Vurderingsutvalet for sakprosa legg i eit notat fram si erfaring frå arbeidet i utvalet, i prøveperioden 2005-2008. Utvalet har vurdert nærare 1000 søknader om innkjøp dei siste fire åra, og i underkant av 180 titlar har vore kjøpt inn. (20.03.09)

Utvalet har bestått av Aslaug Nyrnes, Stig Sæterbakken, Sindre Hovdenakk og Eli Randmo, pluss varamedlem Camilla Stoltenberg. Dei har vore med og etablere ordninga, som frå 2009 er gjort permanent.
Sakprosaordninga er ei selektiv ordning, og det vil seie at vurderingsutvalet har hatt gitte budsjett og rammar å handle innanfor. Retningslinene for innkjøpsordninga er formulerte i ein samarbeidsavtale mellom Norsk kulturråd, Den norske Forleggerforening, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og ABM-utvikling (lenke).
Ordninga, som fram til 2008 har hatt ei årlig økonomisk ramme på ti millionar kroner, har stimulert til ordskifte om ny norsk sakprosa.
- Dette er ei ordning som skal stø og stimulera sakprosaen. Utvalet har prøvd å balansera mellom breidde og kvalitet i innkjøpa, skriv utvalet i notatet.
I Statsbudsjettet for 2009 blei ein permanent innkjøpsordning for sakprosa slått fast, og avtalepartane er i desse dagar i ferd med å forhandla fram ein revidert avtale.
Retningslinjer for innkjøp av sakprosa (Sakprosaavtalen).
Her kan du leses notatet (lenke) frå Vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa 2005 - 2008.
Informasjonsmøte om innkjøpsordningen for ny norsk sakprosa 15. april