Internasjonalt

Kreativt Europa

Aktuelt

Storfjordens venner mottar EU-pris for kulturarv

Fjordgard i Storfjorden. Foto: Storfjordens Venner

Fjordgard i Storfjorden. Foto: Storfjordens Venner

EUs høgste utmerking for kulturarv går i 2016 til Storfjordens Venner. Vinnaren får Europa Nostra-prisen på grunn av ekstraordinær innsats innanfor blant anna konservering, forsking og kunnskapsdeling.

EU og organisasjonen Europa Nostra har offentleggjort vinnarane av EUs kulturminnepris 2016. Som einaste prisvinnar frå Noreg, er Storfjordens Venner tildelt EUs kulturminnepris Europa Nostra 2016. Dette er den mest prestisjetunge prisen innanfor kulturminnearbeid i Europa. Foreininga får prisen i kategorien "spesiell innsats". Det er i alt 28 ulike prisvinnarar i ulike kategoriar, frå 16 land. 187 prosjekt var nominerte til prisen.

Stort engasjement gjennom 41 år

I juryen si grunngjeving for å tildele prisen til foreininga heiter det m.a. "Storfjordens Venner sitt engasjement over lang tid for å ta vare på kulturlandskapet og den verneverdige lokale arkitekturen har gjort foreininga veldig fortent til denne EU-prisen." Juryen er "imponert over den store entusiasmen for å ta vare på bygningane, noko som vises gjennom deira store innsats for området". Prisen vert utdelt ved ei stor markering i Madrid 24. mai. Der vil representantar for Storfjordens Venner vere til stades. I tillegg vert det ei lokal markering, truleg i Geiranger i september.

- Prisen viser at det arbeidet og innsatsen som Storfjordens Venner har lagt ned i foreininga si 41-årige historie vert lagt merke til og verdsett også internasjonalt. Kulturrådet gratulerer Storfjordens Venner med prisen og håpar han inspirerer til fortsatt arbeid for å ta vare på kulturminne i Noreg, seier Brit Holtebekk, leiar for seksjon for internasjonale og andre tverrgåande oppgåver.

Les meir om prisen på heimesidane til Storfjordens Venner

Europa Nostra

Europa Nostra-prisen er støtta av EU-programmet Kreativt Europa. Kulturrådet er norsk kontaktpunkt for Kreativt Europa.

Prisen vart stifta i 1978. Andre norske prisvinnarar er blant anna Militærhospitalet, Oslo (1984), Tyholmen, Arendal (1991), Telemarkskanalen (1994), gardsanlegget Sandbu Søre Nedre, Vågå i Gudbrandsdalen (2003) og Hovelsrud gård på Helgøya i Hedmark (2014). 

Les meir på Europa Nostra sin nettstad

Sjå pressemeldinga til Europa Nostra (pdf)