Æresprisen

Kulturrådets ærespris

Aktuelt

Musikalsk leikent og høgtideleg frå prisvinnar

Rådsleiar Tone Hansen og direktør i Kulturrådet Kristin Danielsen med urløven i bronse av Elena Engelsen, som er ein del av æresprisen. Alle foto: Kulturrådet Slagverkensemble frå Forsvarets musikkorps Nord-Norge, Harstad. Dei spelte blant anna Norske Revelje (trad.) og Crazy Army av E. Lemley. Messingblåsarane frå Forsvarets stabsmusikk i Oslo framførte blant anna Rådsleiar Tone Hansen og prismottakar på vegne av Forsvaret musikk, kommandørkaptein Arnstein Lund. Presidenten i Noregs Musikkorpsforbund, Rita Hiskjom Lystad, heidra prisvinnaren med ei blomehelsing. Blåsekvintett frå Luftforsvarets musikkorps i Trondheim. Dei framførte KGl. norske marines musikkorps frå Horten Framførte

- Dette er overveldande! Det gjer meg veldig rørt å, på vegne av mine tilsette, ta imot landets gjevaste kulturpris, sa kommandørkaptein Arnstein Lund då han, på vegne av Forsvarets musikk, tok imot Kulturrådet sin ærespris onsdag 14. desember.

- Det er ein spesiell dag for alle dei tilsette. Det er summen av vårt arbeid som utgjer den kulturelle kampkrafta for Forsvaret. Prisen skal nyttast til jubileumsmarkeringa av vårt 200-årsjubileum i 2018, fortalde Lund i takketalen.

Rådsleiar, Tone Hansen som overrekte Kulturrådets ærespris på kr 600 000 understreka at dette var ein pris som heidra Forsvarets musikk sitt arbeid sidan 1817, med at den også peika framover.

- De får prisen for rolla som kulturberar, fornyar og for den uvurderlege rolla som de har spela i norsk kulturliv både lokalt, nasjonalt og internasjonalt sidan 1817. Men me forventar også store ting i mange år framover, sa rådsleiar, Tone Hansen då ho delte ut prisen.

Musikalsk snert

Nesten 100 musikarar frå fire av dei fem korpsa bidrog med eit variert og spenstig program på utdelingsseremonien i Marinemusikkens lokale i Horten.

På repertoaret stod mellom anna «Humlens flukt» framført i venleg konkurranse mellom ein klarinett og ei tverrfløyte og eit musikalnummer som «My favourite things», med solist Heidi Ruud Ellingsen. Også norsk musikk stod på programmet, med både slagverkrevelje og stykket In Brief, komponert av Horten-komponisten Olav Berg som var tilstades i salen.

Mange hadde komme for å heidra prisvinnaren

Både Kåre Pettersen, varaordførar i Vestfold fylkeskommune  og Are Karlsen, ordførar i Horten kommune gav blomsterhelsing til prisvinnaren og uttrykte kor stor betydning og kor stor støtte korpsa har i lokalsamfunna der dei held til.

Komponistforeininga som nominerte Forsvarets musikk til æresprisen,  gav også ei blomehelsing denne kvelden. Formannen Jørgen Karlstrøm la vekt på korpsa si viktige rolle som ein av dei som bestiller og framfører mest norsk musikk i Noreg.

- Dette betyr mykje for norske komponistar, men ikkje minst betyr det heilt utruleg mykje for Noreg som kulturnasjon, sa Karlstrøm.

Presidenten i Noregs Musikkorpsforbund, Rita Hiskjom Lystad, nytta også høvet til å e Forsvarets musikk. Ho la særleg vekt på kor viktige dei er som rollemodellar, gjennom konsertar og ved å bidra som instruktørar til korpsrøyrsla på grasrota i Noreg.

Forsvarets musikk har støtte i heile folket

Også Anders Hovind, nestleiar i Musikaranes Fellesorganisasjon, ville heidre prisvinnaren med ei blomehelsing. Han understreka kor samanvevd Forsvarets musikk alltid har vore med musikklivet elles og at dei har vore sentrale aktørar i å utvikla musikklivet, også på utsida av kasernene.

- Det var utruleg fortent og naturleg at Forsvarets musikk skulle få denne prisen, sa Hovind. – Forsvarets musikk har ei brei støtte i heile folket. Me ynskjer å gratulera Kulturrådet med ei klok og god tildeling og aller mest Forsvarets musikk med ynskjer om ei lys framtid i folkets- og forsvarets teneste. 

Kontaktperson i Kulturrådet

Janne Stang Dahl