Museum og kulturvern

Digital utvikling

Aktuelt

Eritreiske foreljingar på nett

If you want to sing, sing out

If you want to sing, sing out

Glomdalsmuseet opna 4. april ei digital utstilling støtta av Kulturrådet.

I utstillinga "If you want to sing, sing out" fortel eritreiske innvandrarar si personlege historie. Med lyd og bilete fortel dei om den farlege flukten gjennom Sahara, om barndomsminne og andre viktige tema for deltakarane.

Glomdalsmuseet tok i 2011initiativ til pilotprosjektet for å prøve ut digital historieforteljing som eit verktøy for nye innvandrarar til å uttrykkje seg offentleg. Prosjektet er eit samarbeid mellom Kvalifiseringssenteret i Stange kommune, Høgskolen i Hedmark og Glomdalsmuseet – Hedmark fylkesmuseum. Cat Stevens ‘If you want to sing out, sing out' har fungert som inspirasjon i prosessen og ga pilotprosjektet namn. Dokumentasjon og vidareformidling av minoritetane si immaterielle kulturarv har vore viktig i prosessen.

Kvalifiseringssenteret i Stange kommune og deltakarar på introduksjonsprogrammet for innvandrere har vore testpilotar. Høgskolen i Hedmark har bidratt med kompetanse og erfaring i digital historieforteljing. Glomdalsmuseet har vore prosjekteigar og instans for publisering av fortellingene. Erfaringene fra prosjektet vil bli videreformidlet i en egen rapport og materiale fra prosessen vil inngå i forskning knyttet til digital historiefortelling ved Høgskolen i Hedmark.

Kulturrådet støtta prosjektet med 170 000 kroner i utviklingsmidlar for 2012.

Du kan sjå forteljingane på www.digitaltfortalt.no

Kontaktperson:

Kristin Bolgård, telefon 21045812


blog comments powered by Disqus