Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Workshop Valen

Workshop Valen er ein tverrkunstnarleg workshop i intuitiv skaping og improvisasjon for grunnskuleelevar i Grunnskulen i Sveio kommune.

Praktisk gjennomføring

Kunstnarane Magnar Åm, Marit Moltu og Solveig Styve Holte møtte elevar i 5.-7. trinn i skulane i Sveio kommune. Det er 5 skular i kommunen som lot elevane få møte kunstnarane. Kunstnarane møtte elevane på skulane deira i førebuingsdelen. I samband med den avsluttande framføringa samlast alle i Valestrand kulturkyrkje til forestillinga «harmoni, konflikt, løysing» under Fartein Valen-festivalen.

Bakgrunn

Improvisasjon er å gjere det beste ut av kvar augneblink utan å vite på førehand kva ein skal gjere. Det krev ei open, uredd innstilling, og det krev eit blikk eller øyre for kva som gagnar best til ei kvar tid. I gruppeimprovisasjon krev det også eit fokus på å balansere mellom å ta plass sjølv og å gi andre plass. Improvisasjon er ein naturleg del av både det individuelle og det sosiale livet. Men det er også ein dugleik innanfor kunstgreinene. Og det er dei same haldningane som krevst der som i livet. Difor meiner me at det å trene opp improvisasjonsevnene i kunstaktivitetar kan kome til nytte i livet elles, føresett at ein får tilsvarande rettleia trening i å overføre desseevnene til daglege livssituasjonar.

Workshop Valen

WorkshopValen vart starta opp av komponisten Magnar Åm i samband med tildeling av Fartein Valen-stipendet 2003 - og det er idegrunnlaget hans som har prega utforminga av improvisasjonsverkstaden i alle dei åra WorkshopValen har vore gjennomført.
 
FarteinValen-stiftelsen ser på WorkshopValen som eit viktig tiltak. I tråd med ideane til den kulturelle skulesekken, har det vore vår intensjon å la elevane få møte kunstnarar i ein medskapande prosess. Erfaringane frå dette prosjektet er at arbeid med kunstnarlege prosesser som ide og verktøy, opnar for ei vidare erkjenning hjå elevane. Kunsten har ein eigenverdi og gjennom improvisasjonsverkstaden vert elevane også utøvarar i ein kunstnarleg prosess. Dei får eit verktøy dei kan nytta til utfordringar dei møter i liva sine, både utfordringar, dypare erkjenning og problemløysing. Denne aldersgruppa treng også å opparbeide personleg tryggleik og dei vil derfor ha glede av å ha opplevd meistring på denne måten.

Prosessen elevane tek del i er viktig

Den kunstnarlege målsetjinga for prosjektet vert oppnådd gjennom praktiske øvingar i førebuinga til den avsluttande forestillinga. Dette er den viktigaste delen av WorkshopValen. Den avsluttande forestillinga er eit slags augneblinksbilete på kva det har vore arbeidd med. Det viktigaste resultatet er imidlertid den endringa som finn stad hjå dei som deltek. Skeptisk åtferd og redsle for det framande gjev plass for ei open haldning til andre gjennom rørsle, musikalske verkemiddel og skaping av sambindande tråder gjennom rommet.

Erfaringar om bruk av kyrkjerommet

Det har vore viktig for prosjektet å nytte kyrkjerommet i prosjektet. I førebuingane ynskte ein å nytte dei vante omgjevnadene til å skape tryggleik. Ulempa er at dei sosiale rollefordelingane vert stadfest. Nye omgjevnader kan frigjera elevane frå desse. Intuisjon er ein viktig del av workshopen, og det kvar eit mål for kunstnarane at elevane skulle finne fram til andre sider ved seg sjølv. Kyrkjerommet gav ein fin dimensjon til improvisasjonen som foregjekk og det gav ei ramme som skapte konsentrasjon.
 

blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>