
Ny teknologi gjev nytt spelerom for kunsten. På musikkfeltet er det skipa ein krysseuropeisk verkstad for å finne nye og teknologisk avanserte løysingar for musikarar og komponistar. (23.06.09)

NOTAM - norsk senter for teknologi i musikk og kunst - har i fleire år vore med i eit europeisk nettverk som vil gjere avansert teknologi tilgjengeleg for musikarar og komponistar. Nettverket er sett saman av forskingsmiljø og musikkensemble frå Noreg, Sverige, Danmark, Frankrike, Storbritannia, Polen og Austerrike. I tillegg er Notam er BIT 20, samtidsmusikkensemblet frå Bergen, med frå Noreg. Prosjektet har fått namnet Integra, og har for andre gong fått midlar frå EUs kulturprogram. Norsk kulturråd støttar Notam med 225 000 for sin del i prosjektet.
Vi stiller daglig leiar i NOTAM, Jøran Rudi nokre spørsmål om samarbeidsprosjektet.
Kva er hovudformålet med Integra II?
- Integra II sitt hovudformål er å tinge musikk, framføre musikk og hjelpe komponistar og musikarar med å ta i bruk teknologi både i komposisjon og framføringar. Vi tar verk fram frå den teknologiske gløymeboka, og flyttar dei inn i ein teknologi som vi lagar og som ikkje vert avleggs. Publikum får sjå ei rad nye konsertar med gamle og nye verk, som har tilpassa teknologi. Slik vert det enklare for brukaren, det vil seie utøvaren, og meir tilgjengelig for publikum.
Kva slags rolle spelar NOTAM i dette samarbeidet?
- Vi gjer all programmeringa i prosjektet - alt som ligg under brukargrensesnittet. Vi har ein erfaren, særs dyktig og internasjonalt akta programmerar i Kjetil Matheussen. Vi tek også del i det overordna styringsarbeidet og er med på ei rad møter fleire stadar i Europa.
Komponistar og utøvarar frå heile Europa kjem òg hit til oss, kor vi lagar løysingar for dei. Slik blir prosjektet ein krysseuropeisk verkstad der vi bygger nettverk og lærer av kvarandre. NOTAM har også ei rolle i å hjelpe til med konsertane. Slik ser vi om vårt arbeid lukkast; om teknologien faktisk har vorte enklare å ta i bruk slik formålet er. No reiser til dømes min kollega Asbjørn Blokkum Flø til Paris for å vere med på ein konsert der.
Vil eit norsk publikum dra nytte av erfaringane de gjer dykk?
- No arbeider vi med å få teknologien på plass. Så brakar det laus med konsertar frå 2011. BIT20 framfører verka i Noreg, medan vi jobbar med teknologien. Vi vil gjere prosjektet så synleg som mogleg, og ser arbeidet vårt også som eit ledd i å halde ved lag kulturarva vår. Vi skal ikkje lenger enn ti år tilbake, til Lasse Thoresen, før vi får problem med avleggs teknologi. Nå skal vi lage teknologi som gjer at ”gamle” verk får ei trygg framtid, til beste for komponist, musikar og publikum.
Bilde: BIT20 ensemble frå Bergen fremfører Integras verk i Noreg. Foto: Line Olaisen
Prosjektbanken
Se hvilke prosjekter med norske deltakere som har fått støtte fra Kulturprogrammet og Kultur 2000 tidligere. Les mer