Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Seminar og rapport

Kulturrådet har lansert ein rapport om Kunstnarar med innvandrarbakgrunn og inviterte i det høvet til seminar om temaet på Litteraturhuset i midten av juni. (23.06.09)

seminaret


Kulturrådet har gitt ut rapporten Arbeidsvilkår blant kunstnere med innvandrerbakgrunn, som er ei forstudie i eit større kunnskapsprosjekt, sett i gong av Norsk kulturråd. Forstudia er skrive av samfunnsgeograf Helene Egeland og er basert på intervju med kunstnarar og kulturarbeidarar på litteratur- og dansefeltet.


11. juni inviterte Kulturrådet til seminar på Litteraturhuset for å diskutere rapporten og for å få fleire innspel i arbeidet vidare med temaet.
Forskar og forfattar av rapporten Helene Egeland innleia og fekk tilbakemeldingar frå Scenekunstnar og kriminolog Lavleen Kaur og dagleg leiar for stiftelsen Horisont Khalid Salimi. Dansaren Thamilini Sivalingam sto for det kunstnarlege innslaget og Sigrid Røyseng frå Norsk kulturråd var ordstyrar.

 

Bildet viser debattpanelet under seminaret. Frå venstre:Helene Egeland,  Lavleen Kaur, Khalid Salimi og Sigrid Røyseng

 

Rapporten rettar særleg merksemd mot følgjande spørsmål:
• Kva for fordelar og ulemper gjer innvandrarbakgrunn for kunstnarar som vil etablere seg i Noreg?
• Kva for rolle speler ulike forståingar av kvalitet for innvandrarkunstnaranes moglegheiter i det norske kunstfeltet?
• Bidreg den tiltakande hybridiseringa av kunstuttrykka til å styrkje innvandrarkunstnaranes moglegheiter?

 

Last ned rapporten her

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 23.06.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer