Tverrfaglig

Rom for kunst

Aktuelt

Vidareføring av gjestekurator- og gjestekunstnarstøtte

Fossekleiva Kultursenter på Berger i Vestfold har fått støtte til eit residensopphald sommaren 2016. Foto Kikki Hovland

Fossekleiva Kultursenter på Berger i Vestfold har fått støtte til eit residensopphald sommaren 2016. Foto Kikki Hovland

Det blei i rådsmøtet 26. januar vedteke at forsøksordninga for gjestekurator- og gjestekunstnarstøtte vert vidareført med to søknadsfristar i 2016. Søknadsfristane er 2. mars og 2. september.

Forsøksordninga blei oppretta av Kulturrådet i 2014, og har til formål å gje kunst- og kulturarenaer moglegheit til å invitere kuratorar, programskaperar, frittståande arrangørar eller kunstnarar til samarbeid om programutvikling og/eller kunstproduksjon. På den måten skal ordninga bidra til å styrke arenaenes moglegheiter for utvikling av innhald og programmeringskompetanse. Ordninga er sjangeropen og inkluderer alle dei kunst- og kulturområda som Kulturrådet dekker.

Aktuelle målgrupper for ordninga er arenaer som kulturhus, spelestader og konsertscenar, litteraturhus, visningsstader og kunsthallar, arrangørar og festivalar mfl. Det kan for eksempel søkast støtte til å invitere kuratorar, programskaparar eller arrangørar til samarbeid om programmering eller utvikling av arenaens program og programprofil. Det kan også søkast støtte til å invitere enkeltkunstnarar og/eller grupper til kunstnarisk produksjons- og utviklingsarbeid med betyding for arenaen dei besøker. Støtte blir normalt gjeve til å dekke honorar/lønn, samt utgifter til reise og opphald for den/dei som er invitert.

44 prosjekt har fått støtte

I 2014 og 2015 har 122 søknadar vorte handsama, og det er gjeve støtte til 44 prosjekt. Til dømes har kulturhuset Lørenskog hus i Akershus motteke støtte til å engasjere kunstnar og kurator Lene Tangen som gjestekurator for kulturhusets Kunstsal i 2016. Gjennom gjesteopphaldet skal Tangen bidra til å profesjonalisere arbeidsform, utvikle nye utstillingskonsept, samt bygge opp nettverk lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet skal bidra til at kulturhuset, i samarbeid med den lokale kunstforeininga, kan utvikle og profesjonalisere eit eige program- og formidlingsarbeid innan visuell kunst.

Ei anna døme på arenaer som har motteke støtte frå ordninga, er Fossekleiva Kultursenter på Berger i Vestfold. Kultursenteret har invitert koreograf, dansar og performancekunstnar Inger-Reidun Olsen til eit residensopphald sommaren 2016. Under opphaldet skal Olsen både arbeide med å vidareutvikle og utvide sitt koreografiske arbeid gjennom eit fordjupings- og utforskingsprosjekt, samt medverke som utøvar og kurator i kultursenterets program i 2016.

Her kan du sjå alle tildelingane frå ordninga

Prioriterer utvikling av kunstnarleg innhald

- I vurdering av søknader til forsøksordninga har fagutval og råd prioritert prosjekt der gjesteopphald er motivert av eit ynskje om ein utvikling av kunstnarleg og/eller fagleg innhald ved arenaen som søkjar støtte, seier sakshandsamar for forsøksordninga Hilde Stenseng. - Dette kan til dømes vere gjennom samarbeid om programutvikling og kuratering, eller gjennom samarbeid mellom gjest(ar) og lokale kunstnarar eller andre aktørar. Utvalet har også lagt vekt på element som internasjonalt samarbeid og utveksling av kunstfagleg kompetanse i Noreg.

Hilde Stenseng

Ved å vidareføre ordninga i eit år til, ynskjer Kulturrådet å nå ut til eit endå breiare tilfang av kunst- og kulturarenaer over heile landet. Til dømes har det komme nokså få søknader frå kulturhus og arenaer og arrangørar innan musikkfeltet, medan det har vore fleire søknader frå til dømes visningsstader og arenaer innan visuell kunst og tverrkunstnarlege uttrykk. 

- Ordninga representerer ei moglegheit for arenaene til å få støtte til å hente inn ny kompetanse eller sette i gang nye samarbeidsprosjekt mellom arenaene og til dømes frittståande arrangørar og kuratorar/programskaparar innan fleire kunstfelt, seier Stenseng.

Ordninga vil i 2016 ha ei samla budsjettramme på om lag 3 millionar kroner, og dei aktuelle søknadsfristane i 2016 er 2. mars og 2. september.

Les om siste tildeling frå forsøksordninga i 2015

Ny utlysingstekst for ordninga blir gjort tilgjengeleg 1. februar


blog comments powered by Disqus