Med filmen Roser, liljer og blues vil regissør Lene Løtvedt forsøke å kome bak det noko stereotype og romantiske overflatebiletet av folkekunsten og undervegs har ho også funne ei kopling mellom rosemåling frå Os og bluestradisjonen. (22.06.10)
Filmen som har fått arbeidstittelen Roser, liljer og blues har som tema eit nærbilete av dei sentrale målarane på den norske vestkysten, i bygdene Os og Fusa. Desse målarane ved Bjørnefjorden representerer ein av seintradisjonane i folkekunsten i Europa, i overgangen frå prospektmålarane på 1800-talet og romantikkens landskapskunst til det moderne samfunnet, der fotografiet overtar som medium.
Ole Bull og Annanias Tveit
Eit kulturmøte på Lysøen i 1873 mellom Ole Bull og Annanias Tveit får eit særskilt fokus i filmen. I 1872 kjøpte Ole Bull erverdige Lysøy i Os og bygde sin kjente villa der. Ole Bull var levande oppteken av dei folkelege kulturtradisjonane, ikkje berre folkemusikken. Då Lysøen var ferdig bygd, tilkalla han målarmeisteren, Annanias Tveit (1847 -1924) frå Os. Han var samstundes ein dugande rosemålar; ein av dei mest sentrale mellom Osmålarane i andre halvdel av 1800-talet. Han utvikla Osstilen til sitt høgdepunkt, med fargerike roser og arkitektur på lys botn. Då han var ferdig på Lysøen, tok han motivet av den maleriske villaen med seg og brukte det på sine fargeglade kister; ein sjeldsynt kontakt mellom nasjonalromantikken og det folkelege kulturmiljøet.

Motiv frå ei kiste frå Vindenes i Fusa, med motiv frå Lysøen, måla i 1877 av Annanias Tveit.
Under Vestlandske Husflidslags 75-årsjubileum i 1971 deltok Annanias Tveit sin svigerson, Peder Rød (f. 1878), med demonstrasjonar av roser og liljer på kister og skrin under jubileumsutstillinga. Rød var den siste i ein tradisjon av målarmeistrar og rosemålarar som representerte den karakteristiske og blomsterrike Osstilen.
Og det er nettopp gamle opptak av Peder Rød som er det sentrale materiale i filmen, fortel filmskapar Lene Løtvedt.
- Det heile kom i gang då min far Jan Alfred Løtvedt ein gong på 60-talet blei oppringt av professor i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen Nils Georg Brekke, som ønska å filme nokon av dei siste attlevande rosemålarane, fortel Løtvedt.
Gamalt og nytt
Optaka er no henta fram igjen og vil vere mykje av grunnlaget for dokumentarfilmen. Nærbileta av den gamle rosemålaren i arbeid vil bli kryssklipt med bilete av norsk natur, rosemåling frå både Os og Fusa og frå Dalerna i Sverige samt arbeid fra Ole Bulls praktvilla på Lysøen utafor Bergen.
Opptaka vert satt i gang allereie i slutten av juni og Lene Løtvedt håper at filmen er premiereklar til åpninga av Oseana, det nye kultursenteret i Os, våren 2011.
Men dette vil ikkje bli ein film som berre skuar bakover i tid, fortel Løtvedt.
- Filmen vil òg leggje vekt på komparative perspektiv, dels for å prøve å kome bak det noko stereotype og romantiske overflatebiletet av folkekunsten, fortell Løtvedt.
Mellom anna vil ein samanlikne folkemusikken og folkekunsten som kulturuttrykk, og det er her Løtvedt kom bort i koplinga til bluesmusikken.
Ho kom i kontakt med kunstnaren Bjørn Finne frå Bergen som både driv med rosemåling og spelar blues.
- Det blir veldig spanande å forsøke å få fram dei koplingane vi har funne mellom rosemåling og bluesen seier Løtvedt som gler seg til å vise fram den tradisjonelle og folkelege historia om målarane frå Os i eit moderne filmgrep.
Bilder: Rosemålarverkstaden til Annanias Tveit, 1907 Foto: G. Berg
Motiv frå ei kiste frå Vindenes i Fusa, med motiv frå Lysøen, måla i 1877 av Annanias Tveit.