Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Prosjekttilskot

 

Formål
Norsk kulturråds generelle mål på området kulturvern er å verne kulturarv i Noreg og gjere kulturverdiane betre kjent og tilgjengeleg for flest mogleg. Kulturrådet skal stimulere til prosjektbasert arbeid med bevaring, dokumentasjon og formidling av materiale som utgjer grunnlaget for auka kunnskap om kultur og levesett i Noreg.

 

Kulturrådet har gjennom ei årrekkje lagt vekt på å støtte tiltak på område i kulturvernarbeidet som trer fram som forsømte, eller der det er avdekt spesielle behov. Dei siste åra er prosjekt relatert til kulturelt mangfald og dokumentasjon og formidling av vår samtid og nære fortid blitt særleg prioritert. Desse tema får stor merksemd også i Kulturrådets strategiplan for perioden 2011-2014.

 

Kven kan søkje?
Hovudtyngda av Kulturrådets tilskot til eksterne prosjekt gjeld særleg innsamling/dokumentasjon og formidling, men det blir òg gitt støtte til konkret arbeid med bevaring og fysisk sikring.

 

Kulturrådet har gjennom ei årrekkje gitt støtte til ekstraordinære tiltak ved dei kulturhistoriske musea i Noreg. Etter vedtak i Stortinget vart denne ordninga avvikla med verknad frå og med budsjettåret 2007, og omdisponert til musea som inngår i det nasjonale museumsnettverket. I tråd med signala i Statsbudsjettet, skal museum som inngår i dette nettverket ikkje søkje Norsk kulturråd om prosjektstøtte.

 

I lys av nemnde Stortingsvedtak, er Kulturrådet si avsetning til kulturvern med verknad frå og med 2007 nytta til kulturvernprosjekt i regi av kulturvernaktørar som ikkje er del av det nasjonale museumsnettverket. Samiske museum og museumseiningar som ikkje er konsoliderte kan såleis framleis søkje om prosjektstøtte. I tillegg opnar Kulturrådet for prosjektsøknader frå institusjonar og aktørar som arkiv, bibliotek,

frivillege lag og organisasjonar, filmprodusentar, kommunar, fylkeskommunar og privatpersonar.

 

Kulturrådet kan òg vurdere støtte trykking av fagbøker av nasjonal interesse. Merk at det er forlaget som skal stå som søkjar, og at det må leggjast ved både trykkjeklart manuskript og eit særskilt skjema (sjå nedanfor). Det blir ikkje gitt støtte til forfattarar til utarbeiding av manuskript eller manusførebuande arbeid.

 

Søknadsfristar: 1. mars, 1. juni, 1. september og 1. desember

 

Krav til søknader
Søknaden skal sendast som brev til Kulturrådet før prosjektet er starta. Den må innehalde følgjande opplysningar:

  • kven som er ansvarleg for planlegging, økonomi og gjennomføring
  • prosjektskisse, med bakgrunn for og formål med tiltaket
  • framdriftsplan
  • budsjett og finansieringsplan
  • søknadssum

Øvre grense for tilskot på kulturvern er vanlegvis ein tredel av totalkostnaden, og rådet stiller normalt krav om lokal finansiering. Det er ein føresetnad at prosjekta har ei solid fagleg forankring.

 

Faglitteratur – eige skjema

Ved søknader om støtte til trykking av fagbøker skal forlag/utgjevar leggje ved trykkjeklart manus og særskilt skjema:

 

Faglitteratur kulturvern.bokmål.doc 
Faglitteratur kulturvern.bokmål.pdf
Faglitteratur kulturvern.nynorsk.doc  
Faglitteratur kulturvern.nynorsk.pdf 

Vurdering av søknader
I vurderinga av søknader under Kulturvern blir det vist til hovudsatsingsområda i strategiplanen for 2011-2014, og til særskilt prioriterte emne i aktuelle årsplanar.

 

Kvar enkelt søknad på området blir vurdert i forhold til kulturvernfagleg forankring og relevans i forhold til aktuelle satsingsområde og handlingsplanar. Enkeltsøknader blir dessutan vurdert i forhold til den totale søknadsmengda.

 

Ei rekkje faktorar og kriterier ligg samla til grunn for tildeling av prosjektstøtte. Mellom desse kan nemnast:

  • tiltakets kulturvernfaglege profil
  • relevans for satsingsområda
  • tematisk orientering
  • gjennomføringsevne
  • budsjett og finansiering

Tiltak som ikkje kan få stønad

  • prosjekt i institusjonar som inngår i det nasjonale museumsnettverket
  • ordinær drift av institusjonar og organisasjonar
  • restaurering og antikvarisk istandsetting av verneverdige og freda bygningar og anlegg
  • utarbeiding av manus og manusførebuande arbeid
  • trykkjestøtte til bøker som alt er utgitt
  • trykking av bygdebøker og gards-/ættesoger
  • konferansar, seminar og kurs og liknande, med mindre Kulturrådet er tilskipar eller temaet fell inn under område som rådet prioriterer
  • dekking av underskot
  • årvisse tiltak
  • reiseverksemd
  • formidling av norsk kultur i utlandet
  • student- og utdanningstiltak
  • stipend

Behandling av søknader
Kulturvernrelaterte søknader til Norsk kulturråd blir først gjennomgått av administrasjonen, og blir så behandla i Fagleg utval for kulturvern. Kultuvernutvalet legg fram tilråding for rådet, som fattar vedtak i saken. Utvalet er delegert vedtaksmyndigheit etter eigne reglar, og har vanlegvis møter i mars, mai, august og november.

Norsk kulturråd har vanlegvis fire møter i året der søknader blir behandla. Aktuelle fristar i løpet av eit budsjettår er 1. desember, 1. mars, 1. juni og 1. september.

 

Sist oppdatert: 05.12.11

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer