Forskning

Norsk kulturråds historie

Forskningsprosjekt

Kulturrådets historie 1965-2015

Kulturrådets første direktør Ingeborg Lyche og rådsformann, ekspedisjonssjef Leif J. Wilhelmsen, på direktørens nye kontor i Colbjørnsens gate 1966.

Kulturrådets første direktør Ingeborg Lyche og rådsformann, ekspedisjonssjef Leif J. Wilhelmsen, på direktørens nye kontor i Colbjørnsens gate 1966.

I 2015 var det 50 år sidan Norsk kulturråd blei etablert. På den bakgrunn vert det satt i gang eit forskings­prosjekt om Kulturrådets historie. Prosjektet resulterte i eit illustrert bokverk som inneheld ei samla framstelling av Kulturrådets verksemd og rolle i perioden.

Opprettinga av Norsk kulturråd er truleg det viktigaste einskildvedtaket i norsk kulturpolitikk i det førre hundreåret. Det etablerte ein prinsipielt ny situasjon i kulturlivet, det auka kulturproduksjonen og -konsumpsjonen radikalt og det skapte eit nytt kulturpolitisk forvaltingsnivå.

Spennet mellom politisk styring og autonomi, spennet mellom instrumentelle omsyn som demokratisk tilgjenge til kunst og ikkje-instrumentelle omsyn og spennet mellom høgkultur og lågkultur, vil vere gjennomgåande problemstillingar.

Målet er at forskings­prosjektet skal bidra til kunnskapsdanninga om norsk kulturpolitikk og Kulturrådets rolle i denne.

Sjå meir om boka Eit eige rom - Norsk kulturråd 1965 - 2015 av Alfred Fidjestøl.

Bokkomiteens medlemmer

Anne Aasheim, Ellen Aslaksen, Mari Finnes, Ottar Grepstad og Helge Jordheim.