Prosjektet Mangfoldige minner skal styrke dokumentasjonen om og formidlinga av minoritetskulturar på lokalplanet i Noreg. Tiltaket er ei landsdekkjande satsing med lokale historielag og innvandrarorganisasjonar som målgrupper. (22.02.08)

Prosjektet, som blir administrert av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) går ut på innsamling, dokumentasjon og formidling av minnemateriale i samband med "nyinnvandringa" til norske lokalsamfunn i etterkrigstida.
- Lokalhistoria har favorisert den etablerte, veltilpassa og fastbuande befolkninga, og særleg den delen som har slektsrøtter i lokalsamfunnet. Med dette prosjektet, som er spesielt retta mot å produsere nytt kjeldemateriale på grunnlag av munnlege kjelder, vil det bli høve til å rette opp denne ubalansen, uttalar forskar Ola Alsvik i Norsk Lokalhistorisk institutt
Prosjektet blir realisert gjennom to delprosjekt, som vil omfatte aktørar og lokalsamfunn spreidde over heile landet.
"Vi" og "Dei andre"
- Dette delprosjektet vil stimulere historielag og innvandrarorganisasjonar i Noreg til å starte med innsamling av minnemateriale og fotografisk materiale i samband med nyinnvandringa. Noko som vil vere lærerikt ikkje berre for historielaga, men òg for lokalsamfunnet som heilskap, seier Alsvik.
Målet er å få kunnskap om korleis innvandrarar med ulik etnisk bakgrunn opplever møtet med lokalsamfunnet.
Forteljingar frå mangfolds-Noreg
Det andre delprosjektet vil fokusere på immaterielle kulturminne i innvandrarmiljøa. Målet er å samle inn og tilgjengeleggjere tradisjonsmateriale frå minoritetsmiljøa og deira møteplassar, noko som òg vil skape engasjement til å definere og å samle inn folklore i minoritetsmiljøa.
- Kva slag songar, sagn, forteljingar og dikt blir haldne i live i utkantane av det norske majoritetssamfunnet? Og ved migrasjon - kva tradisjonar overlever, eller kanskje det oppstår noko heilt nytt, seier Ola Alsvik.
Prosjektet blir skipa i lys av Mangfaldsåret 2008, og er eit samarbeid mellom Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), Norsk Folkeminnelag (NFL) og Landslaget for lokalhistorie (LLH).
Kulturrådet gir 600 000 kroner til prosjektet.