Hopp til innhold

Etniske lyddusjar

Kvenane blir ofte kalla "Det tause folket". For for å skape ei positiv historieoppleving for barn og unge med kvensk bakgrunn, satsar Kvensk Institutt - Kainun Instituutti - på installasjonar med lydtablå og lyddusjar. (27.09.07)

Etniske lyddusjar

Kvensk Institutt (Kainun Instituutti) skal i samarbeid med video- og tvproduksjonsselskapet Siivet-Grenseløse bilder etablere ein lydinstallasjon i instituttets festsal.

 

- Kvensk språk og kultur er truga, for det er få barn og unge som identifiserer seg med sin kvenske bakgrunn. Lydutstillinga er difor tenkt som eit effektivt verkemiddel for å skape ei positiv historieoppleving, forklarar Silja Skjelnes-Mattila, dagleg leiar i Kvensk Intsitutt.

Utstillinga er kalla Viskutteleminen, som er kvensk og tyder kviskring. For å høyre kviskrande stemmer må ein lytte. Difor vil dei avkle utstillinga for alt visuelt og berre vektleggje lyd. Lydinstallasjonen blir organisert som lydtablå fordelt i lokalet med avlukker og lyddusjar.

Dei i alt 12 lydsnuttane vil vere på 2-3 minutt kvar, og representerer ulike lydmiljø, som språk, salmesang, skuletime, fiske og eggsanking.

Bakteppet for utstillinga er det faktum at kvenane er i ferd med å gå inn i historiebøkene som Det tause folket; eit folk som ikkje har sagt noko og som heller ikkje har hatt noko å seie. For å motbevise dette har ein altså valt kvenanes eigne stemmer som tema - gjennom lyd.

Kvensk Institutt vart oppretta i Pyssyjoki/Børselv (Porsanger kommune) i 2006, som nasjonalt senter for revitalisering av kvensk språk etter at dette vart anerkjent som eige språk i 2005.

Kulturrådet gjev 150 000 kronar til lydutstillinga.

Sjå dei siste tildelingar fra Kulturvern.

Bilde: Kvensk Insitutt - Kainun Instituutti i Børselv. Foto: Mervi Haavisto

Skrevet av: Heidi Nesttun Sunde
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer