989-1992

(oppnevnt ved Kgl resolusjon):

  • Oddvar S. Kvam, Oslo, leder
  • Tove Veierød, Harstad
  • Håkon Fimland, Førde
  • Ragnar Hovland, Valen
  • Jan Henry Keskitalo, Kautokeino
  • Hilde Mæhlum, Oslo
  • Kari Nordheim-Larsen, Skien
  • Bjørn Schoder, Kristiansand
  • Anne-Johanne Sørheim, Lena

(oppnevnt av Stortinget):

  • Knut Berg, Oslo
  • Reidun Berg, Oslo
  • Guttorm Hansen, Namsos
  • Jakob Aano, Hafrsfjord (f 1920)

Se alle intervjuene i artikkelserien Min tid i rådet.


blog comments powered by Disqus