Hopp til innhold

Digital utvikling

Digital utvikling handlar om det som skjer når kunst og kultur møter ny teknologi. Dei nye multimediateknologiane og Internett kan nyttjas for å skapa nye uttrykk og opplevingar, gje utvida tilgang til kunst og kultur, og leggja til rette for brukardialog og nye møteplassar

Kulturrådet arbeider med koordinerings- og utviklingsoppgåver på det digitale området som går ut over det einskilde fagområdet og som bør sjåast i ein vidare samanheng. Kulturrådet er kontaktpunkt for samarbeid med andre nasjonale aktørar og internasjonale samarbeidspartar, til dømes andre nordiske land og Europeana. Kulturrådet spelar og ein sentral rolle i utviklingsprosjekt, til dømes K-labsamarbeidet i samarbeid med Riksantikvaren, Riksarkivet og Statens kartverk. 

Utviklings- og koordineringsoppgåvene er definert mellom anna i:

St. meld nr. 24 (2008-2009) Nasjonale strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv

St. meld nr. 49 (2008-2009) Framtidas museum. Forvaltning, forskning, formidling og fornying

St. meld nr 10 (2011-2012). Kultur, inkludering og deltaking. Den understrekar at verksemder og institusjonar på kulturfeltet skal nytta nye digitale verktøy i arbeidet med å nå fleire

Meld. St. 23 (2011–2012) Melding til Stortinget. Visuell kunst