Hopp til innhold

Tidsskrift - produksjonsstøtte

 

(NB! Kulturrådet har no opna for at nettidsskrift kan søkje om støtte. Sjå retningslinene under.)

 

Mål

Ordninga skal bidra til at det finst eit breidt tilbod av kulturtidsskrift som vil nå eit allment publikum med informasjon om og refleksjon over kultur- og samfunnsspørsmål.

Hovudkriterier for støtte 

  • Grunnlaget for løyvingane er ei brei fagleg vurdering av tidsskriftet si redaksjonelle verksemd og prioriterte stoffområde.
  • Både tidsskrift på nett og tidsskrift på papir kan søkje om tilskott.
  • Tidsskriftet skal kome med minst to nummer/oppdateringar i året, og tal sider skal vere meir enn 100 normalsider årleg.
  • Tidsskriftet skal bli redigert og gjeve ut i Noreg.
  • Tidsskriftet skal innehalde meir enn 75 % stoff på norsk.
  • Redaksjonelt stoff skal utgjere meir enn 75 % av samla innhald. Opne debattfora på nettet blir ikkje rekna som redaksjonelt stoff.
  • Tidsskriftet skal ta betaling for abonnement, laussal og annonser. Reine nettidskrift og studenttidsskrift er unnateke frå denne regelen.
  • Tidsskrift som blir gjeve ut av organisasjonar, skal ha minst 25 % av opplaget sitt distribuert utanfor dei interne kanalane.

 

Om søknaden

Søknad må innehalde søknadsskjema, budsjett, presentasjon av tidsskriftet og minst tre tidlegare utgåver (i fire eksemplar av kvar utgave). For søknad om oppstartsstøtte skal fyrste utgåve eller prøvetrykk til fyrste utgåve leggjast ved. 

Søknadsfristar

Søknadsfrist er 1. september året før støtteåret.

For tidsskrift som i særleg grad dekkjer Kulturrådet sine fagområder, kan det søkjast om særskild støtte til spesielle temanummer eller andre prosjekt/tiltak som inneber kostnader utover den vanlege drifta. Desse søknadene vil bli behandla under kvar einskild fagavsetning, og kan sendast inn til desse fristane: 1. mars, 1. juni, 1. september og 1. desember.

Søknadsskjema

Søknadsskjema bokmål.doc      
Søknadsskjema bokmål.pdf

Søknadsskjema nynorsk.doc       
Søknadsskjema nynorsk.pdf

Retningslinjer

Retningslinjer tidsskrift.doc
Retningslinjer tidsskrift.pdf

Informasjon og søknadsskjema for innkjøpsordninga for tidsskrift finn du her.

Sist endra: 30.08.11

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer