Museum og kulturvern

Digital utvikling

Fakta

E-kultur og digital utvikling

E-kultur eller digital utvikling handlar om det som skjer når kunst og kultur møter ny teknologi.

Fylgjande definisjon vert nytta om e-kultur:

Bruk av dei nye multimediateknologiane og Internett for å skapa nye uttrykk og opplevingar, gje utvida tilgang til kunst og kultur, og leggja til rette for brukardialog og nye møteplassar

Kulturrådet arbeider med koordinerings- og utviklingsoppgåver på det digitale området som går ut over det einskilde fagområdet og som bør sjåast i ein vidare samanheng. Kulturrådet er og kontaktpunkt for samarbeid med eksterne aktørar som regionale kulturnett, fylkeskommunar, andre nasjonale aktørar og internasjonale samarbeidspartar, til dømes andre nordiske land og Europeana. Kulturrådet spelar og ein sentral rolle i fleire utviklingsprosjekt, mellom anna Europeana Awareness, Kultur- og naturreise og LoCloud (startar i januar2013).

Utviklings- og koordineringsoppgåvene er lagt til Seksjon for E-kultur og er definert mellom anna i:

  1. St. meld nr. 24 (2008-2009) Nasjonale strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv.
  2. St. meld nr. 49 (2008-2009) Framtidas museum. Forvaltning, forskning, formidling og fornying.
  3. St. meld nr 10 (2011-2012). Kultur, inkludering og deltaking. Den understrekar at verksemder og institusjonar på kulturfeltet skal nytta nye digitale verktøy i arbeidet med å nå fleire.
  4. Meld. St. 23 (2011–2012) Melding til Stortinget. Visuell kunst
  5. Årlege tildelingsbrev.

I handlingsplanen for 2012 er fylgjande mål og tiltak lagt inn:

  1. Utvikla og styrka innhald og tenester på Internett og nye media i kunst- og kulturfeltet.
    1. Koordinera arbeidet med nasjonale fellesløysingar som Arkivportalen, Digitalt Museum, Digitalt fortalt, Europeana og data til regionale kulturnett og andre gjennom Norvegiana.
    2. Arbeida for at meir innhald vert digitalisert og tilgjengeleg i digital form gjennom nasjonale fellesløysingar.
    3. Arbeida for at digitalt innhald vert teke i bruk på nye måtar og i nye samanhengar og med det får auka bruksverdi og kjem fleire til nytte.
    4. Arbeida for at data kan nyttast mest mogeleg fritt gjennom innføring av opne lisensar
    5. Koordinera teknisk utvikling, som utvikling av gode API-ar, nasjonale felleslister, overgripande standardar, nye datamodellar med meir. 
    6. Stimulera institusjonane og miljøa til å ta i bruk sosiale media.

 

  1. Legge til rette for kompetanseutvikling og kunnskapsdeling, eksternt og internt
    1. Bruka sosiale media med meir om aktuelle saker som gjeld e-kultur
    2. Arbeida for å etablera fagrom om digital utvikling og digital formidling på dei nye nettsidene
    3. Skipa til fagdagar der aktuelle problemstillingar vert sett på kartet og drøfta
    4. Ta initiativ til samhandling og felles møteplassar for statlege aktørar på feltet
    5. Konferansar om e-kultur
    6. Koordinera og stimulera arbeidet regionalt, ha kontakt med fylkeskommunane, regionale kulturnett, oppfølging av planar for e-kultur, strategisamlingar, invitera fylka til årlege samlingar
    7. Følgja opp aktuelle prosjekt som får støtte gjennom utviklingsmidlane for arkiv og museum.
    8. Etablera og gjennomføra eigeninitierte prosjekt som støttar utvikling på feltet.
    9. Formidla det som skjer internasjonalt, særleg Europeana, til institusjonar og fagmiljø, regionale kulturnett med meir

 

  1. Ha eit høgt fagleg nivå og eit sterkt fagleg nettverk
    1. Ta del i arbeidet med data.norge.no og samarbeida tett med DIFI når det gjeld opne data, delingskultur og frie lisensar
    2. Vera aktiv i nettverket knytt til Kultur - og naturreise
    3. Arbeida gjennom regionale kulturnett, samarbeid med fylkeskommunane
    4. Nettverk mot institusjonane (kunst, arkiv og museum) når det gjeld e-kultur
    5. Nordisk samarbeid og faglege nettverk
    6. Internasjonalt nettverk, gjennom Europeana, ulike EU-prosjekt m.m.

 

  1. Aktuelle prosjekt og oppdrag på e-kulturområdet
    1. Europeana Awareness og data til Europeana
    2. LoCloud, startar i januar 2013.
    3. Wikipedia for arkiv, museum og kunst
    4. Utvikla løysingar for regionale kulturnett
    5. Digitalt fortalt og forteljingar som metode i digital formidling
    6. Digitalt innhald og formidling på kunst og kulturfeltet
    7. Kultur- og naturreise – følgja opp Kulturrådets roller her
    8. Etablera nye prosjekt på feltet

 

  1. Seksjon for e-kultur skal
    1. Vera ein ressurs for resten av organisasjonen og realisera matrisen som arbeidsform
    2. Vera ein aktiv part i arbeidet med samla strategi for e-kultur eller digital utvikling i Kulturrådet
    3. Vera eit kompetansemiljø i Kulturrådet når det gjeld arbeidet med stortingsmeldingar, utgreiingar, høyringar med meir på e-kultur eller digital utvikling.
    4. Koordinera e-kulturarbeidet i Kulturrådet når det gjeld oppgåver som er sektorovergripande