Nettstaden kryss.no og Statsbygg gjentek suksessen frå 2007 og arrangerar ein brei konferanse med framifrå innleiarar frå inn- og utland. Fortid for fremtiden. Kulturarv i by og stedsutvikling er tittelen på konferansen i år. Fortsett nokre plassar ledige! (13.11.09)
Kryss-konferansen finn stad på Parkteateret i Oslo fredag 27. november kl 09:00-16:00. All informasjon om program, tidsplan, innleiarar og påmelding finn ein på www.kryss.no.
På konferansen vil ein kaste lys over og skape debatt kring kulturarv som ein viktig del i planlegging og utvikling av byar og tettstadar. Kva slags syn på kulturarv legg ein til grunn, og korleis påverkar dette identiteten til ein stad? Korleis brukar vi om att fortida og gjer ho aktuell for framtida? Korleis kan ein jobbe kreativt og tverrfagleg med kulturarv? Korleis kan ein trekke kulturmiljø i ulike grupper med i planlegginga? Spørsmåla vil bli drøfta frå mange faglege synsvinklar av innleiarane Anders Johansson frå Testbedstudio (SE), museumssjef Poul Sverrild (DK), etnolog Søren Møller Christensen (DK), sosiolog Henrik Dahl (DK), arkitektane Anne Tietjen (DK) og Kristin Gustavsen (NO), arkeolog Carsten Paludan-Müller (NO), kunsthistorikar Svava Riesto (NO), utviklingsprosjektleiar Randi Thorsen (NO), dansar og koreograf Margrethe Lüthje Kvalbein (NO), og forfattarane Marit Eikemo og Frode Grytten (NO).
Kvelden før konferansen blir det ei kulturell opptakt på Romsås – med ingrediensar som musikk, nysirkus, dans, film og mat. I fleire av nærsentra i Grorudalen flytter dei kommersielle aktørane ut, og gir utfordringar i samband med kva bygga skal fyllast med i framtida. Opplev korleis kultur kan gje sentra ny meining – sjå meir informasjon og påmelding på www.kryss.no.
Kryss.no er ein nettstad om kulturplanlegging, lansert i 2004. Kulturrådet sit i det tverrfaglege redaksjonsrådet for kryss.no, saman med representantar for Statsbygg, Kulturdepartementet, Husbanken, Arkitekthøgskolen, og Narvik og Odda kommune.
Foto: Fasaden på Parkteateret Scene i Oslo.