Hopp til innhold

Omreisande filmbuss

Filmbussen er eit møte mellom tre  filmskaparar og unge i Oppland fylke. Målsetnaden er å stimulere ungdom til å fortelja sine eigne soger på film, og å inspirere til vidare eigenutvikling. (21.06.07)

Omreisande filmbuss

Filmbussen er eit omreisande filmkurs i regi av SPEKTER, der ungdom mellom 12 og 19 år i Oppland får prøvd seg som filmskaparar. Dette skjer saman med unge profesjonelle filmfolk, som skal rettleie deltakarane på Filmbussen.

 

Kulturrådet gjev 200 000 kroner til SPEKTER, som er ein fylkeskommunal medieverkstad for unge film- og medieentusiastar i Oppland. Målet er å vera ein vegvisar, eit verktøy og ein kompetansegjevar for unge som ynskjer å bruke, produsere og tileigne seg kunnskap om dei audiovisuelle media.

 

Heile 20 av Opplands 26 kommunar er med på Filmbussen i år. I løpet av 17 stoppestader på 32 dagar vil Filmbussen besøke store delar av fylket, og produsere ei rekkje filmar av ungdom.

 

- Fyrste kursdag starta i slutten av mai, og no held vi på fram til skulestart i august, før vi så reiser ut att i haustferien. Veka etter haustferien blir det ei storstilt premiere på Ringebu, der alle filmane blir viste for alle som vil koma og sjå, seier prosjektleiar Erik Tøftestuen.

 

På filmkurset vil deltakarane jobbe gruppevis. Instruktørane går igjennom manus- og idéutvikling og fordelar roller. Deretter får dei unge ei teknisk innføring i utstyret, før dei set i gang med opptak og redigering. Til sist blir filmane vist på storskjerm.



Filmbussen er førebels den einaste i sitt slag i Noreg, og køyrer for andre gong denne sommaren. I fjor vart 36 kortfilmar produserte i løpet av få veker, og nokre av filmane vart òg vist på NRK-programmet Fabrikken.



SPEKTER jobbar med ei vidareføring av prosjektet mot andre fylke i landet, og er allereie i dialog med Trøndelagsfylka, som er interesserte i å overføre prosjektet dit.



Bilder: Filmskapande ungdom i aksjon. Foto: Mariann Bjelle.

Filmskapande ungdom

Skrevet av: Heidi Nesttun Sunde
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer