Hopp til innhold

Hyttetrender i Valdres

Kulturrådet har løyvd 300 000 kroner til ein tv-serie på seks episodar om norske hyttetrender i Valdres, og dei konsekvensane den storstilte hytteutbygginga får på fjellet. (27.06.08)

Hyttetrender i Valdres

Dokumentarserien vil vise nordmenns kultur og levesett i vår samtid, og vise korleis me brukar rikdommen vår. Den norske hyttedraumen har endra seg veldig dei siste tiåra. Nordmenn har mykje pengar mellom hendene og det typiske norske hyttelivet er i ferd med å få ny drakt.

 

-  Filmprosjektet tek opp svært viktige tema rundt bevaringa av kulturlandskapet i fjellheimen, og serien vil gje auka kunnskap om kultur og levesett på fjellet, seier produsent Hilde Skofteland i Skofteland Film.

 

Før var den erkenorske "hyttedraumen" ei enkel hytte på fjellet utan straum, utan vatn og med utedo - eit nøkternt liv, heilt annleis enn det livet ein lever der ein bur. No har det derimot skjedd vesentlege endringar i forhold til både talet på hytter, storleiken på hyttene og ikkje minst kravet til betre komfort og meir luksus.


Vestre Slidre er ein av seks små Valdreskommunar, og består av vakkert stølslandskap, med fjell, fiskevatn og mange småvegar. I dag er det like mange hytter i fjellkommunen som innbyggjarar - 2193 innbyggjarar i april 2007.

 

I løpet av 18 år er det blitt 1445 færre innbyggjarar, medan talet på fritidsbustader har eksplodert. Kommunen ønskjer å konkurrere med Beitostølen, Hemsedal, Tyin og Trysil, om å bli ein like attraktiv alpindestinasjon. Med nytt alpinanlegg skal kommunen trekkje til seg nye hyttefolk og pengesterke investorar som kan stimulere næringsutviklinga.

 

-  For å skildre eit bygdesamfunn og eit natur- og kulturlandskap i endring skal vi følgje bønder, grunneigarar, politikarar, handverkarar og hytteeigarar i Vestre Slidre gjennom eit år, fortel Hilde Skofteland.

 

Manus og regi er ved Kenneth Elvebakk, og planen er visning på TV2 våren 2009.

 

Bilde: Eksempel på de nye, store hyttene i Valdres. Foto: Skofteland Film.

 

Skrevet av: Heidi Nesttun Sunde
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer