Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Innkjøp av ny norsk sakprosa

 

VIKTIG INFORMASJON:
Søknadsskjema kan sendast inn elektronisk til post@kulturrad.no. Forlaget sender som vedlegg til e-post kvart skjema som eigen fil i pdf- eller doc-format så snart som mogleg innanfor det kalenderåret boka kjem ut. Bøkene skal framleis sendast direkte til vurderingsutvalet når dei er ferdige.

Vi bed om at søknaden blir sendt enten elektronisk eller med vanlig post, ikkje begge deler.

  

Mål

Ordninga skal sikre utgivingar av ny norsk sakprosa og gi eit tilbod til lånarane i folkebiblioteka.


Kva kan det søkjast innkjøp for?

Ordninga gjeld sakprosabøker i ein essayistisk, forteljande, resonnerande eller argumenterande form, skreve av éin eller fleire forfattarar og for eit allment publikum.

Bøkene skal ha språklege, litterære, innhalds- og formidlingsmessige kvalitetar og retta seg mot eit allment publikum.

Ordninga omfattar normalt ikkje:

a)      hobbybøker, vitsebøker, spørjebøker, håndbøker eller andre formar for bruksprosa
b)      oppslagsbøker, leksikalske verk og referanseverk
c)       årbøker, lokalhistoriske årbøker eller andre bøker berekna på eit lokalt publikum
d)      skule- og lærebøker
e)      vitskapelige avhandlingar, forskningsrapportar og utredningar
f)        profesjons- eller bransjeorienterte bøker

Kvar bok blir kjøpt inn i 1000 eksemplar til folkebiblioteka. I dokumentet "Orientering om innkjøpte bøker" er det viktig informasjon om prisfastsetting og forlaget sine pliktar ved innkjøp. Sjå elles retningslinene og søknadsskjema nederst på sida.

  

Søknadsfristar: 1. mars, 15. mai, 1. september, 15. oktober og 1. desember

 

Søknadsskjema skal sendast inn så snart råd er, med oppgitt utgivingsdato. Når ferdig bok ligg føre, skal ho sendast til Norsk kulturråd og til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet til den nærmaste søknadsfristen. Eigne reglar gjeld for siste søknadsfrist.

  

Kor skal søknad og bøker sendast?

 

Utfylt søknadsskjema kan sendast snarast til post@kulturrad.no. Når boka er ferdig, skal eitt eksemplar sendast til Norsk kulturråd, Litteraturseksjonen, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo innan nærmaste søknadsfrist. Eitt eksemplar av kvar bok skal også sendast til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet:


 

Dag Gjestland
UiO:200
Postboks 1072
0316 Oslo

Eline Blom Poulsson
Asker bibliotek
Postboks 370
1372 Asker

Sissel Høisæter
HSH
Klingenbergveien 8
5414 Stord

Camilla Stoltenberg
Krokusveien 6
0875 Oslo

Bøker påmeldt til fjerde og femte pulje 2011 må også sendes til vurderingsutvalgets  varamedlem Kjell Lars Berge, som vil  delta i behandlingen.

Kjell Lars Berge
Institutt for lingvistiske og nordiske studier Universitetet i Oslo
Postboks 1102 Blindern
0317 Oslo

NB! Bokpakkane må merkast med ”Sakprosa – Norsk kulturråd”

 

Søknadsskjema

 

Søknadsskjema sakprosa bokmål.docx
Søknadsskjema sakprosa nynorsk.docx

 

Søknadsskjema sakprosa bokmål.pdfx
Søknadsskjema sakprosa nynorsk.pdfx
 

 

Avtale

 

Sakprosaavtale 2009.pdf

 

 

 Sist oppdatert: 05.10.11



 

 

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer