Olav Gynnild har fått tilskot på 30 000 kroner til trykking av ei bok om den kvinnelege flygarpioneren Gidsken Jakobsen (1908-90) frå Narvik. Boka blir eit gjennomillustrert portrett. Jakobsen var den første kvinnelege flygaren i Noreg og ei av dei fire-fem første i Norden. (02.01.07).

På verdsbasis var ho òg ei av ytterst få som hadde eigne fly og etablerte flyselskap. Ho var eit menneske som bana vei, vart omstridt og vekte spekteret av kjensler i folk; sinne, glede, hat, håp, fortviling, frykt og humor.
Slik blir Gidsken Jakobsen ein innfallsport ikkje berre til flyging, men òg til ein epoke i norsk historie prega av sterke brytningar sosialt, økonomisk og i synet på kvinners stilling i samfunnet. Forfattaren er historikar og konservator ved Norsk Luftfartsmuseum i Bodø.
Foto: Gidsken Jacobsen. Norsk Luftfartsmuseum.