Hopp til innhold

Rosa spelemenn

Folkemusikar Sigrid Moldestad skriv forestilling og skal gje ut CD basert på den unike historia om alle dei kvinnelege spelemennene frå Nordfjord og Sunnmøre i tida frå 1730 til 1900. (29.03.07)
Rosa spelemenn
Sigrid Moldestad er frå Breim i Nordfjord, og har vore fasinert av kvinnelige spelemenn sia 80-talet. Det siste året har ho jobba med å finne musikk og historier om desse frie, spelande kvinnene som reid til hest, som hadde med seg born på speling og spelte seg sjølv til kyrkje.

Ho har funne eit tjuetals kvinnelige spelemannskjelder, noko som er unikt for landet for ingen andre områder kan vise til liknande. Moldestad går breitt ut og tek med kjelder og dokumentasjon av kvinnene sin plass i samfunnet generelt, for å finne svar på kvifor desse områda hadde så mange felespelande kvinner. Ein sterk kombinasjon av religiøse vekkingar, fråhaldssak og nye kvinnelige ideal gjorde at kvinnekulturen stilna av utover 1800-talet. Då sømde det seg ikkje lenger for damer å spele fele.

Arbeidstittelen er Rosa Forteljingar, og ideen hennar er å spegle det gamle mot si eiga rolle som kvinne med fele av i dag. Det rosa symboliserar det feminine og kvinnelige samstundes som verbet å rosa betyr å dekorere eller pynte på. Moldestad vil sjølv synge og spele fele.

I Rosa Forteljingar medverkar òg Tore Nysæter, instruksjon, Sigbjørn Apeland, trøorgel, Anders Hall, bratsj/feler og Jørgen Sandvik, gitar/banjo/mandolin.

Norsk kulturråd gir 50 000 kroner til prosjektet.

Bilde: Sigrid Moldestad. Foto: Silje Chantel

 

Skrevet av: Heidi Nesttun Sunde
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer