Hopp til innhold

Nye nettsider for Kunstløftet

Bildet viser forsida på dei nye nettsidene til Kunstløftet

Kva meiner festspeldirektør Per Boye Hansen om kunst for barn og unge? Kven og kva er "månadens vektløftar"? Og les innlegg av biletkunstnar Ane Hjort Guttu der ho reflekterer om barn og kunst. Alt dette og mykje meir på www.kunstløftet.no (23.06.09)

Kunstløftet, Kulturrådets prosjekt for å heve interessa og statusen til kunst for barn og ungdom, har fått nye nettsider. Kunstløftet  er tenkt å skulle være ei levande nettside der ein kan diskutere og halde seg oppdatert på feltet.


I 2009 vil Kulturrådet satse offensivt på omtale og kommunikasjon, om Kunstløftet spesielt og om kunst for barn og unge generelt. I denne prosessen er dei nye nettsidene eit viktig verkemiddel. Nettsidene er utvikla i samarbeid med Webverket og til å lage innhald på sidene vil det bli hyra inn skribentar som har erfaring frå feltet. I tillegg er Anette Therese Pettersen engasjert for å skrive artiklar og å utvikle innhaldet på sidene. Ho er teatervitar og journalist med erfaring frå mellom anna Dagsavisen, NRK P2, Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift og Kunstkritikk.

 

På nettsidene finn du nyhende, kommentarar/forum, kunnskapsarkiv, kritikkar og omtale frå arrangement og framsyningar i inn- og utland. Her kan ein etter kvart også lese barn og ungdoms eigne innlegg om kunst, og følgje med på Månadens Vektløftar, der renommerte kunstnarar vil bli intervjua om kunst for barn og unge.

 

Tips, kommentarar og spørsmål kan rettast til prosjektleiar Rolf Engelsen på rolf.engelsen@kulturrad.no.

 

Sjå dei nye nettsidene på www.kunstløftet.no

Siste løyvingar frå Kunstløftet finn du her.

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 07.12.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer