Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Ny bok om lokalt kulturliv

Bygder og byar satsar i aukande grad på kultur. Kva blir kultur brukt til? Og kva gjer denne interessa og bruken med innhaldet i det lokale kulturlivet? (13.11.09)

Ny bok om lokalt kulturliv

Kulturlivet skal skape trivsel og fellesskap for dei som bur der og ”sette staden på kartet”, så fleire får lyst til å kome dit. Den nye boka Lokalt kulturliv i endring handlar om kva som ligg bak denne nye interessa for kultur.

 

Tek pulsen på Kultur-Noreg

 

Boka presenterar nærstudiar av kulturlivet i tre norske lokalsamfunn: Drammen, Storås og Kirkenes. Boka viser korleis kultur blir brukt for å skape nye forteljingar om desse stadene. På same tid gir boka generell kunnskap. Boka kastar lys over festivalbølgja og viser korleis kultursatsing fungerar som eit svar på avindustrialiseringa i norske lokalsamfunn.

 

Boka Lokalt kulturliv i endring tek pulsen på det lokale Kultur-Noreg. Her møter du kulturfrelste ordførarar, mediakåte kulturarrangørar, kortidsfrivillige festivalhjelparar, grenseoverskridande samtidskunstnarar, nokre skeptiske bygdefolk, - og begeistra og kritiske forskarar.

 

Lanserast på årskonferansenBildet viser forsida på rapporten Lokalt kulturliv i endring

 

Olaf Aagedal, Helene Egeland og Mariann Villa har skrive boka som byggjer på eit forskingsprosjekt finansiert av Norsk Kulturråd. Forskingsprosjektet er gjennomført av forskingsavdelinga ved Diakonhjemmet Høgskole og Norsk senter for bygdeforsking. Boka lanserast på Kulturrådets årskonferanse i Arendal 18.-19. november 2009. Over 300 deltakarar har nå meldt at dei kjem til Arendal kulturhus.

 

Last ned boka (pdf) 

Les meir om årskonferansen.

 

Foto: Framsida på boka Lokalt kulturliv i endring (Fagbokforlaget).

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 13.11.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer