Hopp til innhold

Frå næring til kunst

Ein tidlegare bilverkstad i Kristiansand, ein spritfabrikk i Skien og ein møbelfabrikk i Lillehammer gjev arbeidsrom for kunstnarar innan skulptur, ny teknologi og glas. (23.06.09)

verkstadene

Kulturrådet har støtta tilrettelegging av fellesverkstader for kunstnarar i bygg som opphavleg har vore reist for anna verksemd - i Kristiansand, Skien og Lillehammer. Målet er at oppgradering av desse tre arenaene skal gje kunstnarar gode og tilpassa høve for sin kunstproduksjon. Fleire aktørar og faggrupper i same hus gjer at ein kan dele på utstyr og kompetanse. Og at ein saman kan drive publikumsretta aktivitetar – utstillingar og visningar, kurs og workshops.

 

Bilverkstad i Kristiansand

Skulpturverkstaden 3 Dimensjoner etablerar seg i ein gamal bilverkstad i Kristiansand. Kunstnarane Gro Suvatne Augland, Eirik Gjedrem og Kjell Molvik arbeidar med bronse, keramikk, tre, stein og komposittmateriale. Dei tre vil vere faste brukarar av lokala. I tillegg satsar dei på at gjestande kunstnarar vil arbeide der i periodar, og dei tenkjer å arrangere kurs, workshops og utstillingar. Arenaen blir nabo med det alt etablerte Myren grafikkverkstad, noko som vil gje moglegheit for samarbeidsprosjekt og fagleg utforsking på tvers av dei to kunstsjangrane. Kommunen stiller huset til disposisjon, kunstnarane legg ned dugnadsinnsats i rehabilitering av bygget, og Kulturrådet gir kr 500 000 til oppgraderinga.

 

Spritfabrikk i Skien

Etter nedlegginga av Norske skog/Union i Skien har ei rekkje IKT-bedrifter etablert seg på den gamle industritomta på Klosterøya. Gjennom samarbeid mellom kunstnarar, kunstaktørar, kommune og næringsliv satsar ein òg sterkt på kunstnararbeidsplassar og kunst og ny teknologi på området. Tretten kunstnarar er alt etablerte med arbeidsplassar i Spriten - den gamle spritfabrikken. Med støtte frå Kulturrådet skal nye areal oppgraderast slik at ein kan tilby fleire kunstnarar og kunstaktørar eit tverrkunstnarisk produksjonsrom, eit digitalt prosjektrom og ein formidlingsarena. Kulturrådet har løyvd 960 000 kroner til prosjektet, som er drive av Skien kommune.

Les meir om "Spriten" her

 

Møbelfabrikk på Lillehammer

Bildet viser lokala til kunstnarverksteden Fabrikken på Lillehammer.

På Lillehammer har ei klynge med kulturnæringsaktørar vore etablert i Fabrikken sidan 2005. Her finn ein biletkunstnarar, teaterfolk, keramikarar, musikarar, gullsmed, grafisk designarar, fotografar, filmprodusentar og arkitektar. No utvidas den gamle møbelfabrikken til også å omfatta ein glasblåsarverkstad. Tre glasblåsarar ønskjer å etablere seg i regionen, og på Fabrikken finn dei moglegheit til å kunne drive med kunstverksemda si i nærleik til andre kreative fagpersonar. For publikum vil det òg gi eit godt høve til å sjå korleis glaskunst blir til. Kulturrådet har løyva 200 000 kr til tilpassingar av lokala for glasproduksjon.

Les meir om Fabrikken her

 

Bilde 1: Spritfabrikken på Klosterøya i Skien

Bilde 2: Fabrikken på Lillehammer Foto: Henning Holmbakken

Skrevet av: Birgitte Solbu
Sist endret: 13.11.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer