Museum og kulturvern

Digital utvikling

Aktuelt

Historier langs Rallarvegen

Turen langs Rallarvegen får ein ny dimensjon med den nye appen med 100 digitale historier frå området.

Turen langs Rallarvegen får ein ny dimensjon med den nye appen med 100 digitale historier frå området.

Kulturrådet har bidratt til å utvikle ein app for reisande langs Rallarvegen. Appen er utvikla av Hordaland fylkeskommune og snart kan gåande og syklande høyre historier om den populære turistvegens undervegs på turen.

I august vart den nye Rallarveg-appen presentert på Rallarmuseet på Finse, 1222 meter over havet. Kulturrådet og kring 20 andre gjester, som på ulikt vis hadde delteke i arbeidet med appen, var inviterte til opninga. Etter opninga drog fylgjet samla på sykkel mot Hallingskeid og Myrdal med 100 digitale forteljingar i lomma.

Om appen

På appen finn du kring 100 digitale forteljingar sett saman av tekst, foto og lyd. Forteljingane finn du og på Digitaltfortalt.no. Dei handlar om Rallarvegen og bygging av Bergensbana, men og om anna historie, kulturhistorie, dyreliv, planteliv, isbrear og høgfjellsnatur.

Appen er som ei fortetta Kultur- og naturreise, seier Siri Slettvåg. Ho er prosjektleiar for Kultur– og naturreise og var saman med seksjonsleiar for e-kultur i Kulturrådet, Gunnar Urtegaard, til stades på opninga.

Her kan du høyra om rallaren, om anleggskokka, om steinhogging, bygging av bruer, enkle og kalde butilhøve, endelaust slit, store tankar og om kasseraren som fraus i hel medan han verna om pengeveska. Her er forteljingar om fuglar, om fjellrev, fossar og om tyskarane som brann ned Vatnahalsen hotell jonsokafta 1940. På Finse var det skøytehall og det var her Oscar Mathiesen og Sonja Henie førebudde seg til store konkurransar.

Dreg nytte av tidlegare satsingar i Kulturrådet

Kring 25.000 personar syklar Rallarvegen kvar sommar, og her er soleis alt etablert ei stor målgruppe. For Kulturrådet er det viktig å stilla tidlegare erfaringar og kompetanse til rådvelde for nye prosjekt.

- Røynslene frå arbeidet med digitale forteljingar og kompetanse om nasjonal infrastruktur har vore  nyttige i dette prosjektet og medverka til appen kunne utviklast på så kort tid, seier Gunnar Urtegaard.

Planane vart smidde hausten 2011 på eit arbeidsmøte på Finse. Der vart mellom anna Digitalt fortalt og Kultur- og naturreise presentert. Ideane vart utvikla vidare på ein workshop hjå Kulturrådet i februar 2012. Hordaland fylkeskommune, ved Per Morten Ekerhovd og Marius Kjørmo, har leia prosjektet. Etter vel seks månader er nesten 100 forteljingar på plass og appen klar i først versjon for Android og iPhone.

- Dei kring 100 forteljingane fungerer svært godt som førearbeid, informasjon på staden og for oppfrisking og repetisjon etter turen, seier Urtegaard. – Gode digitale forteljingar aukar lysta til å vita meir. Kanskje det vert den største utfordringa framover. Rallarvegen-appen legg til grunn at smarttelefonen vert den nye kanalen for å dela og henta informasjon. Denne typen tilbod og tenester er i ferd med å setja ein ny standard.

Mange partnarar og tverrfagleg arbeid

Mange er involverte i arbeidet med å halda kulturminnet Rallarvegen i stand, og å utvikla tenester og opplevingar knytt til Rallarvegen. Arbeidet med appen er soleis ein del av ei større satsing for å styrka både reiselivet, turopplevinga og å auka forståinga for kulturminnet Rallarvegen.

Området kring Rallarvegen ligg i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Buskerud og kommunane  Aurland, Hol, Ulvik og Voss. Rallarmuseet, Norsk Jernbanemuseum, NSB, Jernbaneverket  og fleire andre samarbeider om Rallarvegen. Reiselivet har vore ein pådrivar og koplinga kultur og næring har her fått eit konkret og tydeleg uttrykk. Det nære samarbeidet med fagmiljø med god fag- og formidlingskompetanse på mange felt har vore avgjerande.  Rallarvegappen vil og gje nyttige erfaringar til det vidare i arbeidet med Kultur- og naturreise.

Meir informasjon:

  • Siri Slettvåg, telefon 21045867/92840448
  • Per Morten Ekerhovd – tlf 95760481
  • Marius Kjørmo – tlf 99440697

blog comments powered by Disqus