Hopp til innhold

Hardangers store søner

I år er det 100 år sidan både komponisten Geirr Tveitt og diktaren Olav H. Hauge blei fødde. Dette blir markert med fleire prosjekt som Kulturrådet støttar. (23.04.08)

Hardangers store søner

Det Norske Samlaget markerer Tveitt-jubileet med å gje ut ei revidert utgåve av Reidar Storaas sin biografi om Geirr Tveitt, med tittelen Mellom triumf og tragedie. Kulturrådet løyver 66 000 kr i produksjonsstøtte.

 

Plateselskapet Simax nyttar høve til å gje ut ei innspeling med fire kammermusikalske verk av Tveitt. Kammermusikken er ikkje like kjend som orkesterverka og songane, og dei fire verka "Frå ei reisedagbok", "Husguden", "Jonsokk-kvelden" og "Septett" er ikkje spelte inn tidlegare. Tor Johan Bøen er musialsk leiar for prosjektet, som mottar kr 130 000 frå Norsk kulturråd. 

 

Hauge-jubileet stimulerer til fleire bokutgivingar som mottar støtte. I samarbeid med Bodil Cappelen gjev Samlaget ut 14 av Hauge sine dikt i ei illustrert bok med born som målgruppe. Boka har tittelen Når tussalussi kviskrar. Same forlag har óg fått støtte til å gje ut Hauge sine Dikt i samling i billigbokutgåve for fyrste gong. Folkemusikaren Unni Løvlid har fått støtte til ein produksjon bestilt av Dei Nynorske Festspela, som skal ta utgangspunkt i tekstar av Hauge, med særskild vekt på diktaren si interesse for japansk, kinesisk og amerikansk lyrikk.

 

Olav H Hauge


Olav H. Hauge
Foto: poetrydispatch

 

Geirr Tveitt
Geirr Tveitt
Foto: MIC

 

Eitt prosjekt tar opp i seg både Hauge og Tveitt-jubileet. Musikkverkstaden Drivhuset i Oslo har fått midlar til å gjennomføra kreative, tverrfaglege verkstader for elevar på mellom- og ungdomstrinnet. Sitat og referansar frå kunstnarlege uttrykk av Hauge og Tveitt skal vera utgangspunkt for arbeidet.

 

 

 

Sjå dei siste tildelingane frå Kulturrådet

Skrevet av: Arne Vestbø
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer