For å kunne tilby samiske og norske elevar meir kunnskap om samisk kultur og kulturuttrykk, tru og levemåte gjer Kulturrådet 100 000 kroner til ein film som dokumenterer sjøsamanes historie, og korleis det er å vera sjøsame i dag. (22.02.08)

Prosjektet blir dels forma etter kompetansemåla i kunnskapsløftet 2006 for faga duodji/kunst og handverk, språk, musikk, samfunnsfag, naturfag, KRL og mat/helse. Sluttproduktet vil bli ein serie på mist seks filmar á 15 til 20 minutt samla på éin dvd, der ein møter unge og gamle i den sjøsamiske bygda Manndalen i Kåfjord og omegn.
Opptaka startar våren 2008 og filmen vil vise oss korleis vi nyttar naturen som ressurs til mat og klede, så vel som til inspirasjon og kunst.
-Målet er å løfte sjøsamisk kunst, kultur og levemåte fram frå gløymsla, uttalar sosialantropolog Reni Wright, som er ansvarleg for filmprosjektet.
Kulturrådet har tidligare gitt 45 000 kroner til prosjektet.
Bilde: Sjøsamar på fiske. Varanger Samiske Museum