
Europakommisjonen i Brussel søkjer no etter kulturekspertar til å hjelpa dei i evalueringsprosessar, som søknader til Kulturprogrammet. Silje Engeness i Kultrrådet har hatt denne ekspertrolla.

Europakommisjonen i Brussel, ved Forvaltningsorganet for utdanning, audiovisuell sektor og kultur (EACEA), søkjer etter kulturekspertar til å hjelpa dei i diverse evalueringsprosessar. EACEA har behov for kontakt med kulturell ekspertise i alle europeiske land, for til dømes evaluering av søknader til Kulturprogrammet, og til anna konsultasjon i kultursektoren.
Ei kunngjering er no lysa ut. Personar som har god kjennskap til kultursektoren i sitt eige land og i Europa blir oppmoda til å sende inn informasjon til EACEA, som deretter vil oppretta ein databank med desse opplysningane. EACEA og Europakommisjonen ynskjer på denne måten å opprette ei liste over personar som kan kontaktast ved ulike behov.
Nyttig erfaring
Norske kulturaktørar har hittil hatt stort utbytte av eksperterfaring frå Brussel. Med denne nye ordninga kan effekten bli enda større. Kulturrådet sin rådgjevar Silje Engeness har sjølv røynsle frå søknadslesing i Brussel.
- Det er bra for det norske miljøet at vi får fleire slike ekspertar. Ein lærer mykje om korleis ein kan hente ut EU-midlar, seier ho.
Tidligare blei ekspertane foreslått av Kultur- og kyrkjedepartementet, og hadde eit smalare virkeområde. Ordninga med personlig påmelding gir alle kulturaktørar med prosjektrøynsle høve til sjølv å ta kontakt med Brussel. Dei ekspertane som blir valde ut får unik kjennskap til EU-program, dei får nyttig kunnskap om søknadsskriving og -evaluering, og dei får møte kollegaer frå heile Europa. Konsulentane mottar vederlag etter ein gitt tariff, i tillegg til dekking av reiser og opphald.
- Ei svært interessant røynsle, presiserar Engeness. Eg fekk godt innblikk i det som går føre seg på den europeiske kulturarenaen. Det å lese gode søknader er nyttig lærdom for korleis du sjølve bør utforme ein søknad for eigne prosjekter.
Interesserte parter frå Noreg kan søkje seg til denne lista via elektronisk påmelding. Søkjar må ha minimum fire års røynsle innan kulturfeltet for å kunne bli ekspert for Kulturprogrammet.
- Innsynet i denne ordninga tok bort mykje av mystikken rundt EU-prosjektene. Har ein ein god idé og solide samarbeidspartar, er sjansen for å få støtte absolutt til stades, oppfordrar Engeness.
Du finn meir informasjon (mellom anna på dansk) på lenken: eacea
Bilde: Silje Engeness